Jobb står for aukande del av studentinntektene
I 2019 tente norske studentar i snitt 9.950 i månaden frå betalt arbeid, noko som utgjer 53 prosent av dei samla inntektene, ifølgje Statistisk sentralbyrå.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jobbinntekter stod for 45 prosent av dei samla inntektene til studentar i 2016, medan det i 2019 stod for 53 prosent.
– Dette tyder på at studentar i aukande grad ser behov for å spe på inntektene sine ved å jobbe meir ved sida av studiane, både i Noreg og i land vi gjerne samanliknar oss med, seier seniorrådgivar Anna-Lena Keute i SSB.
I Finland, Polen og på Island har òg jobbinntektene til studentane gått frå å utgjere rundt 40 prosent av inntektene til over halvparten i same periode.
Tala viser òg at studentane bruker meir tid på å jobbe enn før. I 2019 jobba studentar i Noreg i snitt 13,7 timar i veka, opp frå 12 timar i 2016.
NSO: – No må politikarane levere!

Tuva Todnem Lund er leiar av Norsk Studentorganisasjon. Foto: Ruben Rygh
Leiar av Norsk studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund, meiner tala stadfestar at dagens studiestøtte er altfor låg.
– Studentar skal ikkje måtte nedprioritere studia for å få økonomien til å gå rundt. Vi forventar at den nye regjeringa aukar studiestøtta og knyter ho til 1.5 G. Vi studentar treng gode, føreseielege økonomiske rammer. Forventningane til den nye regjeringa er skyhøge – no må politikarane levere! seier ho til NTB.