SV vil gi studentane 2000 kroner meir i månaden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Studentane har levd i årevis på altfor, altfor lite pengar. Det må vi gjere noko med, seier utdanningspolitisk talsperson for SV Freddy Øvstegård til NTB.

SV er i full sving med å snikre det alternative statsbudsjettet sitt, som dannar grunnlaget for budsjettforhandlingane med regjeringa. Øvstegård kan fortelje at partiet går inn for å auke studiestøtta til 1,4 G i budsjettet sitt.

Det betyr at studentane vil få 14 188 kroner i månaden i basislån, eller 156 068 kroner i året. Det er 27 181 kroner meir i året og 2 471 kroner meir i månaden dei elleve månadene støtta blir utbetalt.

Meir tid på studium

– Det alternative budsjettet vårt er grunnlaget for forhandlingane og eit viktig signal om kva vi ønskjer å prioritere. Utover det kjem eg ikkje til å kommentere kva som skjer i forhandlingsrommet, verken på dette eller andre saksfelt, seier Øvstegård.

På sikt ønskjer SV at studiestøtta skal aukast til 2G.

– Det betyr at studentane kan bruke meir tid på studium, fordi mindre tid går med til jobb. Då får vi godt utdanna og kvalifiserte arbeidstakarar i framtida, som vi treng fleire av, seier Øvstegård.

Regjeringa har i budsjettet sitt føreslått ei studiestøtte på 11.717 kroner i månaden i basislån neste år, noko som svarer til 128 887 kroner i året. Dette inneber ein auke på 85,3 millionar kroner frå i år, men auken er lågare enn den venta prisveksten.


illustrasjon med ein ung mann og pengar.

FRÅ SMÅTT TIL STORT: Det er mange forskjellige ting i statsbudsjettet som kjem til å påverke økonomien din. Illustrasjon: Canva.com