«Kanskje Equinor rett og slett har teke til fornuft?»

Ulrikke Torgersen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Eg vakna opp til tidenes gladnyheit. Verdas nordlegaste oljefelt skal utsetjast – eg trur det vert skrinlagt. Det er fantastiske nyheiter for klima, naturen og økonomien vår.

I debatten kring norsk oljepolitikk har eg den siste tida observert fleire politikarar frå Høgre kopiere retorikken til oljelobbyen. Innlegget til Johannes Banggren frå Høyres Studenterforening er ikkje noko unntak.

Det er rett og slett påfallande at ekkokammeret i Høyres Studenterforening lek når Banggren omtalar det som kan verte verdas nordlegaste oljefelt for eit «viktig klimaprosjekt».

Har ikkje plass til nye oljefelt

Verda har ikkje plass til fleire nye oljefelt om vi skal klare å nå klimamåla våre. Legg vi til grunn at verda skal nå dei (som eg berre er nøydd til å håpe at Banggren og Høyres Studenterforening gjer) vil ein fort sjå at retorikken til Banggren er urimeleg.

Wisting-feltet ville i seg sjølv bidrege med klimagassutslepp tilsvarande 50 kolkraftverk. Og med denne utsetjinga spøker det no for dei nye oljefelta Banggren drøymde om skulle kome saman med ei utbygging av fossil infrastruktur nord i Barentshavet.

Kanskje Equinor rett og slett også har teke til fornuft?

Miljødirektoratet kom for nokre dagar sidan med nok ei åtvaring om mangelfull konsekvensutgreiing for Wisting-feltet. Dei peikte på at dette er eit område med «særskilde utfordringar», og peikte på at området kor feltet skal ligge har verdas høgaste tettleik av sjøfuglar og ligg nære iskanten.

Tek vi WWF sin nye rapport i betraktning om at heile 69 prosent av alle artar har vorte tapt sidan 1970, ville dei fleste kanskje argumentert for at føre-var-prinsippet nedfelt i grunnlova, er ganske viktig i dette tilfellet.

Equinor argumenterer for at dette er ei rein økonomisk avgjerd, men eg tillèt meg å spekulere saman med kommentator i NRK, om at det massive presset frå miljørørsla har gjeve Equinor omdømme-problem. Kanskje Equinor rett og slett også har teke til fornuft? 

Naivt

Eit av Banggren sine viktigaste argument for auka fossil infrastruktur i nord er kor lønnsamt det kjem til å verte. Legg vi nok ein gong til grunn at verda skal ha nådd klimamåla sine, vil vi mest truleg stå overfor store oljeprisfall, både før og etter netto null. Tapa vil dermed ikkje berre verte store for klima og natur ved auka fossile investeringar, men også verte svært markante for økonomien vår.

I tillegg er det viktig å nemne at når det gjeld Wisting-prosjektet har Equinor framleis ikkje offentleggjort nokon balansepris, men berre vurdert noverdien av prosjektet, som er det eg antek at Banggren viser til når han ramsar opp milliardane.

Å basere seg på noverdien i ei verd som endrar seg raskt, meiner eg er nokså naivt av Banggren: klimaendringane eskalerer, klimamål vert skjerpa og omstillinga vekk frå fossilt går fort i Europa, som er vår største marknad.

Det som faktisk er interessant og relevant er lønnsemda av Wisting i eit samfunnsøkonomisk perspektiv i lys av alt det, men det har ikkje vorte presentert.

Norsk olje er ikkje eit sikkerheitstiltak

Så vil eg gjerne minne Banggren om at Wisting-feltet ikkje ville vore lønnsamt i det heile teke, hadde det ikkje vore for den sjenerøse oljeskattpakka. Ho er sponsa av deg og meg, skattebetalarane, som tek heile 90 prosent av risikoen om feltet vert bygd ut. Skattebetalarane vil dermed sitje med 90 prosent av tapet når Noreg og Banggren står igjen som siste seljar på torget i ei verd som skal vere utsleppsfri.

Så er det heilt rett at den framtidige energimiksen vil innehalde noko olje, kol og gass. Banggren burde likevel forstå at å opne heilt nye felt, som skal produsere i tiår etter at verda skal ha nådd netto null, er ein ganske dårleg idé både for økonomien og for klima.

Banggren peikar vidare på at den auka kolproduksjonen i kjølvatnet av Putin sin angrepskrig er eit påskot for at Noreg bør utvide sin fossile infrastruktur – og opne Wisting. Han går til og med så langt som å fråskrive Noreg noko som helst ansvar for å kutte i sine fossile investeringar, så lenge andre land ikkje gjer det.

Det er heilt rett at verda treng meir energi. Men norsk olje er ikkje eit sikkerheitspolitisk eller solidarisk tiltak, for det er gass Europa no spør etter på kort sikt. På lang sikt skal verda vert utsleppsfri.

 «Rein» produksjon

Vidare påstår Banggren at Noreg har ingenting med dei auka utsleppa frå fossilt å gjere, så lenge det vert produsert kol i verda. Allereie i 2013 konkluderte Statistisk sentralbyrå at kutt i norsk oljeproduksjon vil føre til lågare globale utslepp. I 2018 tilrådde 10 leiande norske samfunnsøkonomar å redusere norsk oljeproduksjon av klimaomsyn, nettopp fordi redusert norsk oljeproduksjon vil føre til reduserte globale klimagassutslepp.

Historisk sett er Noreg ansvarleg for store utslepp og er per i dag éin av verdas største eksportørar av utslepp. At Banggren meiner at Noreg skal halde fram som før fordi produksjonen er «rein» vitnar om at han overser forskinga som viser at det spelar ganske stor rolle at størsteparten av utsleppa ikkje kjem frå produksjonen, men når olja vert brent.

Knut Einar Rosendahl, professor ved Handelshøyskolen ved NMBU, forklarar dette ganske godt: Totale CO₂-utslepp vil verte redusert trass i at utslepp på norsk sokkel er lågare enn i dei fleste andre land. Dette er fordi utslepp frå utvinning av olje utgjer svært lite samanlikna med utsleppa forbunde med bruk av olje.

FNs generalsekretær opna årets klimatoppmøte med å varsle at vi er på veg mot eit klimahelvete med foten på gassen. Politikarar og maktpersonar frå heile verda diskuterer no korleis vi kan intensivere handlinga.

Som eit av verdas rikaste land med gode føresetnadar for omstilling vil eg påstå det er svært underleg å argumentere for auka fossil produksjon, og samstundes legge skulda på alle andre land for å ikkje gjere det same.

Noreg har mogelegheit til å vise kva vi er gode for. Vi må byrje omstillinga no, ikkje vente på ei krasjlanding.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Avbilda er plattform Njord A, som ligg i norskehavet. Wisting-feltet er endå lenger nord, i Barentshavet, og kan bli den nordlegaste oljeplattformen i verda. Foto: Thomas Sola / Equinor