Politikk og samfunn

«Vi treng ein meir solidarisk utviklingspolitikk»

– Vi er nøydde til å auke talet kvoteflyktningar Noreg tek imot kvart år, skriv Tuva Rognås Strømmen og Tobias Schultz Vikholt.

Tuva Rognås Strømmen (19) og Tobias Schultz Vikholt (19)
Fylkesleiar for AUF i Innlandet, klima- og miljøleiar for AUF i Innlandet
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

10. oktober gjekk finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ut i Aftenposten der han åtvarar mot «for liberal innvandringspolitikk med FrP i regjering». Samstundes har regjeringa kutta i talet kvoteflyktningar frå 3000 i 2022 til 200 kvoteflyktningar i statsbudsjettet for 2025. Dette gjer regjeringa og Vedum i ei tid der fleire treng hjelpa vår.

Vi i AUF er tydelege på at vi ikkje skal gå på kompromiss med våre eigne verdiar, og meiner at vi er nøydde til å auke talet kvoteflyktningar Noreg tek imot kvart år, og gje meir pengar i bistand.

For vi lever i ei meir uroleg verd. I 2022 invaderte Russland Ukraina, og dette har skapt ein blodig krig. Kort tid etterpå eskalerte krigen mellom Israel og Hamas, og no er det fare for regional krig i Midtausten. I utgangen av 2023 var ifølgje FN 117 millionar menneske på flukt.

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) gjekk for kort tid sidan ut og åtvara om at konfliktbildet vi ser kan skape ei heilt ny flyktningkrise. Vi i AUF meiner at i ei verd der vi ser meir konflikt, krig og grufullheiter, kan vi ikkje kutte i solidariteten med dei menneska i verda som har aller minst. Regjeringa reduserer talet på kvoteflyktningar på same tid som ho ikkje når 1 prosentmålet i bistand.

Noreg, som eitt av verdas rikaste land, har eit særskilt ansvar for å gå framfor som eit døme. Signalet som blir sendt til naboane våre når vi kuttar i bistand og talet kvoteflyktningar, er farleg. Vi sender eit signal om at solidariteten stoppar ved landegrensene våre, og at verda ikkje treng hjelpa vår, sjølv om vi veit at realiteten er motsett. 

Vi som sosialdemokratar skal aldri teie når menneske treng hjelpa vår, uavhengig av kvar i verda dei er. Difor vil vi i AUF aldri teie i kampen for eit meir solidarisk bistandsbudsjett, i kampen for at Noreg skal ta imot 5000 kvoteflyktningar og i kampen for ei verd der solidariteten ikkje kjenner landegrenser. Arbeidarpartiet har alltid, og skal alltid, ha eit bankande hjarte for internasjonal solidaritet, og no er det på tide å vise at dette ikkje berre er store ord. Vi treng ein meir solidarisk utviklingspolitikk, og vi treng det no. For ingen er fri før alle er frie.