«Kjærleik er ikkje ein trussel»
I ei verd prega av krig, konflikt og svolt, så er det ikkje kjærleiken som er ein trussel, skriv Alexandra Schonhowd Sørensen.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Juni månad er ei tid for fargar, fellesskap og feiring. Det er pride, ein månad der me synleggjer skeiv kjærleik, mangfald og retten til å leva som den ein er.
Men pride handlar ikkje berre om glitter og tog. Det er også ei påminning om at kampen for rettane til skeive langt frå er over. Verken globalt eller her heime.
Vekkjer sinne og motstand
I ei verd prega av krig, konflikt og svolt, så er det ikkje kjærleiken som er ein trussel. Tvert imot er det nettopp kjærleiken me treng meir av. Likevel ser me at symbol på kjærleik, som regnbogeflagget, i aukande grad vekkjer sinne og motstand. Dei blir rivne ned, blir brende eller hetsa på nett. Kvifor er det slik?
I USA har fleire delstatar den siste tida vedteke lover som avgrensar rettane til skeive. Transpersonar blir nekta helsehjelp, og bøker i skulen blir sensurerte for å fjerna alt som handlar om kjønns- og seksualitetsmangfald.
Det blir snakka om vern av barn, men konsekvensane er at mange unge veks opp i frykt, ikkje fridom. Realiteten er at unge transpersonar og skeive veks opp i miljø der det ikkje er rom for dei i samfunnet. 1 av 3 transpersonar har prøvd å ta sitt eige liv, det er ikkje tilfeldig.

Me må ikkje bli blinde for utviklinga her heime

Noreg er stolt av openheita og likestillinga si, men me må ikkje bli blinde for utviklinga her heime. KRF stiller spørsmålsteikn ved kvifor det hengjer Pride-flagg på offentlege bygg. Kjell Ingolf Ropstad ber om «nøytralitet». Men å visa støtte til ein utsett minoritet er ikkje å ta side i ein ideologisk krig, det er å ta ansvar for å sikra at alle kjenner seg velkommen og trygg.
Samfunnsproblem
Mange skuleelevar opplever framleis mobbing for å vera skeive. Pride-flagg blir rive ned frå skular og bibliotek. I kommentarfelta haglar hatefulle ytringar. Og etter terrorangrepet 25. juni, er det mange skeive som ikkje lenger kjenner seg trygge på eigne arrangement.
Når menneske ikkje lenger kan leva som seg sjølve, så har me eit samfunnsproblem.
At eit fargerikt flagg kan vekkja så sterke kjensler, seier noko om kor langt me framleis har igjen.

Regnbogeflagget symboliserer kjærleik

Regnbogeflagget symboliserer kjærleik, likeverd og retten til å leva fritt. Men for somme blir det tolka som ein provokasjon.
Kvifor? Fordi det utfordrar normene og gamle haldningar. Fordi det minner oss om at kjærleik ikkje alltid ser ut slik me er vande med.
Ikkje ein trussel
Kjærleik er ikkje ein trussel. Mangfald er ikkje farleg. Og eit flagg som representerer fridom for alle, bør ikkje gjera nokon redde. Det bør gjera oss stolte.
Meir kjærleik, takk. Ikkje mindre.