Oljefeltet Wisting er i hardt vêr. Forskar meiner to ting må til for at feltet skal vere i tråd med norske klimamål.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Wisting-feltet seglar opp som klima- og miljørørsla si nye kampsak. Tidlegare denne veka gjekk seks ungdomsparti og ni miljøorganisasjonar ut mot oljefeltet, og karakteriserte det som «moralsk og økonomisk galskap».

Oljefeltet er planlagt om lag 300 kilometer nord for Finnmarkskysten. Dersom Stortinget gir grønt lys for utbygginga, vil det bli det nordlegaste feltet nokosinne.

Equinor hevdar på si side at prosjektet er forsvarleg så vel teknisk som miljømessig. Etter at deira første utgreiing av prosjektet møtte hard kritikk frå mellom anna Miljødirektoratet, la dei måndag fram ei tilleggsutgreiing.

Isa Borges Constantineanu (18) og Clara Marie Dubrau (17). Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Vekker sterke kjensler

Fredag denne veka var ei rekke ungdomsparti og miljøorganisasjonar samla til demonstrasjon mot oljefeltet framfor Stortinget.

Framtida.no møtte to av dei frammøtte: Clara Marie Dubrau (17) og Isa Borges Constantineanu (18).

– Kvifor er dokker her i dag?

– Eg la merke til hendinga på Facebook, las meg opp på nettet, og syntest det var veldig viktig å vera der. Det var ganske spontant, seier Clara, som legg til at det vekker sterke kjensler å lesa om Wisting-feltet.

– Eg blir stressa, oppgitt, frustrert. Eg føler at me må gjera noko.

Venninna hennar Isa fortel at ho er miljøaktivist, og høyrde om demonstrasjonen gjennom Clara. Ho meiner det er avgjerande å møte opp, bli sett, og vise kor mange som bryr seg om saka.

– Det er frustrerande når folk forstår konsekvensane av denne typen politikk, men likevel held fram som før. Dessutan støttar eg denne forma for positiv aktivisme. Det er betre enn å kaste mat på kunstverk, seier Isa.

Utfordrande å vinna ut olje i arktiske forhold

Dersom det blir utbygd, vil Wisting-feltet ligga svært nær den såkalla iskanten, eit område nord i Barentshavet der ope hav møter drivis, nær Arktis. Det gjer at Equinor må tilpassa feltet til svært låge temperaturar, og ha system for å overvaka is som kjem nær installasjonen.

Med tilleggsutgreiinga meiner Equinor å ha gitt tilstrekkeleg informasjon til å bygga ut feltet på ein «trygg og sikker måte».

Miljøorganisasjonen Greenpeace er likevel svært kritiske til tilleggsutgreiinga. Særleg reagerer dei på at globale klimakonsekvensar ikkje er tatt med. Equinor har berre tatt omsyn til klimakonsekvensar her til lands.

Greenpeace viser til dommen i klimasøksmålet som Natur og Ungdom og Greenpeace førte mot staten i 2020, der Høgsterett konkluderte med at globale klimaeffektar må med i vurderinga av plan for utbygging og drift.

– Equinor bryt med Høgsterett sin dom i klimasøksmålet når dei nektar å greia ut dei globale klimakonsekvensane av oljefeltet. Vidare er det tankevekkande at Equinor, som snakkar høgt om klimaambisjonane sine i reklamar og festtalar, ikkje er interessert i å vita klimaeffekten av verdas nordlegaste oljefelt før dei fattar ei investeringsavgjerd.

– Det viser kor lite Equinor-toppane bryr seg om klimaet, sa Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge i ei pressemelding denne veka.

Er nye oljefelt foreinleg med norske klimamål?

Ifølgje det Internasjonale energibyrået (IEA) må investeringane i fossil energi opphøyra med det same dersom verda skal nå klimamåla. Samstundes meiner Equinor sjølv at Wisting-prosjektet er fullt mogleg å foreina med Noreg sine forpliktingar etter Paris-avtalen, og Equinor sin ambisjon om å vera i netto null innan 2050.

Tore Furevik er klimaforskar ved Nansensenteret. I ein e-post til framtida.no understrekar han at dette er teoretisk mogleg, men avheng av at Wisting-olja verkeleg erstattar «skitnare» energikjelder:

– Skal dette vera foreinleg med 1,5-gradersmålet og IEA sin rapport, så må Equinor sannsynleggjera at olje frå Wisting kjem til å erstatta, og ikkje kome i tillegg til, andre energikjelder med høgare utslepp av drivhusgassar.

Eit anna stridsspørsmål ved Wisting-feltet dreier seg om kor vidt feltet skal forsynast med straum frå land, såkalla «elektrifisering». Det vil kunne senka produksjonsutsleppa frå oljefeltet, men tappar samstundes kraftnettet i Finnmark for mykje kapasitet – som kunne vore brukt til grønare føremål.

– Og tilsvarande må Equinor sannsynleggjera at den elektriske krafta som skal takast frå land for å drive Wisting ikkje vil øydelegga for dei mange andre tiltaka som må gjerast for å redusera klimagassutsleppa våre raskt nok, skriv Furevik.


Bakgrunnsfoto: Svein Olav Langåker. Øvrige foto: Presse. Frå venstre: Synnøve Kronen Snyen (SU), Hadle Rasmus Bjuland (KrFU), Ulrikke Torgersen (GU), Astrid Willa Hoem (AUF), Tobias Stokkeland (GU), Alberte Bekkhus (RU), Ane Breivik (UV).

Kva er Wisting-feltet?

  • Planlagd oljefelt i Barentshavet
  • Vil komma i drift i 2028 og stå i drift til om lag 2058, med mogleg forlenging.
  • Feltet rommar mellom 200 og 500 millionar fat utvinnbar olje, og vil stå for rundt 200 millionar tonn CO₂-utslepp når denne blir brent – fire gongar Noregs årlege utslepp.
  • Equinor arbeider no for å få godkjend planane medan den svært gunstige oljeskattepakka framleis gjeld. Kritikarar meiner prosjektet er ulønsamt utan denne, og at prosjektet vil visa seg økonomisk uforsvarleg.