«Wisting-feltet er eit viktig klimaprosjekt»

Johannes Banggren
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

I førre veke demonstrerte klimaorganisasjonar, og enkelte parti, mot opning av Wisting-feltet. Det er sjølve definisjonen på bortkasta energi.

Demonstrantane burde heller demonstrere mot den auka kolproduksjonen i verda.

Ja, fordi kolproduksjonen i verda auka med 9 prosent i 2021. Etter at Europa kutta gassimporten frå Russland, med svært god grunn, så har dessverre ein stor del av den gassen vi tidlegare brukte vorte erstatta med kol. Det er nettopp dette som forhindrar oss frå å nå klimamåla – ikkje norsk gassproduksjon.

Viktige inntekter og grønare energi

Wisting-feltet bør sjølvsagt byggjast ut. Det er fleire grunnar til det.

For det første vil det gi staten gode inntekter. Investeringane er estimerte til å vere på rundt 60-75 milliardar, og det vil ta rundt fire år å betale dette ned. I enden av produksjonen vil vi komme med eit overskot på rundt 40 milliardar kroner. I ei framtid med store økonomiske utfordringar, vil dette vere viktige inntekter for staten.For det andre vil vi kunne tilby Europa grønare energi frå produksjonen vår – med eit langt lågare klimaavtrykk enn det andre land kan tilby. Dette vil med andre ord gjere Europa langt mindre avhengig av dagens kolkraft.

For det tredje veit vi at halvparten av olje- og gassreservoaret ligg i Barentshavet. Det er viktig at eit land som Noreg startar med å byggje ut produksjonen for å lage betre infrastruktur i nord. Wisting-feltet er forhåpentlegvis berre startskotet i Barentshavet, og vil bidra til å levere olje og gass langt meir effektivt ned til Europa.

Overdrivne skremselshistorier

Fleire av miljøorganisasjonane har også fortalt skremselshistorier om at dette vil gå utover sårbar natur. Dette er kraftig overdrive.Ein Equinor-rapport frå 2021 viser til følgjande: «Dette blir vurdert samla å medføre liten konsekvens for marint naturmiljø». Det vil vere lite som går utover korall-, svamp eller sjøfjørhabitat.

Gode argument for å stoppe Wisting-utbygginga er rett og slett ei mangelvare. Det er derimot lett å konkludere med at Wisting-feltet er eit viktig klimaprosjekt, og brua over til rein fornybar energi.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Marius Moldsvor (17) frå Senja vann skrivekonkurransen med eit personleg innlegg om det omdiskuterte Wisting-feltet. Foto: privat // Illustrasjon: Asle Haugland / Equinor ASA // kollasj Framtida.no