KrFU går mot moderpartiet når det gjeld oljefeltet Wisting

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å opne eit oljefelt i 2028 som skal produsere olje til 2060, er å gå baklengs inn i framtida og ikkje ta FNs klimarapportar på alvor, seier 1. nestleiar i KrFU Edvard Kunzendorf til Altinget.

Nestleiaren påpeikar at det ikkje er planlagt å vinne ut noko gass frå feltet, som består av 95 prosent olje, og at Wisting derfor ikkje er noka løysing på energikrisa Europa står i no.


Les meir om diskusjonane kring Wisting-feltet: 

Les også: Forskarane meiner to ting må til for at Wisting-feltet skal vere i tråd med norske klimamål

Frå demonstrasjon mot Wisting-feltet 28.oktober 2022. Foto: Eirik Tangeraas Lygre