Dette ville Ella (12) gjort som klimaminister for ein dag

Framtida Junior har spurt kva Ella Skjærvold (12) ville gjort dersom ho fekk vera klimaminister for ein dag.

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg bryr meg om miljøet – og vil verkeleg at det skal bli betre. At me saman skal klara å løysa klimaproblema, fortel Ella Skjærvold.

Ho gjer det ho kan for å tenka på miljøet i kvardagen.

– Søppelsorteringa heime er eg nøye på, og i førre veke drog me til ei strand med skulen. Då plukka me søppel både langs vegen, i skogen og på stranda, fortel ho.

Arvar klede

Dersom ho var klimaminister for ein dag, ville ho få fleire til å handla meir brukt, og mindre nye klede og ting.

– Søstera mi elskar bruktbutikkar, og eg pleier å bli med ho dit. Eg er også yngst i familien og dermed arvar eg mykje brukte klede frå søsken og søskenbarn. Å handla brukt og å arva klede, synest eg fleire burde gjera. Og dei som lagar klede må laga færre klede og klede som varer lenge. Då kan dei arvast i staden for at me må kjøpa nytt, seier ho.

Fast søppeldag

Ella er også opptatt av at fleire får byta ut gamle diesel- og bensinbilar med nye elbilar i garasjen.

– Eg ville gjort elbilar billigare, og alle andre bilar dyrare, fortel ho.

Dersom Ella fekk bestemma, ville også Noregs befolkning fått ein fast dag i månaden der alle måtte ut i naturen for å plukka søppel.

– Ein fast søppeldag hadde vore bra – og alle i heile landet må sortera søpla si heime. Så synest eg at folk berre skal reise med fly dersom dei må. Elles må dei bruka andre måtar å reisa på. Det siste eg ville bestemt, er at folk må eta meir planter og grønsaker – og mindre kjøt, seier Ella.