Knut (14) sin arbeidsdag som statsråd: – Har vorte inspirert til medverknad

Martin Buchholz
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knut (14) var statsråd for ein dag: – Har vorte inspirert til medverknad

– Det har overraska meg kor mange som faktisk jobbar her, og kor mange som ønsker å snakka med meg.

I anledning OD-dagen torsdag 3. november har Knut Vaage-Kowalzik (14) frå Oslo fått prøva seg i skoa til utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp).

Operasjon Dagsverk (OD) er ein årleg solidaritetsaksjon der unge jobbar ein dag for å tena pengar til eit formål. I år går inntektene til å støtte psykisk helse i Uganda.

Knut Vaage-Kowalzik (14) bak utviklingsministerens skrivebord. Foto: Linnea Holen Jansson

Ein spanande arbeidsdag

– Dagen starta tidleg, i eit møte med generalsekretæren. Kontorbygninga eg vart vist rundt i var full av hyggelege folk, og det har vore fleire møte og intervju i løpet av dagen, fortel Vaage-Kowalzik.

Jobben søkte han gjennom OD si nettside, og fekk eit jobbintervju. Eigentleg rekna han ikkje med å få jobben, men kjenner han har vore heldig.

– Eg har fått innblikk i korleis kvardagen til politikarar og byråkratar kan sjå ut, og vorte inspirert til medverknad i skule, kommune, og kanskje også ein gong land.

Ein politisk karriere er altså ei moglegheit i hans auge, men då må han fyrst velja eit politisk parti.

Det er dei unge si framtid me går inn i

Tidlegare var Knut Vaage-Kowalzik på pressekonferansen om at regjeringa aukar klimamåla til 55 prosent, og han meiner det var ei god avgjerd av politikarane. Han seier at folk over 60 har ein annan klimamentalitet fordi dei ikkje vert påverka slik som dei unge.

Han legg til at psykisk helse i afrikanske land er viktig fordi ein fyrst må ha det bra med seg sjølv før ein klarar å tenkja på klima.

OD-elev Knut Vaage-Kowalzik i dialog med utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp). Foto: Linnea Holen Jansson

Me spurde også utviklingsministeren om kvifor dei tar imot elevar til Operasjon dagsverk.

Utviklingsministeren synest det er ein god måte å få unge til å engasjera seg på. Det å nå berekraftsmåla understrekar ho at er den viktigaste jobben. Sjølv om ho kjenner igjen innspela, ser ho på det som ei påminning om å høyra på unge, som nokre gongar kan gløymast litt i ein travel kvardag.

Snart skal Knut Vaage-Kowalzik avslutta ein lang arbeidsdag ved å sitta på i statsrådsbilen bort til Statsministerens kontor.

– Dit får eg diverre ikkje lov å bli med inn, men bilturen i seg sjølv er noko eg gler meg veldig til!


Isa og Viljar viser fram rapporten

Isa Viktoria Mellblom Theissen (14) frå Oslo og Viljar Kristoffer Olaussen (12) frå Porsgrunn er begge glade for den nye rapporten dei har vore med å skrive for Barnas klimapanel. Foto: Åshild Slåen