No opnar Bergensavisen for nynorsk
Nordhordland-redaktør Sølve Rydland (38) tek med seg nynorsken i ny jobb.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bergensavisen har alltid vore ei bokmålsavis, men når dei no tilset sin første politiske redaktør nokosinne lyt dei opne for nynorsken.
– Eg har brukt nynorsk i heile min journalistiske karriere, og kjem til å halde fram med det i BA. For meg er det viktig å kunne uttrykke meg på mi eiga målform, seier Sølve Rydland til Nordhordland.
Han vert den første som får skrive på nynorsk i avisa.
Rydland har arbeidd som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Nordhordland sidan hausten 2021. Han startar som politisk redaktør i BA ein gong på nyåret.