Ny klimarapport: På veg mot 2,5 gradar oppvarming

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal vi nå målet frå Parisavtalen om å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 gradar, er dei nasjonale utsleppsmåla frå verdas land ikkje høge nok.

Ein ny rapport frå FN syner at vi er på veg mot rundt 2,5 gradar oppvarming innan år 2100.

Få land har meldt inn kutt

Om knappe to veker samlar verdas leiarar seg i Egypt for årets klimatoppmøte – COP27.

I FN-rapporten kjem det fram at berre 24 av 193 land har følgt opp løftet frå fjorårets klimatoppmøte i Glasgow om å levere oppdaterte eller nye klimamål.

FNs klimasjef Simon Stiell er ikkje nøgd med at 24 av 193 land har levert oppdaterte klimamål. Foto: FN

FNs klimasjef Simon Stiell synest det er skuffande.

– Styresmakter sine avgjerder og handlingar må spegle kor mykje det hastar, alvoret i trugslane vi står overfor, og kor kort tid vi har att for å unngå dei øydeleggjande konsekvensane, seier han i ei pressemelding.

Noreg er eit av landa som ikkje hadde levert meir ambisiøse klimamål innan 23. september. Til VG seier klimaminister Espen Barth Eide (Ap) at dei vurderer korleis dei skal følgje opp avtalen frå COP26 i fjor.

– Vi skal ha ferdig vår vurdering av dette innan klimatoppmøtet i Sharm el-Sheik byrjar om to veker, lovar han.

Noreg har frå før meldt inn mål om å kutte klimautsleppa med 50 til 55 prosent innan 2030. I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at dei vil kutte klimautsleppa med 55 prosent innan 2030, målt mot 1990-nivå.

Fristen for å melde inn oppdaterte mål er 7. november.

Lite lyspunkt

Om vi held dagens klimalovnader, vil utsleppa auke med 10,6 prosent innan 2030, samanlikna med nivået i 2010. Det er ei forbetring samanlikna med i fjor, då verda låg an til å auke utsleppa med 13,7 prosent innan 2030.

Men årets analyse viser ikkje den raske nedgangen som er naudsynt dette tiåret, skriv FN.

Simon Stiell i FN peiker på at vitskapen er klar.

– Vi er framleis ikkje i nærleiken av omfanget og tempoet for utsleppsreduksjonar som blir kravd for å setje oss på sporet mot ei verd med 1,5 gradar celsius. For å halde dette målet i live, må nasjonale styresmakter styrke sine klimahandlingsplanar no og implementere dei i dei neste åtte åra.

Utsleppa må kuttast med 43 prosent innan 2030, samanlikna med 2019, for å halde den globale oppvarminga under 1,5 gradar.


Kollasj: Framtida.no.