Greta Thunberg droppar klimatoppmøtet

Den svenske klimaaktivisten meiner klimatoppmøta ikkje fungerer.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– COP-ane vert hovudsakleg brukte som ei mogelegheit for leiarar og maktpersonar til å få merksemd ved å bruke mange ulike former for grønvasking.

Klimaboka er nyleg lansert. Omslag: Cappelen Damm

Det sa Greta Thunberg (19) under eit arrangement i London, i samband med at Klimaboka vert lansert. Det melder The Guardian.

Klimaaktivisten annonserte at ho ikkje kjem til å delta på det komande klimatoppmøtet i Egypt.

Meiner klimatoppmøta ikkje fungerer

Thunberg fortalde at det var fleire årsaker til at ho uteblir, og peika på at rommet for sivilsamfunnet under årets klimatoppmøte er svært avgrensa.

19-åringen meiner klimatoppmøta oppmodar til gradvise endringar, heller enn å endre heile systemet:

– Så som det er, fungerer ikkje COP-ane, med mindre vi brukar dei som ei mogelegheit til å mobilisere, sjølvsagt.


Kollasj: Framtida.no.