«Vi har blitt åtvara i så mange år, men fyrst no er det nokon som gjer noko»

Hans Theodor Samuelsson Hjørring (15)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksta var blant dei beste i ForUM for utvikling og miljø, Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse «Korleis kan vi nå berekraftsmåla innan 2030?»

Global oppvarming blir tatt opp i media tidt og ofte rundt om i verda, og dermed kan det skape eit falsk syn om at det blir gjort store endringar. Sanninga er, at det ikkje er sånn det er. 

Global oppvarming er eit problem som folk har visst om i lang tid. Vi har blitt åtvara i så mange år, men fyrst no er det nokon som gjer noko i alle fall. Nokon som forandrar delar i sine eigne liv, som til dømes å minimalisere bruken av bil, eller å vere smart med straumbruken. Det er derimot ikkje mange nok, og det er tydeleg.

Folk vil ikkje ta ansvar

Global oppvarming får merksemd, men problemet held fram når folk ikkje gjer noko med det. Ifølgje FN blei Parisavtalen sett i gang i 2015. Der blei mange land einige om eit mål om å kutte klimautslepp. «Så bra!» tenkjer folk rundt om i verda, og trur at staten vil gjere alt. Der ligg problemet. Ja, statane slepp ut klimagassar som berre det, men dei er ikkje dei einaste.

Kvart individ har eit ansvar dei òg. Det er ikkje sikkert dei kan gjere nokon stor direkte forskjell, men dei kan forandre nokre vanar i deira eigne liv som indirekte kan kutte litt ned på utsleppa. Det treng ikkje å vere ei revolusjonerande forandring som fiksar problemet med ein gong. Det er så simpelt som å velje sykkel, offentleg transport, å gå, framfor å bruke ein bil. Eller det kan vere så lett som å vere sparsam på straumbruken.

Resultata vil berre vise seg viss alle gjer ein forskjell, alle i verda må stå saman om å redde verda. Viss vi ikkje gjer det, vil det ikkje vere ei verd igjen å redde. Når var siste gong du gjorde noko for klimaet eigentleg?

Folket treng eit utgangspunkt

For at folket i dei forskjellige landa skal kunne ha noko å forbetre seg på, trengst det at myndigheitene i kvart land lagar utgreiingar for det. Kvart individ kan ikkje bruke fornybar energi dersom myndigheitene berre lagar energi som ikkje er fornybar. Dei treng eit utgangspunkt.

Å satse på fornybar energi er også eit eksempel på kva eit land kan gjere for å minske utsleppa. Ikkje berre vil dette ikkje sleppe ut CO₂ når energien blir laga, det vil også gi folket i landet eit utgangspunkt til å velje fornybar energi, og dermed bidra til å ikkje sleppe ut enda meir. Dersom alle i verda følgjer dette prinsippet trur eg vi kan stoppe denne globale krisen.

Ein positiv ting er at avtalar og mål allereie er sett, som Parisavtalen og måla sette av FN. Det som ikkje er bra er at verda ikkje ligg an til å nå desse måla, ifølge FN.

For å forandre dette er internasjonalt samarbeid viktig, og deretter handling frå store mengder folk.

Dei fælslege konsekvensane

Dersom verda har gjort endringar for seint, og folket ikkje har forandra levemåten sin, kan massive konsekvensar førekomme.

Ifølge UngEnergi har effekten av varmen på jordoverflata auka med 40 prosent sidan 1990- talet. Same kjelde seier også at klimaendringane er dobbelt så sterke ved Arktis. Verda til dyra som lever her vil bli borte om sommaren om rundt 30 år frå no, ifølge WWF.

Vi kan ikkje la dette skje. Vi kan ikkje la mennesket sin egoisme og latskap gå ut over andre artar. Det er mange folk som ikkje bryr seg om andre artar og kva som vil skje med dei, men det er ikkje berre dyr på Arktis som vil lide.

Menneske som lever langs kystane vil miste heimane sine. Dette er millionar av folk. Ifølgje Energi og Klima er ein konsekvens at havnivå stig, meir ekstremvêr. Tenk deg førre gong det regna, så førestill deg det berre oftare og mykje kraftigare. Eg synest det er rart at så mange folk ikkje tar dette på alvor.

Verda treng at du handlar no!

Tenk på dyra som vil døy dersom vi ikkje gjer noko. Tenk på alle dei som vil miste heimane sine. Tenk om dei var familie?

Dette er ikkje rettferdig. Myndigheitene i verda må ta seg saman. Dei må skape sitt utgangspunkt for folk å forbetre seg på.

Dersom vi i heile verda ikkje gjer dette, vil vi få konsekvensar så store at millionar av folk vil miste heimane sine, dyr vil døy og meir ekstremvêr.


Lyst å prøva deg i Framtida.no og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar. Her finn du oppgåva!


17 år gamle Marius Moldsvor skreiv vinnarteksta i FoRUM og Framtida.no sin skrivekonkurranse. Foto: Privat