Identitet

«Kjære konfirmantar. Ta absolutt alle råd med ei klype salt. Alltid.»

...Bortsett frå: Bruk tanntråd, bruk solkrem, bruk marka.

Camara Lundestad Joof (37)
Forfattar og dramatikar
Publisert

Talen vart framført til konfirmantane i Oslo Rådhus 26. april og er omsett til nynorsk av redaksjonen.

Gratulerer med dagen!

I dag tar de eit stort steg inn i samfunnet, inn i det større kollektivet, i den utvida familien vi alle er ein del av: Fellesskapet.

Litt meir enn i går er de i dag tilreknelege. Litt meir enn i går er de i dag medansvarlege. Litt meir enn i går er de nokon som nokon kan lene seg på.

Så på denne dagen, i eit forsøk på ei konfirmasjonsgåve, vil eg prøve å gje dykk nokre råd.

Først og fremst: Ver nøye med språket.

Ikkje grammatikken. Blås i kva som er korrekt og ikkje: anglisismar, slang og shøtt/kjøtt, kino/shino, då/når.

quote-left

FØKK IT UP.

quote-right

Skap dine eigne ord. Gjer språket til ditt eige, berre gjer deg forstått. Kva enn du har på hjartet: sei det. Både du som gruar deg til å bli ropt opp i timen, du som tenker at ingen eigentleg er interessert i kva du har å seie (det er ikkje sant), og du som ligg vaken om natta og kvernar over at du snakka for mykje.

Igjen snakka du altfor mykje. Orda berre rann ut at deg og du hadde ikkje planlagt kva du skulle seie. Du berre sa det. Du snakka hol i hovudet på deg sjølv (eg lovar, du snakka ikkje så mykje).

Uansett gjer det ikkje noko om de snakkar for mykje eller for lite. Stemmene dykkar er ikkje støy. Kviskr eller rop om de vil!

Men ver varsame med korleis de snakkar til kvarandre. Om kvarandre. Korleis de snakkar saman.

Tenk på all den plassen andre sine ord har fått ta i deg, som får bu i deg: Den plassen vil du også ta i nokon andre.

Vi ber med oss kvarandre sine ord og tankar om kroppane våre i kroppane våre. Så sjå på språket ditt som ei gåve.

quote-left

Og les. Les, les, les.

quote-right

Les for å flytte deg sjølv ut av deg sjølv. For å stå stødig i ditt eige. For å drøyme deg bort i noko anna, i nokon andre.

Les for å spisse argumenta dine.

Les for å finne ut at du tok feil.

Les for å bli betre til å skrive.

Les for å ha det gøy.

Les romantasy, fantasy, sci-fi, krim, poesi, magasin, essay, noveller, aviser, sakprosa, teikneseriar, dramatikk.

Les dei frå perm til perm, støvete med lukt i handa.

Les på mobilen, på nettbrettet. Lytt ei bok igjennom. Les med øyra. Les ho høgt. Få nokon til å lese for deg. Les for nokon andre. Les ho med fingrane i braille. Biblioteka er dykkar: bruk dei.

Og sjå på kunst. Gå på museum, på teater, på konsertar. Vit at alle institusjonane har ungdomsrabattar. At dei skammeleg dyre billettane, er billege når du vil ha dei, fordi institusjonane veit at dei treng dykk meir enn de treng dei. Fordi de kjem til å sjå på kunst og de kjem til å lage kunst. De kjem til å lage eigne sjangrar og eigne uttrykk og eigne epokar. Det som ikkje finst enda, det kjem de til å lage, men ikkje nødvendigvis på Nationaltheatret eller på Nationalballetten. De kjem til å lage det kor enn de vil.

Tradisjonar er kanskje gruppepress frå døde folk. Men eg vil slå eit slag for dei støvete, gamle bygningane.

For vi må møtast. Vi må sitje i rom saman og vere ueinige.

Vi må le og gråte saman i fellesskap, sånn som i dag, fordi den neste pandemien, om fugleinfluensaen ikkje tar oss, er einsemda. Og den einaste vaksinen mot han er å halde saman. Så ta desse husa, som vi alle betalar for, og gjer dei dykkar. Ta eigarskap. Ver utolmodige. Still krav. Gå inn og finn ut kva du likar, og enda viktigare, kva du ikkje likar, og finn ut kvifor du ikkje likar det, kvifor eit bilete kan få deg til å gråte og eit anna bilete kan få deg til å bli forbanna, og la deg sjølv bli overraska av kva du sjølv kan finne på å skape etter at du har beundra noko som nokon andre har laga.

Og ver nøye på kven som har laga det. Eit råd burde kanskje vore å stå opp for det du trur på? Men kanskje mest av alt, ver forsiktig med kva du trur på.

I møte med det kunstige, i møte med det automatiske, det genererte. Still spørsmål, også dei dumme. Nokon har sikkert prøvd å fortelje dykk at det ikkje finst dumme spørsmål. Klart det gjer. Herregud, det finst så mange dumme spørsmål. Irriterande spørsmål, plagsame spørsmål, brysame spørsmål. Men er du i tvil, om noko verkar for godt til å vere sant, så er det nok det.

Viss noko stadfestar verdsbiletet ditt så inderleg godt at det var som laga for deg, så var det nok det; laga for deg.

quote-left

Så still dei, alle spørsmåla.

quote-right

Set spørsmålsteikn ved alt. Du kan banne på at fleire av dei andre rundt deg lurar på det same. Keisarens nye klede og alt det der. Og ved å vere den som tør å spørje, så står du kanskje ikkje berre opp for det du trur på, men du står kanskje også opp for nokon andre.

For vennane dine no, dei du har og dei du ikkje har, vil ikkje vere dei same folka i framtida. Og ikkje du heller.

Du kjem til å vere så mange versjonar av deg sjølv i løpet av livet. Nokre få vil følgje med deg gjennom alle eksperimenta, både dei suksessfulle og dei feilslåtte, og nokon vil du miste på vegen. Og du vil få nye vennar. Og du vil bli ein ny venn. Du vil trenge nokon, og nokon vil trenge deg.

Men, dei du skal leve livet ditt tettast med. Dei du vel heilt sjølv. Dei du endar opp med å byggje livet ditt rundt, dei som blir den valde familien din, dei er framleis der ute. Og veit ikkje at dei ventar på deg. Så ver venleg mot framande. Ha blikkontakt, sjå opp, sjå ut, sei hei. Størstedelen av dei som blir folka dine har du ikkje møtt enda.

Og før du finn dei må du må ta stilling til om du vil bli likt eller om du vil like deg sjølv. Og det siste, det kjem, eg lovar.

Det skjer kanskje ikkje i dag, kanskje ikkje i morgon, men ein dag vil du vakne og like deg sjølv, og du kjem ikkje lenger til å leite etter den stadfestinga frå menneska rundt deg, du vil først og fremst ha den sjølv.

quote-left

Det vil ikkje vere eit korthus, men solid betong.

quote-right

Ulven kan kome og blåse ned hus nummer éin og hus nummer to, men shit banditt, før du veit ordet av det er du den tredje grisen, og du har mura opp veggane dine, og det kan prustast og pesast så hardt det berre vil. Men når det skjer, det er då det gjeld. Det er då du finn ut om du er eit menneske andre kan søke ly hos, om du er eit menneske som andre kan gøyme seg bak. For vi treng alle nokon som står opp for oss, og vi må alle streve etter å vere nokon som står opp for nokon.

Og medan du finn ut av korleis du gjer det: Rydd inn og ut av oppvaskmaskina. Utan at nokon spør deg. Fordi nokon må gjere det og det kan like gjerne vere deg. Det kan vere nokon andre, for nokon kjem nok til å gjere det, men den som gjer det kan også vere deg.

Til sist: Ta absolutt alle råd med ei klype salt. Alltid. Bortsett frå: Bruk tanntråd, bruk solkrem, bruk marka. Eg gler meg stort til å vere medborgar i denne verda med dykk alle.

Gratulerer så mykje med dagen. Hjarteleg velkomne skal de vere!