«Nei til EU – Ja til norsk suverenitet!»
– Å melde seg inn i EU ville bety at vi gir opp suvereniteten vår, opnar for meir byråkrati og overlét styringa over norsk politikk til Brussel.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Innlegget «Noreg står ved eit vegskilje» roper etter norsk EU-medlemskap som om det er løysinga på alle problem.
Men realiteten er at å melde seg inn i EU ville bety at vi gir opp suvereniteten vår, opnar for meir byråkrati og overlét styringa over norsk politikk til Brussel.
Noreg har allereie den beste handelsavtalen vi kan få gjennom EØS.
Den sikrar oss tilgang til den europeiske marknaden, samstundes som vi beheld råderetten over eigen fiskeri- og landbrukspolitikk.
EU-tilhengjarane gløymer at eit EU-medlemskap ville bety at vi mistar denne råderetten. Det er ikkje noko vi kan gamble med.
Meir reguleringar, meir skatt
EU er eit stort, tungrodd og overbyråkratisk system der dei store landa bestemmer, medan små land som Noreg ville måtte innrette seg etter reglar vi ikkje har noka reell makt over.
Dersom vi blir med i EU, betyr det meir reguleringar, meir skatt, meir innblanding i norsk politikk – og mindre moglegheit for oss til å prioritere det som faktisk gagnar nordmenn.
FpU kjempar for eit Noreg med meir fridom, lågare skattar og ein slankare stat.
Vi ønskjer at folk og bedrifter skal ha fleire moglegheiter, ikkje at avgjerder skal takast i Brussel av byråkratar som aldri har sett ein norsk fiskebåt eller forstått kva som fungerer i den norske modellen.

Skal vi verkeleg gje opp suvereniteten vår og la EU styre over oss? Nei takk!

Ikkje vegen å gå
Skal vi verkeleg gje opp suvereniteten vår og la EU styre over oss? Nei takk!
FpU vil sikre at Noreg har eit europeisk rammeverk som legg til rette for fri flyt av varer, tenester, kapital og menneske, samtidig som vi beheld nasjonal suverenitet.
Eit norsk EU-medlemskap er ikkje vegen å gå.
Vil du ha eit Noreg med meir fridom, mindre byråkrati og lågare skattar? Stem FrP – for eit sterkare og friare Noreg!