Klima og miljø

Tredje reisebrev frå COP: – Eit enormt svik

COP29 har gitt oss ein avtale milevis vekk frå det globale sør sine krav – og det kloden desperat treng. Noregs rolle under forhandlingane er eit hån mot verdas sårbare!

Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20)
Natur og Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hei! Vi er Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20) og har reist på COP29 for å representere Natur og Ungdom. Marius representerer NUs internasjonale utval, medan Mikkel representerer sentralstyret. Vi har skrive tre reisebrev for å fortelje frå klimakonferansen, som i år fann stad i Baku i Aserbajdsjan. Denne siste veka var berre Mikkel på COP, medan Marius følgde med heimanfrå. 

Den siste veka på COP er veka der nasjonale ministrar kjem, og tek med det politiske spelerommet til å starta dei verkelege forhandlingane. Veka har vore prega av lukka forhandlingsrom og lite innsyn for det store sivilsamfunnet som er til stades. Dette blei eit tydeleg frampeik til det elendige utfallet frå Baku og COP29. 

Global aksjonisme

Når vi ikkje slapp inn i forhandlingsromma, så sette vi i gang aksjonar. Det har vore lærerike og sterke opplevingar, der vi har knyta band med andre modige klimaaktivistar frå heile verda.

Onsdag kveld malte vi banner til langt på natt med britiske, danske, tyske og aktivistar, medan vi åt pizza og koste oss.

Morgonen etter lanserte vi «Fossil Free North Sea Youth Alliance» – ein allianse med ungdom frå landa som har fossilverksemd i Nordsjøen. Vi krev at desse landa, som profilerer seg som klimaheltar i forhandlingane – sluttar å utvinna fossilt som direkte kokar kloden og tek liv!

Ei oljekåt regjering

Denne aksjonen var på sin plass, for berre to dagar før lanserte den norske regjeringa ein utbyggingsplan for det nye Bestlafeltet i Nordsjøen!

I godkjenningsbrevet til det nye oljefeltet skriv departementet: «Det er usikkert om nye utbyggingsprosjekter på norsk kontinentalsokkel bidrar til økte, uendrede eller lavere globale klimagassutslipp totalt sett.»

Denne kunnskapslause konklusjonen spyttar på landa i det globale sør som råkast hardast av klimakrisa. I Klimautvalet 2050 sin NOU-rapport frå i fjor, anbefalte dei ingen nye oljefelt i det heile før den ikkje-eksisterande utfasingsplanen av norsk olje og gass finst. Regjeringa sitt svar på klimakrisa er berre meir oljeavhengigheit!    

Eit privilegium

Å møte unge menneske frå heile verda har gitt oss djupare innsikt i privilegia vi har som norske aktivistar.

Denne siste veka fekk Mikkel sitje i ein panelsamtale med den aserbajdsjanske eksil-aktivisten Bayram, som bur i Sverige. Det aserbajdsjanske regimet har det siste året fengsla kritiske aktivistar og journalistar i forkant av COP29, inkludert faren til Bayram, antikorrupsjonsaktivisten Gubad Ibaduglu. Å møte aktivistar som Beyram, har vore ein av dei viktigaste opplevingane frå COP.

I sterk kontrast til dette ser vi vår eigen generasjon heime, som mistar håp om endring, men også rammast minst av klimakrisa globalt. I møte med aktivistar som ofrar så mykje for kampen, har vi fått sterk motivasjon til vårt eige klimaengasjement. Vi håpar fleire norske folk ser privilegiet vi har – og hevar stemma i solidaritet!

«You can be a leader of ambition and still earn a lot of money»

Denne siste veka fekk vi også sjå vikarierande klima- og miljøminister Tore O. Sandvik i fleire ulike roller. Vi har møtt han i innspelsmøte, vi har sett ham ønske det norske næringslivet velkomen til COP, og vi har sett han lansere NOGER-initiativet. NOGER-initiativet går ut på å kjøpe klimakvotar i det globale sør for å sleppe å kutte utslepp på heimebane, og er eit av dei få stakkarslege tiltaka Noreg faktisk har gjort i løpet COP29. 

Da han møtte næringslivet briljerte Sandvik med: «You can be a leader of ambition and still earn a lot of money.» Dette samanfattar Noregs prioriteringar som strategisk grønvaskar godt.   

Elles har Noreg spelt ei feig rolle i forhandlingane. Vi er eit av landa med størst moglegheit til å betale naudsynt og god klimafinansiering. Likevel har vi tatt ei passiv rolle og gjemt oss bak EU i forhandlingane, og knapt tatt ordet sjølv.

Klima- og miljøministeren forstår openbert ikkje alvoret av det elendige utfallet når det einaste han fokuserer på er at «klimafinansiering er viktig!» og at «Norge bidrar tungt». Slutt med løgnene – gje oss heller handling!

Sluttforhandlingane

Etter mange timar i kø fekk vi kome inn i den store plenary-salen, seint natt til sundag. Den aserbajdsjanske COP-presidenten brukte to rundar på å banke gjennom andre vedtak, før han omsider kom til den store konflikten: Det nye globale klimafinansieringsmålet. Her ønska rike land så lite som mogleg, medan utviklingsland kravde meir finansiering til klimatiltak i sine land. 

Det vart banka gjennom på 300 milliardar amerikanske dollar, langt frå behova og krava frå utviklingslanda. Vedtaket møtte sterke reaksjonar, mellom anna ei saksopplysning frå India som blei ignorert. Presidentskapen har nemleg makt til å banke gjennom vedtak dersom dei sjølv meiner det eksisterer konsensus i rommet, og treng ikkje tillate at partane snakkar. Stemminga i plenary-salen var elektrisk. 

India fekk ordet etter vedtaket var tatt, og kom med hard kritikk: Dette dokumentet er knapt meir enn ein optisk illusjon! Fiji og fleire andre land slang seg på.

EU heldt etterpå eit innlegg som forsvarte målet, noko som vekka ein spontanaksjon kor sivilsamfunnet hosta i protest medan han snakka. 

Etter nokre innlegg måtte Mikkel dra i all hast for å rekke eit tidleg morgonfly. Han hadde ikkje pakka, men kom seg heldigvis til flyplassen – dog utan søvn.

Vegen vidare

Enden på visa vart altså ikkje god – 3000 milliardar kroner årleg er småpengar i forhold til behova. Faktisk er det knapt ei inflasjonsjustering av det førre målet frå 2009. Det er bekymrande at utvikla land som Noreg faktisk kan seia seg nøgd med eit slikt utfall. Andre partar skal heim til område som allereie er trua av havstigning, tørke, ekstremvêr og mangel på mattryggleik. Noregs apati er til å bli kvalm av. 

Er det eigentleg noko vits med FNs klimatoppmøte? Dette utfallet har gjort at vi har diskutert dette med mange dei siste dagane. På éi side blir det investert enorme ressursar i noko som knapt gjev resultat. Andre meiner det berre er geopolitisk spel. Sjølv om prosessane går sakte, trur vi likevel at verda er litt betre med enn utan COP. Sjølv om klimatoppmøtet er prega av fossilobbyen, og i år eit autoritært Aserbajdsjan – er det ein av få arenaer i verda der verdas land møtast saman med klima i fokus. Vi skal fortsetje å kjempe for at framtidige COP-ar blir fossilfri og ambisiøs! 

Neste år samlast verda til klimatoppmøte i Brasil. Då blir eit av hovudtemaa at landa sine eigne nasjonale bidrag skal vera gode nok til å nå 1,5-gradersmålet. Noreg skal melda inn sin eigen plan før påske neste år, og vi i sivilsamfunnet skal jobba beinhardt for at Noreg lagar gode mål og følgjer dei opp på heimebane. Dessutan har me no forplikta oss til å tredobla klimafinansieringa. Det forventar me at Noreg gjer!

Takk for at du har følgd med på vår reise til COP29 i Baku. Eg håpar det har gitt ei større forståing for internasjonale klimaforhandlingar og utfordringane det ber med seg. Vi har iallfall lært mykje. Sjølv om vi har kjent på mykje sinne og sorg over utfallet, kan vi ikkje miste håpet sjølv om verda ser mørkare ut enn på lenge. Vi ønskjer å bruke våre stemmer for å skape ei betre verd – det håpar vi du også vil!