Ungdomspartia går saman mot Wisting-feltet: – Ei klimabombe
Seks ungdomsparti og ni miljøorganisasjonar ber regjeringa ta grep slik at verdas nordlegaste oljefelt aldri ser dagens lys.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Wisting er eit prakteksempel på kva FN sin generalsekretær meinte når han sa at «å investere i fossil energi og infrastruktur er moralsk og økonomisk galskap».
Det skriv 15 miljøorganisasjonar og ungdomsparti i ei felles utsegn, der dei manar til kamp mot det planlagde oljefeltet Wisting.
6 av 9 ungdomsparti representerte på Stortinget har signert: AUF, Sosialistisk Ungdom, Grøn Ungdom, Raud Ungdom, Unge Venstre og Kristeleg Folkepartis Ungdom.
- Les også: Britiske George (25) om fracking: – Det er framtida til dei unge dei kjem til å øydeleggja
Verdas nordlegaste oljefelt
Wisting-feltet ligg kring 300 kilometer nord for Finnmarkskysten, og er planlagt å kome i drift i 2028. Det skal då produsere olje i minst 30 år.
Miljøorganisasjonane og dei seks ungdomspartia peikar på at Wisting-feltet ligg eit steinkast frå iskantsona, og vil truge sårbare bestandar av fisk, fugl og sjøpattedyr. I tillegg utgjer oljesøl ein stor naturrisiko.
– Wistingfeltet vil dessutan vere ei klimabombe, står det skrive.
Ifølgje oljeselskapet OMV skal feltet romme mellom 200 og 500 millionar fat utvinnbar olje. Organisasjonane peikar på at Wisting-oljen vil svare til 200 millionar tonn CO₂ når han vert brent. Det er fire gongar Noregs årlege klimagassutslepp.
Ungdomspartia og miljøorganisasjonane meiner budsjettforhandlingane mellom SV og regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet er første sjanse til å setje foten ned for verdas nordlegaste oljefelt.
– Klima og miljø var den viktigaste saka for flest veljarar under valkampen for eit år sidan. No er det på tide at regjeringa viser at dei tek veljarane på alvor, også i oljepolitikken.
Desse har signert utsegna:
- Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom
- Astrid Hoem, leiar i AUF
- Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom
- Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker
- Elise Åsnes, leiar i Spire
- Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge
- Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet
- Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender
- Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens Naturfond
- Andrew Kroglund, generalsekretær i Besteforeldrenes klimaaksjon
- Jonas Kittelsen, talsperson i Extinction Rebellion Ung
- Ulrikke Torgersen og Tobias Stokkeland, talspersoner i Grønn Ungdom
- Alberte Tennøe Bekkhus, leiar i Rød Ungdom
- Ane Breivik, leiar i Unge Venstre
- Hadle Bjuland, leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom