Equinor: Miljømessig forsvarleg å byggje ut Wisting-feltet

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter hard kritikk frå mellom anna Miljødirektoratet, gjekk Equinor med på å leggje fram ei ny utgreiing av oljefeltet Wisting. Måndag la dei fram den nye utgreiinga.

– Tilleggsutgreiinga utdjupar nokre sentrale tema frå konsekvensutgreiinga og styrkjer avgjerdsgrunnlaget for ei sikker og forsvarleg feltutbygging, seier direktør for prosjektutvikling i Equinor, Trond Bokn i ei pressemelding.

Inntil 500 millionar fat

Trond Bokn, direktør for prosjektutvikling i Equinor. Foto: Equinor

Feltet ligg omtrent 30 mil nord for kysten av Finnmark, og er oppkalla etter polarhelten Oscar Wisting. Feltet er planlagt å komme i drift i 2028, og skal produsere olje i 30 år.

Oljeselskapet OMV har tidlegare meint at Wisting-feltet kan innehalde éin milliard fat olje, der mellom 200 og 500 millionar fat blir sett på som utvinnberre.

– Konsekvensutgreiinga, høyringsprosessar og tilleggsutgreiinga har så langt ikkje ført fram informasjon som endrar vår vurdering av at det er teknisk og miljømessig forsvarleg å byggje ut Wisting, seier Bokn.

Vil bestemme seg i år

Han opplyser at investeringsavgjerda blir teken mot slutten av 2022.

Equinor opplyser at dei vil tilpasse installasjonen og tryggleik i operasjonane til forhold med låge temperaturar, såkalla vinterisering. Installasjonen vil ifølgje selskapet tole isforhold som statistisk kan hende ein gong kvart 10.000 år.

Dei vil installere system som overvaker isen slik at drifta kan tilpassast om is skulle komme nærare enn 50 kilometer frå installasjonen.

Equinor er operatør for Wisting-feltet og har ein eigardel på 35 prosent. Det same har Aker BP. Petoro eig 20 prosent og INPEX Idemitsu Norge eig 10 prosent.

Tilleggsutgreiinga har ein høyringsfrist på to veker.

Miljøorganisasjon: – Bryt med Høgsterett sin dom i klimasøksmålet

Leiar i Greenpeace Norge, Frode Pleym. Foto Greenpeace

– Det Equinor har levert i dag svarar ikkje på våre innvendingar. Me innvende tidleg at Equinor manglar ein plan for ei fullskala oljekatastrofe, men i staden har dei no greia ut korleis ei moderat ulukke vil utarte seg, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge, i ei pressemelding.

Greenpeace meiner den ferske utgreiinga verken svarar på kritikken om oljevernberedskap eller miljørisiko, og at ho heller ikkje forsøker å greie ut for dei globale klimaeffektane av oljefeltet.

– Equinor bryt med Høgsterett sin dom i klimasøksmålet når dei nektar å greie ut dei globale klimakonsekvensane av oljefeltet.

Greenpeace og Natur og Ungdom tapte klimasøksmålet dei førte mot staten, men i dommen frå 2020 skreiv Høgsterett at: «vurderingane av eventuelle globale klimautslepp fyrst og fremst skal gjerast ved godkjenning av plan for utbygging og drift».

Når Equinor no berre har greia ut om utslepp som oppstår i Noreg, meiner Greenpeace dette er i strid med avgjerda frå Høgsterett.

– Det viser kor lite Equinor-toppane bryr seg om klimaet, sier Pleym.

Inger Christin Hystad Barane og Wiktoria Bujnicka var med i delegasjonen frå Vestland då ungdommar frå heile landet møttest på Gardermoen for å drøfte eit nasjonalt ungdomsråd. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg