Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er ein i ei krigssone pregar det sjølvsagt heile situasjonen. I område der det går føre seg aktive krigshandlingar er det farleg å vere hjelpearbeidar.

Det fortel feltlege Monica Thallinger.

43-åringen jobbar for Leger Uten Grenser. Det er ein uavhengig, nøytral og upartisk medisinsk hjelpeorganisasjon som arbeider for å gje livreddande helsehjelp, medisinar og behandle pasientar som lever i nokre av verdas gløymde kriser.

Årets TV-aksjon samlar inn pengar til Leger Uten Grenser sitt arbeid. På sidene sine opplyser hjelpeorganisasjonen at 97 prosent av midlane deira i 2021 kom frå private gjevarar.

Organisasjonen har kvart år prosjekt i rundt 70 land. Monica Thallinger gir oss eit innblikk i livet i felten.

Som barnelege har ho jobba mykje med sjuke barn.

– Dei fleste trur kanskje det er krigsskadar og traume som er mest utbreidd i krigsområde, sidan det er dei bileta vi får i nyheiter og på TV. Men i røynda er det eldre, dei med kroniske sjukdommar, kvinner og barn som er gruppene med størst sjukdomsbyrde og med enormt behov for helsehjelp. 

Monica Thallinger saman med Galia (11) i Vest-Mosul. Jenta hadde både fysiske og psykiske skadar, og dei ville gjere sjukehusopphaldet så hyggeleg som mogleg for ho. Foto: Privat

Sierra Leone: Ei stor psykisk påkjenning

Monica Thallinger bestemte seg allereie første året på medisinstudiet for å jobbe for Leger Uten Grenser. Året var 1999 og Leger Uten Grenser fekk Nobels fredspris. Thallinger satsa på å kome seg ut i verda og studerte tropemedisin i Liverpool i England.

I 2008 drog ho på sitt første oppdrag til Sierra Leone, der ho arbeidde med alvorleg underernærte barn i seks månader.

– Då var eg 29 år gamal og framleis ganske nyutdanna. Det gjorde stort inntrykk å jobbe med så alvorleg sjuke barn og i eit land som Sierra Leone. Mange av pasientane døydde og jobben og opplevinga var ei stor psykisk påkjenning, minnest ho.

Ultralydundersøking av ein sjuk nyfødd baby i Bangui, Den Sentralafrikanske Republikk. Foto: Privat

Likevel var opplevinga også spanande for den den ferske feltlegen.

– Eg trefte mange fantastiske menneske og følte eg gjorde ein forskjell saman med teamet og dei lokalt tilsette.

Så om lag eitt år etter drog ho til Etiopia og jobba i ein flyktningleir med somaliske flyktningar.

Sidan har barne- og anestesilegen frå Fredrikstad vore på 11 ulike oppdrag over heile verda. Siste oppdrag var i fjor då ho jobba med koronapasientar i Brasil og Jemen. I Noreg jobbar Monica Thallinger som anestesilege ved Oslo universitetssykehus. 

Sjukdomar ein aldri ser i Noreg

Jobben som feltlege er ganske annleis enn jobben som lege i Noreg. Dagane i felten er ofte veldig hektiske, fordi ein jobbar i situasjonar der kritiske ting skjer og ein har mykje ansvar. I dei områda Leger Uten Grenser jobbar, er det store medisinske behov og ein har få ressursar.

– Det er mange fleire pasientar som er mykje dårlegare enn det vi ser i Noreg. Jobben min går ut på å hjelpe dei aller sjukaste pasientane og eg jobbar ofte på intensivavdelinga. Eg jobbar veldig tett på liv og død, seier ho, og held fram:

– Eg ser og behandlar sjukdommar ein aldri ser i Noreg. Det kan vere malaria, kolera, meslingar, ebola eller stivkrampe.

43-åringen jobbar òg veldig tett med lokalt tilsette, og mykje tid går til rettleiing, opplæring og rett og slett jobbe saman med dei.

Mykje av jobben er òg organisering og problemløysing. Det kan vere teknisk trøbbel eller medisinar som manglar. Ein arbeidsdag er mykje lengre enn i Noreg og det er ikkje uvanleg jobbe 12 til 14 timar.

– Ein må gje alt fordi det er svært mykje jobb, få folk til å gjere han og veldig store behov.

Farleg arbeidskvardag 

Tryggingstiltaka er omfattande. Ho understrekar at det blir tatt forholdsreglar så langt det går, men risikoen er alltid der.

Då Thallinger jobba ved eit frontlinjesjukehus i Mosul i Irak, der kurdiske og irakiske styrkar frigjorde byen frå Den islamske staten, brukte dei nesten ein time på å kome til sjukehuset og passerte over 30 militære sjekkpunkt.

– Vi måtte reise heim før portforbod og det var svært farleg å bevege seg ute på kveldstid etter det var mørkt.

I område der det går føre seg aktive krigshandlingar er det farleg vere hjelpearbeidar

Under den store ebolaepidemien i Vest-Afrika i 2014 og 2015, jobba Monica Thallinger på eit ebolabehandlingssenter i Sierra Leone. For å sjå til pasientane gjekk dei med månedrakter inne på senteret og det var betydeleg risiko for å bli smitta av viruset sjølv viss ein ikkje var påpasseleg nok med smittevern.

Under ebolaepidemien i Sierra Leone i 2014/15 laut helsetilsette gå med smittevernspåkledning. Foto: Privat

Meiningsfull jobb

Det beste med jobben som feltlege, er dei nære møta med enkeltmenneske og pasientar – den gode kjensla av å ha vore med på å redde liv, tatt riktige avgjersler og å oppleve den enorme takksemda pasientane har for at dei er der for dei.

– Det gjer så stort inntrykk treffe folk, snakke med dei og kunne vere med å hjelpe. Pasientane er akkurat som deg og meg. Dei lever tilfeldigvis på ein annan stad på kloden og er tilfeldig ramma av sjukdom, ulukker eller krig, svarar Thallinger og held fram:

– Å vere alvorleg sjuk er noko av det mest sårbare eit menneske kan gå gjennom. Det å kunne bidra med kunnskap og handling, jobbe saman og direkte hjelpe menneske er så meiningsfylt.

Foto: Privat

Redda gravid koronapasient

Under sitt siste oppdrag som ansvarleg intensivlege på ei stor avdeling i millionbyen Aden i Jemen, strøymde det til mange svært alvorleg koronasjuke på kort tid.

Ein av pasientane var ei gravid kvinne. Ho hadde alvorleg korona og fordi babyen i magen pressa opp lungene som var sjuke, hadde ho store problem med å puste. Ho var kritisk sjuk og Thallinger var ikkje sikker på om ho kom til å overleve.

Einaste moglegheit var å hjelpe pusten med å ta ut barnet, men ingen sjukehus ville ta ho imot for å gjere keisarsnitt. Til slutt fekk Thallinger organisert at eit anna krigstraumesjukehus av Leger Uten Grenser skulle ta imot den gravide kvinna.

– Vi fann ein gynekolog og eg reiste med ho i ambulanse til sjukehuset som låg ein time unna. Der bedøvde eg ho og gynekologen forløyste ei frisk, lita jente.

Familien hadde kome i ein skranglete Opel Corsa utan vindauge og stod utanfor inngangen og venta på barnet og kvinna då dei blei trilla tilbake til ambulansen.

– Dei var frå seg av glede. Kvinna overlevde og blei skriven ut med barnet ei veke seinare. Ho kalla den vesle jenta for Monica. 

Monica Thallinger er barnelege og har difor arbeidd mykje med barn. Babyen på bilete er ikkje vesle Monica. Foto: Privat

Samstundes er desse møta veldig sterke og krevjande. Pasientane Thallinger behandlar er ofte svært sjuke. Pårørande har forventningar og er bekymra og ofte desperate etter å få hjelp.

– Mange gonger klarer vi ikkje hjelpe dei og dei døyr. Eg har ein «mental kyrkjegard» av barn som eg kjem ha med meg for alltid, fortel legen og held fram:

– Det er ungar som har krope under huda på meg, gjort spesielt inntrykk eller vore med i situasjonar der eg kanskje har følt eg har kome til kort, ikkje gjort nok og ber på dårleg samvit. 

Vanskeleg å kome heim att

Arbeidet i felt er intenst og altoppslukande. Ein jobbar engasjert, mykje og tett med team og pasientar. Teamet bur saman og oppheld seg mange timar på sjukehuset. Det mest utfordrande er å kome heim.

– Når ein kjem heim må ein ta ned tempo og skru av felt-modusen. Sansane, som til dømes å høyre etter skot som ein har aktivert i felt, skal deaktiverast. Livet til kollegaer, vennar og kjente her i Noreg har gått sin gang, og i det store og heile er det ikkje mange som er så interessert i å høyre om korleis ein har hatt det.

Når ein kjem rett frå epidemiar, krigsområde og har opplevd brutale og traumatiske situasjonar kan denne overgangen vere vanskeleg. Ifølgje legen er det lett å isolere seg og heller trekke seg unna, og halde ting for seg sjølv.

Leger Uten Grenser i Den Sentralafrikanske Republikk. Foto: Privat

– Eg er glad eg har familie og gode vennar som veit korleis dei kan støtte og forstår meg når eg kjem heim.

Trur mange glorifiserer

Å vere hjelpearbeidar krev fleksibilitet, evne til problemløysing, å ta avgjersler og utvikle prosjekt framover. Ein må vere motivert, jobbe med lite løn og under beinharde forhold, forklarar Monica Thallinger.

– Som lege jobbar ein utanfor komfortsona, utan infrastruktur som sjukehus ein er vand til, laboratoriet og utstyr og medisinar og med kollegaer som har annan utdanningsgrunnlag og erfaring enn kollegaer i Noreg.

Ho rår unge som siktar mot å jobbe med Leger Uten Grenser til å tenkje godt over kva som er motivasjonen. Vidare er det lurt å lære seg språk og forsøke å få erfaring frå å reise.

Det er mange inntrykk og ein mentalt krevjande jobb. Ein ser og opplever ytste naud på kloss hald.

– Eg trur mange har ein glorifisert idé om å reise ut og hjelpe folk i naud. Er ein ikkje førebudd på kor hardt det kan bli blir det veldig vanskeleg å utføre jobben. Yrket passar til dei med pågangsmot, driv til å gjere ein forskjell, audmjukskap og respekt for andre menneske.

Trass i at arbeidet er beinhardt, understrekar Thallinger at det er verdas beste jobb, der ein har ei mogelegheit til å gjere ein stor forskjell i verda.


Kunstnaren Leeroy New deltok på ein av protestane mot antiterrorlova i juni i fjor, i den filippinske hovudstaden Manila. Foto: AP Photo/Aaron Favila

Fakta

Namn: Monica Thallinger
Alder: 43 år
Frå: Fredrikstad
Yrke: Barne- og anestesilege
Utdanning: Lege og spesialist i barnesjukdommar. Spesialiserer meg til å bli anestesilege. Doktorgrad i nyføddgjenoppliving i låg-ressurs land. 

Fakta

(Médecins Sans Frontières, MSF)