Klimakrise, fattigdom og væpna konflikt: Dette er verdas mest underrapporterte kriser

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koronapandemien og rikingar på romferd er noko av det nettavisene har vore fylte av det siste året.

Samstundes var det andre saker som skapte få overskrifter.

Kor mykje las du til dømes om nauden i Zambia, Ukraina og Malawi i løpet av fjoråret?

– Kriser som rammar millionar av menneske forsvinn heilt frå medieradaren. Spesielt gjeld det komplekse kriser, der dramaet og årsakene er vanskelegare å formidle.

Det fortel generalsekretær i CARE Norge Kaj-Martin Georgsen i ei pressemelding.

At krisene ikkje blir skrivne om, betyr ikkje at dei ikkje er der.

Organisasjonen reknar at koronapandemien og klimaendringar har forverra dei globale krisene, og at 274 millionar menneske vil trenge humanitær hjelp i år.

Krisene som hamna i skuggen av pandemien

CARE lanserer årleg ein rapport over dei mest underrapporterte humanitære krisene i verda. Du hugsar kanskje at Burundi toppa lista i 2020?

I 2021 var det den humanitære krisa i Zambia som stakk av med den lite gjeve førsteplassen på lista. CARE estimerer at 1,2 millionar menneske treng humanitær bistand der.

Ei kvinne utanfor huset sitt i Lusaka, Zambia. Landet toppar lista til CARE over underrapporterte kriser. Foto: AP Photo/Tsvangirayi Mukwazhi

Ifølgje organisasjonen lever nesten 60 prosent av befolkninga i landet under fattigdomsgrensa.

På landsbygda finn vi fleirtalet av dei som lever i fattigdom, og dei opplever i tillegg svolt og dei mest alvorlege konsekvensane av klimaendringane.

Som mange andre land i det sørlege Afrika er Zambia råka av tørke og matusikkerheit. Feilernæringsraten i landet er blant dei høgaste i verda.

Likevel blei det ikkje skrive meir enn 512 nettartikar om den humanitære krisa i landet. Til samanlikning publiserte media 362.522 nettartiklar om intervjuet Oprah Winfrey gjorde med prins Harry og Meghan Markle, 1.636.992 nettartiklar om heimekontor og heile 3.537.062 nettartiklar om OL i Tokyo.

– Det er fleire konfliktar i verda no enn sidan 1945. Konfliktar, klimakrise og korona gir ein trippelsmell som rammar fleire menneske i fleire land. Vald, svolt og fattigdom har auka under pandemien. Jenter og kvinner blir alltid hardast råka, forklarar Georgsen.

Kaj-Martin Georgsen, generalsekretær i CARE Norge. Foto: CARE Norge

Ukraina på dagsordenen

På andreplass på lista finn vi Ukraina.

Åtte år med væpna konflikt i Aust-Ukraina har påverka liva til millionar av menneske i Donetsk og Luhansk-områda i stor grad.

FN reknar at rundt 3,4 millionar menneske trong humanitær hjelp og beskyttelse i 2021. Av desse var 68 prosent kvinner og barn.

Trass i dette, blei det berre skrive 801 nettartiklar om den humanitære situasjonen i landet i perioden i 2021 som er analysert.

Det overraskar kanskje, for no, i starten av 2022, er Ukraina på alles lepper på grunn av den moglege militære invasjonen frå Russland.

CARE Norge meiner situasjonen i Ukraina illustrerer korleis ei latent krise får lite merksemd, heilt til det blir kritisk og ho plutseleg toppar agendaen.

Ein ukrainsk soldat ber ein katt gjennom skyttergravene ved skiljelinja frå pro-russiske opprørarar i Donetsk-regionen i Ukraina. Foto: AP Photo/Andriy Dubchak

Lommer av kriser

Den tredje mest underrapporterte krisa i verda er ifølgje CARE den humanitære krisa i Malawi, med 832 nettartiklar.

Malawi er ein av stadane der klimakrisa allereie påverkar folket tydeleg, og ekstremvêr som tørke, flaum og jordskred vil auke framover, noko som fører til dårlege avlingar og hungersnaud.

To år etter den tropiske stormen Idai slit framleis tallause familiar, ifølgje CARE.

Elles går covid-19-vaksineringa sakte og er ei stor utfordring i Malawi. HIV-innfeksjonar er òg utbreidd.

Kvinner sit på ei fødeavdeling i Malawi. Helsestyresmaktene i landet seier at færre kvinner får svangerskapsomsorg midt i COVID-19-pandemien. Foto: AP Photo/Thoko Chikondi

Kaj-Martin Georgsen trekkjer fram at journalistane sin tilgang til områda og eigen tryggleik der er avgjerande for kor vidt kriser blir dekt.

– Og pandemien har skapt flere lommer av kriser som vi ikkje ser. Det verkar direkte inn på liva til kriseramma menneske: Mangel på offentleg bevisstheit gir mindre økonomisk støtte til humanitære kriser, seier han.

Georgsen meiner norske politikarar og medium kan bidra, og oppmodar den norske regjeringa til å bruke plassen i Tryggingsrådet i FN til å løfte fram gløymde kriser.

Generalsekretæren understrekar at krisene som blir gløymde i år, kjem tilbake med større styrke seinare.

– Vi kan ikkje lukke augo for at det blir fleire kriser. Vi må hjelpe, både fordi vi kan og fordi det er i vår interesse å bidra til ei mer stabil verd. Konsekvensane av globale kriser påverkar oss også i Noreg. 

Dei ti krisene som fekk minst mediemerksemd i 2021:

  1. Zambia – 1,2 millionar menneske treng humanitær bistand.
  2. Ukraina – 3,4 millionar menneske treng humanitær bistand.
  3. Malawi – 17 prosent av befolkninga er alvorleg underernært.
  4. Den sentralafrikanske republikk – 2,8 millionar menneske treng humanitær bistand.
  5. Guatemala – 2/3 av befolkninga lever på under 2 amerikanske dollar om dagen.
  6. Colombia – 6,7 millionar menneske i landet er avhengige av humanitær bistand.
  7. Burundi – Kvar femte person treng humanitær bistand.
  8. Niger – 45,7 prosent av barn under fem år er underernærte.
  9. Zimbabwe – 5,7 millionar menneske manglar nok mat.
  10. Honduras – 1/3 av befolkninga er råka av matusikkerheit.

Kjelde: CARE Norge


I dag er mesteparten av Burundi menneskeskapt savanne. Tilbakevendande tørke og flaum gjer det vanskeleg å dyrke jorda i landet. Biletet er tatt i Nkonge. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Fakta

Care har saman med medieovervakingstenesta Meltwater utarbeidd lista ved å analysere over 1,8 millionar nettartiklar som blei publiserte mellom 1. januar og 30. september 2021, på fransk, tysk, spansk, arabisk og engelsk.