Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dagen startar med at dei som har husdyr må gå og hente mat til dei. Og maten er friskt gras, men det finst jo ikkje, for alt er bearbeidd jord, fortel Milda Nordbø Rosenberg, som var på feltarbeid i Burundi i 2017.

Forskaren ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo har studert utvikling og forska på kaffiproduksjonen i Burundi, som er den primære eksportvara og inntektskjelda i landet.

– Det finst berre litt gras langs vegkanten, så tenk deg millionar av menneske som prøvar å få tak i litt gras til husdyra sine. Det er ein sånn ting som eg ikkje hadde førestilt meg at var ein kamp, fortel ho på telefon til Framtida.no.

Ein av forskingsmetodane Rosenberg brukte då ho var i Burundi, var at kjeldene hennar forklarte dagen sin gjennom fotografi. Slik lærte ho mykje om livet til burundiske bønder. Det er lite mat både til husdyr og menneske på landsbygda i Burundi. Foto: Milda Nordbø Rosenberg.

12 millionar på eit område som Viken

Burundi er eit av dei tettast befolka landa i Afrika. 11,9 millionar menneske er fordelt på 27 830 kvadratkilometer.

Milda Nordbø Rosenberg forskar på samspelet mellom natur og menneske, klimaendringar med fokus på vellukka klimatilpassing, verdikjeda til spesialkaffe, betydinga av samarbeid for store og små samfunnsendringar og utviklinga i Afrika. Pressefoto: Universitetet i Oslo

– Det er alltid folk der, sjølv om det er på landsbygda. Sjå for deg om lag 12 millionar menneske på eit område som så vidt er større enn Viken fylke i Noreg! fortalde Rosenberg til Framtida.no tidlegare denne veka. 

Burundi er òg eit av dei fattigaste landa i verda, og landet er rangert som nummer 185 av 189 land på FN sin Human Development Index over menneskeleg utvikling. Ifølgje Verdens matvareprogram er Burundi det landet i verda som har størst feilernæring.

Økonomien i Burundi hovudsakleg basert på jordbruk, men forholda for å drive med jordbruk er langt ifrå optimale. I dag er mesteparten av Burundi menneskeskapt savanne. Tilbakevendande tørke og flaum gjer det vanskeleg å dyrke jorda i landet. 

Ei forklaring på nauden i landet, er ein kombinasjon av underutvikling, ekstremvêr og mange tiår med krig og politisk uro, som utgjer ein vond sirkel det er vanskeleg å kome ut av.

Jorderosjon og avskoging er ei utfordring Republikken Burundi, som ligg på det afrikanske høgplatået. Foto: Milda Nordbø Rosenberg. Biletet er tatt i Nkonge. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Den mest underrapporterte krisa i verda

I januar 2021 publiserte hjelpeorganisasjonen Care si årlege liste over underrapporterte kriser, det vil seie dei krisene som får minst mediemerksemd.

Burundi er eit lite og svært tettbefolka land i Sentral-Afrika. Foto: Wikipedia

På toppen av lista finn vi Burundi.

Rapporten deira er basert på over 1,2 millionar globale kjelder på engelsk, fransk, tysk, arabisk og spansk, og listar opp dei ti mest underrapporterte krisene i verda i 2020.

I 2020 blei det publisert 429 artiklar om situasjonen i Burundi.

Til samanlikning blei det publisert 39.900 artiklar om at Kanye West lanserte seg som presidentkandidat, og over 334.000 artiklar om lanseringa av PlayStation 5, skriv Care i ei pressemelding.

Illustrasjon over verdas mest underrapporterte kriser i 2020. Foto: Care International.

Borgarkrig mellom hutu og tutsi

I tillegg til at burundiarane er svært utsette for flaum, tørke og matmangel, har landet i moderne tid opplevd mykje uro, som igjen påverkar samfunn, politikk og økonomi.

Noko av grunnen til den ekstreme fattigdommen i landet, er borgarkrigen på 1990-talet og den politiske og sosiale uroa, ifølgje FN-sambandet.

Som nabolandet Rwanda, har uro mellom dei to største folkegruppene hutu og tutsi ført til borgarkrig og massakrar.

Burundi var prega av borgarkrig frå 1993 til 2005, som vart utløyst av attentatet på den nyvalde presidenten, hutuen Melchior Ndadaye.

Mange burundiarar måtte flykte til nabolanda. Mellom anna flykta rundt 700.000 til Tanzania på grunn av borgarkrigen, som offisielt enda i 2005. Då hadde 12 år med borgarkrig i landet kosta 300.000 menneskeliv.

Framtida.no har tidlegare prata med dei to burundiske kvinnene Ada (24) og Mireille (25), som begge var fødde i flyktningleir, grunna uroa i heimlandet.

– Minna eg har derfrå er tristheit og manglar, fortalde Mireille Françoise Niyomwungere.

26. august 2005. Tidlegare opprørsleiar Pierre Nkurunziza er vald til president i Burundi, og held det burundiske flagget, som symboliserer foreininga av landet. Foto: NTB/AP Photo/Riccardo Gangale.

Noreg frarår reiser til Burundi

Etter mange år med borgarkrig fekk Burundi ei ny grunnlov i 2005, og den tidlegare opprørsleiaren Pierre Nkurunziza blei vald som president. Grunnlova sette opp ei maktfordeling mellom hutuar og tutsiar, og skulle stabilisere landet.

Men i 2015 blei sikkerheitssituasjonen i Burundi på nytt ustabil, då president Nkurunziza stilte til val for ein tredje periode, og vann. Det ville gi han 15 år ved makta. Opposisjonen meinte at dette strida mot grunnlova, og valet blei fordømt av FN, EU og den afrikanske union.

Sidan 2015 har Utanriksdepartementet i Noreg frårådd alle reiser til eller opphald i Burundi, og norske borgarar blir rådde til å forlate landet.

Ein soldat står mellom demonstrantar og opprørspoliti i Musaga-distriktet i Bujumbura i Burundi 4. mai 2015. Tusenvis av demonstrantar har teke til gatene etter at presidenten gjekk for ei tredje presidentperiode. Foto: AP Photo/Jerome Delay

Nye menneskerettsbrot

Uroa rundt presidentvalet i 2015 førte til ei rekkje valdelege episodar. Ifølgje NTB kravde valdsbølja 1.200 menneskeliv og 400.000 blei drivne på flukt frå Burundi.

FN sin granskingskommisjon for Burundi konkluderte i 2017 med at det var grunn til å tru at det blei begått menneskerettsbrot, og det kom rapportar om bortføringar, tortur, drap og trakassering av opposisjonelle og av medium.

Nkurunziza innførte i 2018 ei grunnlovsendring som gjorde at han kunne behalde makta til 2034, men kunngjorde like etter at han ikkje planla å stille til val for ein ny periode.

I mai 2020 blei det halde val i Burundi, og den tidligere generalen Evariste Ndayishimiye blei vald til president. Nasjonalforsamlinga gjorde likevel Nkurunziza til «øvste rådgjevar», og det var venta at han slik framleis ville ha innverknad. Men, den tidlegare presidenten døydde av sjukdom i juni 2020, 55 år gamal.

Søndag 13. juni 2020. Den påtroppande presidenten i Burundi Evariste Ndayishimiye, i midten, signerer kondolanseprotokollen etter tidlegare president Pierre Nkurunziza sin bortgang. Han hadde vore president i 15 år då Ndayishimiye tok over. Biletet er teke i presidentpalasset i Bujumbura i Burundi. Foto: NTB/ AP Photo / Berthier Mugiraneza

Trass maktskiftet er situasjonen i det krigsherja landet framleis svært skjør.

Landet opplever no ei tilstrøyming av burundiske flyktningar som kjem heim frå nabolanda, noko Burundi, som ein av dei fattigaste nasjonane i verda, er dårleg budd på.

FN sin høgkommissær for flyktningar reknar at det i 2020 var rundt 367.000 burundiske flyktningar i Den demokratiske republikken Kongo, Rwanda, Tanzania og Uganda. Dei anslo at 50.000 ville returnere til Burundi i 2020.

Flyktningar fra Mahama-leiren i Rwanda returnerer til Burundi i august 2020 etter fem å i eksil i nabolandet etter uroen som følgde presidentvalet i 2015. Foto: AP Photo / Berthier Mugiraneza

Elles har representantar frå Verdens helseorganisasjon blitt erklært uønska og utvist av landet, og også FN sine menneskerettsekspertar har blitt kasta ut etter at dei la fram ein rapport som dokumenterte over 300 utanomrettslege avrettingar.

Inga betring under Ndayishimiye

I ein rapport utgitt av FN i 2020 kjem det fram at menneskerettssituasjonen i Burundi ikkje har blitt noko betre under den nye presidenten.

– Så langt ser vi få positive endringar sidan president Ndayishimiye tok til embetet. Det demokratiske rommet forblir svært smalt, straffridomen vedvarer, og det er ingen indikasjonar på at nivået av menneskerettsbrot har avtatt under den nye regjeringa, seier Doudou Diène, leiar av FN sin granskingskommisjon, ifølgje ei pressemelding i høve rapporten, og legg til:

– Tvert imot. Nokre personar som er underlagt internasjonale sanksjonar for deira påståtte ansvar for menneskerettsbrot i 2015, er faktisk utnemde til leiande stillingar i Ndayishimiye-administrasjonen.

Burundi sin president Evariste Ndayishimiye under innsetjinga i Gitega 18. juni 2020. Han tok over makta to månader før planlagt på grunn av den tidlegare presidenten sin bortgang. Foto: AP Photo/Berthier Mugiranez

I ei pressemelding frå 11. mars 2021 tar granskingskommisjonen til FN igjen til orde for at president Ndayishimiye skal fjerne usikkerheita rundt menneskerettspolitikken sin. Dei viser til at nokre første, symbolske initiativ har funne stad, men meiner det ikkje er tilstrekkeleg.

– Vi forventar at dei blir følgde av konkrete handlingar som fremjar menneskerettssituasjonen, uttalar kommisjonen sin president Doudou Diène.

Fanga i konfliktfella

– Det er vanskeleg å skape eit demokrati i eit land som er så øydelagt av krig og mistillit, seier Milda Nordbø Rosenberg. 

Ho viser til at Burundi er fanga i ei såkalla «conflict trap», eller ei konfliktfelle. Det tyder at underutvikling og konflikt forsterkar kvarandre, og blir ein vond sirkel det er vanskeleg å kome ut av.

– Vi spurde ofte folk «kva er det du drøymer om?», og svaret var fred. Ikkje meir krig, det var det viktigaste for alle, stabilitet og ro. Og det er jo ein veldig viktig ting å få på plass. Men samstundes, når det er så mykje naud, og alt er litt umogleg, er det også det som oppskalerer til konflikt. Så det er ein vond sirkel, seier Rosenberg.

Burundiske Mireille Françoise Niyomwungere fortalde Framtida.no tidlegare denne veka at ho drøymde om eit betre liv enn det ho har i dag.

– Eg drøymer om å sjå meg sjølv bidra til utviklinga av landet, spesielt til å kunne hjelpe barn som går igjennom dei same vanskane som eg har, fortalde ho. 

Milda Nordbø Rosenberg studerte livet til kaffibønder i Burundi og omstillingsevna deira. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Milda Nordbø Rosenberg understrekar at alt er utfordrande på éin gong når alle er fattige, vegane er dårlege, det ikkje finst straum og det ikkje finst pengar.

Eit døme på den vonde sirkelen er mangel på drivstoff. Det ikkje er nok drivstoff til å produsere kaffi, samstundes som det er kaffi som gir inntektene til landet til å kjøpe drivstoff.

– Alt heng saman, og alt heng i ein tynn tråd. Og når denne eine tråden raknar, så raknar alt saman.

Det som gjer det enda vanskelegare, er at dei som sit ved makta, ifølgje Rosenberg, misbrukar makta for å overleve sjølve.

– Det har vore utbrot av ekstrem vald og etnisk og politiske spenningar kvart tiande år, der folk har måtta flykta og dra frå alt, kome tilbake, og alt er øydelagt. Tenk å måtte byggje opp alt du har kvart tiande år.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no. 

Christelle og dottera Alvina fotografert på ein skule i Kongo, der dei måtte søkja tilflukt etter at heimbyen hennar Bangassou vart angripen 3. januar 2021. Foto: © Alexis Huguet

Burundi

  • Hovudstad: Bujumbura
  • Styreform: Republikk
  • Etniske grupper: Hutu 85%, Tutsi 14%, Twa 1%
  • Språk: Kirundi (offisielt), fransk (offisielt), engelsk (offisielt), swahili
  • Religion: Romersk-katolske 62.1%, protestantar 23.9%, muslimar 2.5%, andre 11,5% (2008)
  • Innbyggjartal: 11 900 000 (2020)
  • Areal: 27 830 km2

Kjelde: FN-sambandet