Vil gjera abort lovleg i Sierra Leone

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter mange års kamp, ser det no ut til at abort vil bli lovleg i Sierra Leone. Det skriv mellom anna The Guardian.

President Julius Maada Bio kunngjorde at regjeringa hans vil leggja fram eit lovforslag som vil legalisera abort då Sierra Leone var vertsland for The 10th Africa Conference on Sexual Health and Rights. Lova vil òg sikra kvinner betre helsehjelp under og etter eit svangerskap.

Lovforslaget vil bli lagt fram for nasjonalforsamlinga i september. Det er venta at lova blir vedteke.

Tidlegare har fleire forsøk på å gjera abort lovleg mislykkast. Det skjedde sist i 2015, då dåverande president Ernest Bai Koroma la ned veto må ei lov vedteke av nasjonalforsamlinga.

Farleg å føda

Sierra Leone er det eit av dei landa i verda der det er farlegast å føda. For kvart 100 000 svangerskap, endar 1120 av dei med at mora døyr. Omtrent 10 % av desse døyr grunna utrygg abort.

Også dødstala blant nyfødde er høge. Meir enn 10 % av borna døyr før dei blir fem år gamle.

Kritiserte USA

President Bio nytta òg høve til å samlikna det som skjer i Sierra Leone med opphevinga av den føderale retten til abort i USA.

– I ei tid når rettane kvinner har til ei god seksuell og reproduktiv helse enten blir oppheva eller truga, er me stolte over at Sierra Leone endå ei gong kan visa veg med progressive reformer, sa han ifølgje The Guardian.


Demonstrantar samla seg framfor høgsterett dagen retten til abort etter grunnlova vart oppheva. Foto: Ted Eyton/ Flickr/CC BY-SA 2.0