Medan han gøymde seg frå krigen, fann ukrainske Igor (17) opp ein landmine-drone

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg høyrde lydane frå eksplosjonar, fly og rakettar, men eg visst at eg burde halde fram med å jobbe.

Det fortel 17 år gamle Igor Klymenko i eit intervju med teknologiselskapet Chegg.

Då Russland invaderte heimlandet hans i februar, laut den ukrainske 17-åringen flykte frå heimbyen Kyiv til landsbygda. Medan åtaka gjekk føre seg, søkte han ly i ein kjellar, som husa åtte personar til.

Klymenko brukte tida til å ferdigstille eit prosjekt han hadde starta på som niåring: Ein drone som kan oppdage landminer.

No har han vorte fått utmerkinga Global Student Prize og ein premiepott på 100.000 amerikanske dollar for innsatsen.

Dette er ein av drone-prototypane Igor Klymenko har utvikla. Foto: Skjermdump frå YouTube.

– Kan redde tusenvis av liv

Heilt sidan barndomen har Igor Klymenko vore interessert i programmering og teknologi. Då Russland invaderte Krim-halvøya i 2014 og krigen aust i Ukraina først braut ut, ville han bidra på eit vis:

– Eg byrja å tenkje på korleis eg, ein skulegut, kan hjelpe militæret med å støtte landet vårt.

Han las om korleis uoppdaga landminer er eit globalt problem, og ein trugsel mot både soldatar og sivile. I 2020 vart minst 7073 personar i 54 land drepne eller skadde av miner. 80 prosent av dei råka var sivile, og minst halvparten av desse var born.

Klymenko bestemte seg for å utvikle ein minerobot. Åtte år seinare er to prototypar av dronen Quadcopter Mines Detector klar.

Dronane har metalldetektor og kan oppdage kor landminer ligg gøymt, utan at nokon må ta føtene fatt og aktivt gå ut i utrygge område.

– Vi kjem til å redde hundrevis, kanskje tusenvis, av liv med å bruke dette spesialapparatet, seier Klymenko sjølv.


Skjermdump frå Instagram-kontoen til Veronika Loginova.