AUF-leiaren: – No står kampen om Wisting-feltet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No står kampen om Wisting-feltet. Eit oljefelt som nærast ligg oppi iskantsona, som ikkje løyser Europa sin gassmangel og som først er klart til å produsera langt ut på 2030-talet kan ikkje og skal ikkje ha livets rett. Vi kan ikkje bruka kapital og kapasitet på eit oljeprosjekt som dreg oss enda lenger bort frå klimamåla våre.

Det sa AUF-leiar Astrid Hoem frå talarstolen då ho torsdag opna AUF sitt 58. ordinære landsmøte. I helga er 350 delegatar frå fylkeslaga til AUF samla for å vedta politikken framover.

AUF krev at regjeringa må:

  • auke bistanden
  • ta imot fleire kvoteflyktningar
  • seia nei til utbygging av Wisting-feltet

Fleire organisasjonar har kritisert regjeringa for kutt i bistandsbudsjettet, ein kritikk som AUF-leiaren stemmer i.

– Energiprisane i Noreg gjer at Stortinget stengjer badstua medan energiprisane i Jemen stengjer sjukehus. Difor er eg skuffa over at vi ikkje gjev ein prosent i bistand i dette statsbudsjettet, og eg er skuffa over at vi kuttar i talet på kvoteflyktningar.


Miljøorganisasjonane manar til kamp mot det nye oljefeltet: – Hausten sitt store oljekrav er no å stoppe utbygginga av Wisting.

Elise Åsnes er leiar i Spire. Foto: Presse/Spire