Pandemien gjer det verre å vere kvinne i konfliktområde

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

274 millionar menneske har behov for humanitær naudhjelp, ifølge ein ny rapport frå FN. FN anslår at det trengst 366 milliardar kroner for å dekka behova.

– På toppen av pågåande konflikter og klimakrisa har pandemien sett rekordmange liv i fare. Likestilling har gått i revers, og situasjonen vil forverrast i 2022, seier Kaj-Martin Georgsen, generalsekretær i Care Norge, i ei pressemelding.

Afghanistan, Syria og Jemen er øvst på lista over dei 30 landa som har størst behov for bistand.

Råkar særleg kvinner

I enkelte konfliktområde har over 70 prosent av kvinner og jenter opplevd kjønnsbasert vald. Pandemien har auka risikoen.

Ei undersøking frå 15 tidlegare konfliktområde i Afrika viser auke i partnervald og barneekteskap under pandemien.

Dårlegare tilgang til essensielle helsetenester råkar særleg kvinner og born.

Fleire kvinner enn menn lever i fattigdom, og den globale ulikskapen innan lønn er venta å bli verre.

– Krisene vert ikkje løyste utan at vi har med kjønnsperspektivet for å lage robuste løysingar som kan vare over tid. Kvinner må inkluderast i utforminga av dei humanitære responsane, seier Georgsen i Care.

Kaj-Martin Georgsen, generalsekretær i CARE Norge. Foto: Presse

 

– Finansieringa er altfor låg

Georgsen viser samstundes til at humanitær naudhjelp hjelper. Privat sektor har spelt ein nøkkelrolle i å skaffe ressursar og styrke beredskapen under pandemien. Så langt i år har det internasjonale samfunnet levert mat, medisinar, helsetenester og annan bistand til 107 millionar menneske.

– FN-rapporten viser at behova er enorme og at finansieringa er altfor låg. Vi oppmodar styresmakter og næringsliv til å bidra og samarbeide i større grad, seier Georgsen.

I statsbudsjettet for 2022 gir Noreg 1,01 prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) til bistand. Det utgjer 41,9 milliardar kroner. Talet er høgare enn nokosinne. Noreg aukar bidraget til FN sitt naudhjelpsfond til 450 millionar kroner i året.

– Vi skulle gjerne sett at dette vart spegla i verdssamfunnet. Viss vi ikkje tar oss råd til det, vil heile verda betale ein høg pris på lang sikt, seier Georgsen. 


Spire-leiar Julie Rødje deltok på FN sitt toppmøte om matsystem, men ho hadde ikkje høge forventningar til utfallet. Foto: Spire