«Utviklingsland mistar meir skatteinntekter på grunn av ulovleg kapitalflukt, enn dei får i bistand»

Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø, AUF-leiar Astrid Hoem, fungerande SU-leiar Andrine Hanssen Seppola
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribentane sine meiningar.

I Hurdalsplattforma lovar regjeringa at Noreg skal ta ei leiande rolle i arbeidet for å kjempe mot ulovleg kapitalflyt og skatteunndraging. I tillegg skal Noreg arbeide internasjonalt for ein konvensjon om økonomisk openheit. No er tida moden for at desse lovnadane følgjast opp med konkret politikk.

Ifølgje FN forsvinn omtrent 600 milliardar dollar årleg i ulovleg kapitalflukt på verdsbasis.

Dette svarar til 3–4 norske statsbudsjett. Utviklingsland mistar meir skatteinntekter på grunn av ulovleg kapitalflukt, enn dei får i bistand. Dette er uhaldbart.

Ser ein regjeringa sine løfte frå Hurdalsplattforma i samanheng, meiner vi ein internasjonal skattekonvensjon er eit naturleg utfall av, og mål for vår utanrikspolitiske innsats.

Målet med «økonomisk openheit» vil vere å hindre, ved å synleggjere, økonomisk kriminalitet. Ein skattekonvensjon kan innehalde både forpliktingar til openheit, men også andre tiltak som kjempar mot skatteunndraging.

Viss vi i større grad klarar å samle ulike initiativ under ein brei internasjonal skattekonvensjon, kan vi slå fleire fluger i ein smekk. Vi meiner FN er eit godt fora for forhandling av, og oppfølging av ein slik konvensjon, då FN har god demokratisk praksis for både inkludering av alle verdas land, openheit rundt prosessar og tilretteleggjar for sivilsamfunnsmedverknad.

Kapitalflukt har også ein konkurransevridande effekt på marknaden

Kapitalflukt har også ein konkurransevridande effekt på marknaden. Selskapa sine evner til å flytte overskot kan bli viktigare for deira marknadsandel enn deira gode idear og produktivitet. Øvinga er i seg sjølv ressurskrevjande – ein treng god kompetanse om internasjonal skatterett. Derfor er dette ein konkurranse nasjonale og lokale bedrifter er dømt til å tape, i møte dei store multinasjonale selskapa.

Vi treng globalt samarbeid.

Problema knytt til kapitalflukt har fått auka merksemd dei siste åra, blant anna i EU og OECD. OECD har lansert tiltak gjennom Base Erosion and Profit Shifting (BEPS) i fleire steg. I 2021 utarbeida OECD nye skattereglar for dei største selskapa.

Problema knytt til kapitalflukt har fått auka merksemd dei siste åra

Pilar 2 inneber ein global minimumsskatt på 15 %. Denne favoriserer dei rikaste landa, kor dei multinasjonale selskapa har hovudkontor. Pilar 1 gir ei omfordeling av skattbart overskot til land der selskap har kundar, men sett også eit forbod mot nasjonale skattar på digitale tenester, etter press frå USA.

Avtalen er ikkje tilstrekkeleg for å stoppe skatteunndraging og ulovleg kapitalflyt og gir lite nye skatteinntekter til utviklingsland. Noreg og Danmark ser heller ikkje ut til å ville tene mykje på dei nye ordningane. Minimumsskatten på 15 % er vesentleg lågare enn gjennomsnittet blant OECD-land på 25 prosent. Den vil dermed ikkje hindre selskap frå å flytte inntekter for å unngå skatt. Irland, som av SSB er definert som eit skatteparadis, har for eksempel ein selskapsskatt på 12,5 %.

Ei rekke land som tidlegare støtta BEPS-prosessen, har no sagt nei til å implementere føresegnene frå siste runde. Det ser heller ikkje ut som at USA, som har vore sentrale i BEPS-arbeidet, vil ratifisere den endelege avtalen. Det bidrar til at prosessen mistar mykje av sin legitimitet og betydelegheit.  

Som ein respons på manglande inkludering og skuffande resultat i OECD, har FN-gruppa med utviklingsland, G77, ved fleire høve tatt til orde for ein internasjonal skattekonvensjon i FN.

Ideen om ein skattekonvensjon er enkel, men omfattande. Den er ambisiøs, men realistisk.

Vi håpar regjeringa legg handling bak orda sine om å kjempe mot ulovleg kapitalflukt.

Tida er inne for at Noreg tek initiativ til ein global skattekonvensjon i FN!


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips(a)framtida.no


Changemaker og Kirkens Nødhjelp har fått med seg 30 organisasjonar bak rformkrav til den nye regjeringa. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB, Changemaker, Colourbox. Kollasj: Framtida.no