Språkrådet har vedteke å ta «hen» inn i ordbøkene
Språkrådet har vedteke å ta inn pronomenet «hen» i dei offisielle normene for bokmål og nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ordet er no oppført i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Her står det at pronomenet blir brukt for å vise til ein person når kjønn er ukjent, uvesentleg eller blir halde skjult, og for å vise til ein person som føretrekkjer pronomenet «hen» framfor «han» eller «ho».
Vedtaket frå Språkrådet kom torsdag, opplyser direktør i rådet, Åse Wetås.
Blir brukt meir
Språkrådet har også tidlegare vurdert å ta inn ordet, men fall då ned på at det var for tidleg, seier seksjonssjef Daniel Ims.
Språkrådet har følgt med på bruken av ordet over tid, og har sett at bruken er aukande – særleg sidan 2018/2019.
– Vi har særleg sett at det har vorte meir brukt i avistekstar, men vi kjenner jo til at det også er brukt i andre samanhengar, også i akademiske tekstar og at det er noko i bruk i skulen, seier Ims.
Han understrekar at dei ikkje veit kor utbreidd bruken er munnleg.
Møtte motstand
I april gjennomførte Språkrådet ein høyringsrunde om endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk, og forslaget om «hen» fekk mange reaksjonar, både frå støttespelarar og motstandarar.
– Av dei som utdjupa kvifor dei var imot, så gjekk det både på prinsipiell motstand knytt til debatten om tredje kjønn, og nokre som meinte at det framleis var for tidleg, seier Ims.
Ordet kom inn i svenske ordbøker i 2014, og det har truleg påverka bruken i Noreg, trur Ims. Svenskane har henta ordet frå finsk, som ikkje har kjønn.
- Les også: Dette betyr dei ulike regnbogeflagga