Elevleiar forventar at kommunane brukar innsparte pengar på elevane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange kommunar har spart pengar på lærarstreiken. Det er ei grunnleggjande forventning om at dette no går tilbake til elevane gjennom skulen og tilrettelegging for den psykiske helsa, som har vore vanskeleg for mange.

Det seier leiar i Elevorganisasjonen Aslak Berntsen Husby på telefon til Framtida.no. 

Ifølgje TV 2 har norske kommunar og fylkeskommunar spart rundt 24,3 millionar dagleg i lønnsinntekter på grunn av lærarstreiken.

Tvungen lønnsnemnd

Lærarstreiken har vart i over 100 dagar. Streiken starta i juni og har vorte trappa opp gradvis utover hausten. 8 200 streikande lærarar skal no attende på jobb.

Utdanningsforbundet organiserer flest av lærarane som har vore tekne ut i streik. Tysdag denne veka varsla forbundet ei ny opptrapping av streiken frå tysdag 4. oktober.

Same dag kalla arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) inn partane i  Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag, Skolenes landsforbund og KS. Lærarstreiken vart avblåst med tvungen lønnsnemnd.

Leiar i Utdanningforbundet Steffen Handal kalla det ein «mørk dag» der KS vann fram og skulane tapte.

– Lærarane tapar nok ein gang et tariffoppgjer. Det er svært alvorleg, sa Handal til VG og understreka at konflikten har vorte verre.

Leiar i Utdanningforbundet Steffen Handal taler på ei streikemarkering. Foto: Tore Skaar/Utdanningsforbundet

– Det handlar om å satsa på utdanning og kompetanse

Leiar i Elevorganisasjonen understrekar at dei er glade for at elevane no er tilbake på skulen, men at dei støttar lærarane sine krav.

– Det handlar om å satsa på utdanning og kompetanse. Dette er ikkje ferdig og no er det eit mykje større ansvar på politikarane sine hender. Ein må byrja arbeidet med korleis utdanna fleire lærarar. Her er mange faktorar, men løn er ein stor faktor, understrekar Husby.  

For elevane sin del forventar Husby at ein på lokalt nivå set inn tiltak for å ta att tapt læring.

Etterlyser risikovurdering om eksamen

På ein pressekonferanse onsdag uttala kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at ho forventa at kommunane no bruker pengane dei har spart på elevane.

Ministeren avslørte også at ho ikkje har planar om å avlysa eksamen til våren. Denne vurderinga meiner Husby at det er for tidleg å ta.

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby. FOTO: EIVIND LOTSBERG / ELEVORGANISASJONEN

– Me har ikkje bede om at eksamen avlysast, berre at me får meir kunnskap. Me forventar ei risikovurdering av eksamen. Det er ikkje eit steg mot å avlysa, men eit steg mot å gjennomføra eksamen på best mogleg måte, understrekar elevleiaren.

Trygt skulemiljø for læring

Elevleiaren har vore uroa for elevane si læring og psykiske helse under streiken. Han meiner skulen, lærarane og skulehelsetenesta er eit kjempeviktig lågterskeltilbod for den psykiske helsa.  

Husby understrekar at det viktigaste no er at elevane kjem seg attende på skulen.

– Det første fokuset er at elevane har eit trygt skulemiljø, som gjev gode føresetnadar for å læra. Det viktigaste er at dei kjem gjennom læreplanane og har den kunnskapen dei treng vidare.


Jonas Bratland, formidlingsansvarleg i elevrådsstyret på Amalie Skram VGS. Foto. Privat/Løken /wikimedia