Avlyser ikkje eksamen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lærarstreiken får ingen konsekvensar for eksamen, slo kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fast på ein pressekonferanse onsdag.

– Eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga til norske elevar, seier Brenna, ifølgje TV 2.

Vil følgje med

Brenna erkjenner at streiken har ført til alvorlege konsekvensar for mange barn og unge, og moglegheitene deira for opplæring. Ho seier ho kjem til å følgje ekstra godt med framover på situasjonen ute i skulane, skriv VG.

Kunnskapsministeren ber også kommunane bruke pengane dei har spart under lærarstreiken til å styrkje tilbodet til elevane.

– Kommunar og fylke har spart fleire hundre millionar kroner under streiken. Eg forventar at det er pengar som no kjem elevane til gode, seier Brenna.

06.09.200: 165 lærerarar ved flerie grunnskular og tre vidaregåande skular i Bærum er tatt ut i streik.Her var dei samla i Bærumshallen i Sandvika der det var informasjonsmøte. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB