Nye reglar: Lærarar kan gripe fysisk inn mot elevar som forstyrrar

Dette kjem i tillegg til reglane regjeringa fekk gjennom i fjor.

NPK-NTB
Publisert

Frå hausten får tilsette i skulen rett til å gripe fysisk inn for å stoppe elevar som forstyrrar undervisninga eller driv med verbal trakassering.

Dermed kan lærarar gripe fysisk inn mot truande åtferd, skjellsord, nedsetjande kommentarar eller filming, melder regjeringa.

Ein lærar kan til dømes føre ein elev ut av klasserommet viss undervisninga blir forstyrra slik at ho ikkje kan gjennomførast, eller ta mobiltelefonen frå ein elev som filmar ein annan elev i ein situasjon der det ikkje er greitt.

Dette har ikkje opplæringslova opna for tidlegare. No kan lærarar og andre tilsette gripe inn fysisk, ikkje berre for å forhindre skade på personar eller eigedom, men også for å stoppe alvorlege verbale krenkingar eller vesentlege forstyrringar i undervisninga.

– Det er på tide at lova vernar retten til undervisning for den store fellesskapen i klasserommet. Skulen skal vere ein trygg stad der elevar og tilsette trivst og lærer, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Dei nye reglane kjem i tillegg til reglane regjeringa fekk gjennom i fjor, om at tilsette kan gripe inn fysisk overfor elevar for å hindre skade på person eller eigedom.