Vanessa (25): – Dei som vert påverka mest, er dei som er minst ansvarlege

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har sett mykje mot når det kjem til krigen i Ukraina. Det er opprivande å sjå kva som har skjedd der og liva som har gått tapt, men me må ikkje ignorera resten av krisa som skjer, spesielt i det globale sør, seier Vanessa Nakate til AP Press.

Den 25 år gamle klimaaktivisten frå Uganda er FN goodwill-ambassadør og er på plass i New York under FN si Høgnivåveke under FN si 77. generalforsamling. 

13.–23. september samlast toppleiarar frå heile verda til FNs generalforsamling i New York. Her skal den norske delegasjonen delta i mellom anna FNs havpanel og leia ein høgambisjonskoalisjon mot plastforureining saman med Rwanda.

Høgt på agendaen står sjølvsagt òg krigen i Ukraina, som er tema i FNs tryggingsråd.

Afrika lir konsekvensane

Vanessa Nakate har tidlegare markert seg som ei viktig ung stemme i klimasaka. Før klimatoppmøtet i Glasgow sende ho saman med svenske Greta Thunberg, polske Dominika Lasota og Mitzi Tan frå Filippinene klimakrav til verdas toppleiarar. Det opne brevet vart signert av nesten to millionar verda over.

Nakate viser i intervjuet med AP Press mellom anna til den dødelege flaumen i Pakistan, og andre store katastrofar. Ho meiner at verda alt for fort vender merksemda bort frå klimarelaterte kriser.

25-åringen viser til at afrikanske land ofte er avhengige av landbruk og at tørke betyr feilernæring og død.

– Dei som vert påverka mest, er dei som er minst ansvarlege. Når du ser på det afrikanske kontinentet som er ansvarlege for mindre enn fire prosent av utsleppa historisk, likevel er det så mange afrikanarar som lir dei verste konsekvensane av klimakrisa, seier ho i videointervjuet.  

Afrikanske leiarar krev klimafinansiering

I forkant av klimatoppmøtet som skal arrangerast i Sharm El Sheikh i november gjekk 24 afrikanske leiarar saman for å kreve at dei rike landa i verda bidreg med meir pengar til klimatilpassing i dei fattige landa, ifølgje NTB.

Dei rike landa har lova å bidra med 100 milliardar dollar årleg til dei fattige landa, men har ikkje innfridd.

FNs visegeneralsekretær Amina Mohammed, har ved fleire høve teke til orde for at Afrika må få meir pengar til klimatilpassing.

Kravet frå dei afrikanske toppleiarane vart fremma då dei nyleg var samla i Egypt:

Må innsjå at klimakrisa er her

Nakate er blant dei unge aktivistane som oppmodar verdas leiarar til handling.

– Dei med politisk vilje og ressursar tilgjengeleg til å transformera verda er dei som verkeleg må gjera noko. Det er dei som må innsjå at klimakrisa er her. Ho påverkar liv og det forårskara tap og skade, avsluttar klimaaktivisten.


Barn og unge frå hele verda streikar for klima fredag. I Noreg vart det arrangert skulestreik i Oslo, Ås, Stavanger, Bergen og Tromsø, ifølgje Fridaysforfuture. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK