Greta Thunberg kritiserer verdsleiarane for å snakke «bla bla bla»

Klimaaktivisten gjer narr av verdsleiarane sine tomme ord på ein klimakonferanse for unge.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 03.10.2021 19:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det finst ingen Planet B. Det finst ingen Planet Bla.. bla bla bla.. bla bla bla.

På ein klimakonferanse for ungdom kritiserte aktivist Greta Thunberg verdsleiarane for å berre snakke «bla bla bla» i staden for å handle i klimakrisa.

Det skriv CNN, som først omtalte saka.

Thunberg talte på klimakonferansen Youth4Climate i Milano tysdag, to dagar før det siste toppmøtet i forkant av COP26, FN-toppmøtet om klima i Glasgow i november.

Herma etter leiarane

Thunberg viste til talar av den britiske statsministeren Boris Johnson, den franske presidenten Emmanuel Macron og den amerikanske presidenten Joe Biden, og repeterte setningar dei har brukt. Ho avslutta alle med «bla bla bla».

– Når eg seier klimaendringar, kva tenkjer du då? Eg tenkjer jobbar. Grøne jobbar, sa ho til latter og applaus frå publikum, som openbert kjente igjen orda frå Biden sin tale.

– Dette handlar ikkje om nokon dyr, politisk korrekt draum om kaninklemming eller bla bla bla, heldt ho fram, og siterte den britiske statsministeren frå klimamøtet i april.

Klimatoppmøte

Ifølgje den svenske klimaaktivisten har dei siste 30 åra med klimahandling munna ut i «bla bla bla», i tomme ord.

– Dette er alt vi høyrer frå våre såkalla leiarar… Ord, ord som høyrest flotte ut, men som så langt har ført til lite eller inga handling.

– Håpa og draumane våre druknar i deira tomme ord og mangel på handling, la ho til.

Thunberg har publisert heile talen sin på Twitter:

Håp er å handle

I tillegg til å kritisere verdsleiarane sin retorikk og mangel på handling, brukte Thunberg tida på talarstolen i Milano til å minne om at klimakrisa ikkje berre ein trugsel, men ei moglegheit for å skape ei sunnare, grønare og reinare verd.

– Vi kan framleis gjere dette. Endring er ikkje berre mogleg, men presserande nødvendig, men ikkje om vi held fram som i dag.

Ho avslutta talen sin med å seie at vi ikkje lenger kan la dei ved makta bestemme kva håp er.

– Håp er ikkje bla bla bla, håp er å seie sanninga, håp er å handle, og håp kjem alltid frå folket.

Klimaaktivist Vanessa Nakate frå Uganda tok til tårene etter talen sin på klimakonferansen i Milano og fekk støtte frå Thunberg. Nakate fortalde at ho seinast veka før såg politiet bere bort ein person som hadde mista livet som følgje av kraftige stormar. Foto: AP Photo/Luca Bruno

Kor er klimafinansieringa?

I tillegg til Thunberg, talte Vanessa Nakate, aktivist frå Uganda, på ungdomskonferansen. Ho sa at utviklingslanda framleis ventar på at den rike delen av verda skal halde klimafinanseringsløfta sine.

Verdsleiarane lova under klimatoppmøtet i Paris i 2015 å overføre 100 millardar dollar i året til utviklingslanda innan 2020.

– Dei bidraga var lova å kome innan 2020, og vi ventar frameis, sa ho, og understreka at Afrika forureinar lite, men er i frontlinja for konsekvensane av klmakrisa.


 – Vi fortel folk som ikkje er aktivistar endå, at dei ikkje bør vere redde for å heve stemma si, fordi vi er mange og saman er vi sterke, fortel Mitzi Jonelle Tan. Foto: AC Dimatatac