Propagandakrigen mellom Russland og Ukraina

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russland invaderte regionane Donetsk og Luhansk i Ukraina 24. februar 2022, og starta krig med nabolandet sitt.

Sidan då har kampane gått fram og tilbake. Fleire millionar har måtte flykte frå heimane sine. Det har vore angrep på ukrainske atomkraftverk som kunne fått katastrofale følger for heile Europa.

Samstundes er det også ein anna krig som føregår, bak orda til statsleiarar, på sosiale medium og i nyheitsreportasjar.

Russland og Ukraina kjempar ein informasjonskrig.

Propaganda

– Bodskapen avheng av situasjonen, men dei overordna bodskapane er at vestlege land, det såkalla «kollektive Vesten», er mot Russland, seier Irina Anisimova frå Universitetet i Bergen.

Anisimova er postdoktor ved instituttet for framandspråk, og forskar blant anna på samtidskulturen i Russland. Ho seier at Nato og Vesten blir framstilt som ein eksistensiell trugsel for folk i landet.

– For å forklare tapa, påstår propagandakanalane at Nato og USA brukar Ukraina for å kjempe mot Russland.

Skjermdump frå RT, eit russisk, statskontrollert nyhetsmedium med internasjonal nyheiter på engelsk. Her skriv dei at USA openlyst skryt av at dei støttar Ukraina. Foto: Skjermdump, RT.no, 15. september 2022

Propagandaen er likevel ikkje ein heilskapleg ting som alltid seier det same. Anisimova meiner poenget heller er å forvirre folk med mykje forskjellig informasjon, slik at dei ikkje stolar på noko av informasjonen dei har tilgang til.

Mediekontroll

Kenneth Andresen, medieforskar ved Universitetet i Agder, påpeiker at Russland sin versjon av krigen byggjar vidare på gamle oppfatningar som allereie eksisterer i landet.

– Ukraina var rekna som ein viktig del av i Sovjetunionen. Ideen om å innlemme noko som vart tapt har nok forsterka seg i Russland etter 2014, då Krimhalvøya vart invadert.

Ein anna del av russisk propaganda som han meiner spelar vidare på gamle idéar er at Ukraina er fylt med fascistar og nazistar.

– Det går nok djupt i den russiske folkesjela, der dei er stolte over kampen mot tyskarane under 2. verdskrig.

Denne påstanden handlar dermed om å bygge opp eit kjent fiendebilete, utan at ukrainarar har noko med faktisk nazistisk ideologi. Faktisk.no tilbakeviste nazisme-påstandane i mars. Den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj, har sjølv jødiske røter.

Sympatiske Ukraina

Den andre parten i denne krigen, Ukraina, er ikkje særleg nøgd med påstandane Russland kjem med.

For å understreke at Ukraina er ein eigen nasjon med rett til sjølvstyre, delte presidenten ein kort historievideo på Twitter i slutten av august:

I videoen blir propaganda frå Russland om at Ukraina historisk sett er russisk, tilbakevist. Samstundes blir det dratt direkte linjer mellom Russland i dag og Sovjetunionen, med illustrasjonar av kommunistleiaren Vladimir Lenin som hoppar ut av hovudet til President Vladimir Putin.

Videoen er laga av United 24, eit initiativ at den ukrainske staten for å samle inn pengar til krigen. Dette initiativet har også ein YouTube-kanal der dei publiserer videoar om det ukrainske militæret, psykisk helse i krig og tilbakevisingar av russisk propaganda.

– Eg synest Zelenskyj og andre ukrainarar har vore flinke til å bruke forskjellige kanalar og sosiale medium. Dei står fram sympatiske som eit folk som vil ha fridom og ikkje vil vere okkuperte, seier Andersen.

Sjølv om Ukraina har ein tydeleg agenda, påpeiker Andersen at det er ein skilnad i det Ukraina gjer og det Russland gjer.

– Ein må ikkje gløyme at det er Russland som her har invadert nabolandet sitt.

Mediekontroll

Skilnaden er også stor i kva informasjon dei forskjellige tillèt. Ukraina forsøker å byggje opp moralen til sitt eige folk, og vende seg ut til allierte i resten av verda.

Eit av dei tydelegaste signala på at Russland ville ha betre kontroll over kva russarar visste om krigen i Ukraina, var ein lov staten innførte 4. mars i år. Parlamentet vedtok då at personar som spreidde «falske» nyheiter om militæret, kan bli fengsla i opp til 15 år.

Kva slags nyheiter som er falske, er det staten sjølv som bestemmer.

Allereie i 2012 innførte russiske styresmakter ein lov om at organisasjonar laut registrere seg som «utanlandske agentar», dersom dei tok imot økonomisk støtte frå utlandet og dreiv med det styresmaktene definerer som «politisk verksemd».

I 2017 vart han utvida til at også medium laut registrere seg, i 2019 gjaldt han også bloggarar òg sjølvstendige journalistar, og i 2020 også enkeltpersonar. Dei som ytra seg mot styresmaktene risikerte såleis både heftige bøter og fengselsstraff.

Den nye loven gjer det i praksis svært vanskeleg å drive uavhengig journalistikk i Russland om krigen i Ukraina. Det gjorde at fleire mediehus, inkludert NRK, CNN og BBC, stoppa verksemda si i Russland og trekte ut journalistane sine i ein periode.

Irina Anisimova påpeiker at dette gjer propagandaen meir effektiv.

Sjølv om det eksisterer uavhengige medium på plattformer som YouTube og Telegram, må du aktivt leite dei opp.

– Dei fleste russarar forstår ikkje kor viktig uavhengige medium er, og trur ikkje eingong at det eksisterer. Difor ser dei på media som ei kjelde til underhaldning, men bodskapa påverkar verdssynet deira, seier postdoktoren.

Ingen mellomposisjon

Men korleis påverkar alt dette oss i Noreg?

Sidan det er vanskeleg å sjølv sjekke det som skjer i konfliktområda, må vi sile gjennom den informasjonen vi får, og finne ut kva som verkar truverdig.

– Dei aller fleste støttar Ukraina i krigen. Så er det også eit mindretal som kan vere synleg, særleg på nett, som er skeptisk til alt frå vestleg media, og som uttrykker støtte til Russland, seier Kenneth Andresen frå Universitetet i Agder.

Likevel trur han det er få som endrar meiningane sine.

– Meiningane blir nok heller forsterka, avhengig av kva kanalar du følgjer med på.


F.v. Olena Mordas og Kseniia Hadzhun frå ukraina fullfører mastergradane sine på Universitetet i Bergen. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg