Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter å ha sett Greta Thunberg sitt engasjement, har skodespelar Jane Fonda (82), blitt inspirert til å halda vekentlege klimademonstrasjonar i Washington i USA. Målet er å bli arrestert gjennom sivil ulydnad, for å skapa merksemd rundt klimakrisa.

Sidan 11. oktober har Fonda halde Fire Drill Fridays (Brannøvings-fredagar) og den til no siste demonstrasjonen var fredag 10. januar. Den fjortande i rekkja.

– Det viktigaste kravet vårt er å stansa alle nye løyver for utvikling av fossilt brensel på offentleg land- og havområde. Uansett kva me gjer, er me fordømte om ikkje det stoppar, sa Fonda til The Los Angeles Times før dei starta.

Fleire og fleire har blitt med, og store kjendisnamn er no på lista over dei som har blitt arresterte for ordensforstyrringar framfor Kongressen i USA.

10. januar var siste dag for no, før Fonda reiste tilbake til Los Angeles for innspeling av sjuande sesong med Netflix-serien Grace and Frankie. Dei avslutta med stil og nesten 150 personar vart arresterte under demonstrasjonstemaet «Stop the Money Pipeline»

Dette er 20 kjendisar som har vore med på Fire Drill Fridays:

1. Jane Fonda (82)

Jane Fonda blir arrestert 25. oktober. Foto: Fire Drill Fridays

Fonda har vore aktivist heile livet og var mellom anna demonstrert mot Vietnamkrigen og for borgarrettar allereie frå 60-talet.

Ifølgje the New Yorker har ho budd på hotell i Washington sidan september for å driva Fire Drill Fridays. Der har ho også eit team med advokatar som rådar ho til korleis ein kan bryte lova nok til å bli arrestert, men ikkje så langt at ein hamnar i fengsel.

Som regel får ein ei bot på omlag 440 kroner (50 USD). Ho har likevel vore ei natt på glattcelle etter ein protest i november, og elles blitt arrestert fem gongar for denne saka.

– Me gjer ikkje sivil ulydnad først. Men me har signert underskriftkampanjer, skrive, marsjert og bede styresmaktene om å høyra, men dei høyrer ikkje. Me har brukt alle nivå av demokratiske verkemiddel, så no må me ta det eit steg lengre. Difor er me med i sivil ulydnad, sa ho om arrestasjonane på programmet the Late Show with Stephen Colbert.

2. Sam Waterson (79)

18. oktober vart skodespelar Sam Waterson den første kjendisen som vart arrestert saman med Fonda. Han vart arrestert igjen i januar på same demonstrasjon.

I talen sin sa han mellom anna:

– Det me gjer i dag, er ikkje radikalt i mine augo. Det er ein fornuftig og god respons til ein radikal situasjon. Kanskje den mest radikale situasjonen me nokosinne har sett.

Waterson er kjend frå seriar som Grace and Frankie, Lov og orden og The Newsroom.

3. Ted Danson (72)

Ted Danson arrestert 25. oktober. Foto: Fire Drill Fridays

Ted Danson, kjend frå Cheers, The Good Place og Fargo, har også vore med på demonstrasjon og blitt arrestert.

Temaet for demonstrasjonane denne dagen var «Oceans Can’t Wait». 

Danson har lenge vore ein uttalt hav-forsvarar. Allerie i 1987 var han med å laga Oceans-kampanjen i USA, som seinare vart organisasjonen Oceana i 2001.

Før demonstrasjonen tala han og sa mellom anna:

– Eg vil takka Greta. Huset vårt brenn. Me må slutta å stå og klaga over at det er ulagleg å endra vanane våre, men å oppføra oss som om me bryr oss om barna og barnebarna våre.

– Me kan gjera dette. Det er kanskje litt ulagleg, men det er ikkje så ulagleg som brannar, flaumar, massemigrering, tørke og svolt. Det er ulagleg. Så bli med, bli arrestert.

4. Catherine Keener (60)

Skodespelar Catherine Keener har også blitt arrestert under Fire Drill Fridays. Før det heldt også ho tale, med tårene i halsen.

– Korleis kan ein ikkje gråta? Eg har ein son som er 20 år, og eg vil sjå all den vakre naturen saman med han. Eg vil at barnebarna mine skal kunne sjå det. Og det er opp til oss.

Ho har vore Oscar-nominert for beste kvinnelege birolle for både karakteren «Maxine Lund» i filmen Being John Malkovich (2000) og som «Harper Lee» i filmen Capote (2005). Ho er også kjend frå mellom anna Get out og 40-year old virgin.

5. Rosanna Arquette (60)

Rosanna Arquette arrestert 1. november. Foto: Fire Drill Fridays.

Skodespelar Rosanna Arquette vart også arrestert  same dag, etter å ha delteke i demonstrasjonane.

Denne dagen var det konsekvensane klimaendringane har for kvinner som var fokus og temaet var: «Women demand a new green deal».

– Alt menneskeliv er avhenigg av planeten. Likevel har me ignorert moder jord sine rop om hjelp, og misbrukt og gjort overgrep mot kloden. Ho er også ein overlevar, og me må tru på ho, sa Arquette i sin tale.

Ho vart igjen arresert 20. desember. Arquette har mellom anna spelt i Pulp Fiction, Jakten på Susan og serien Sideswiped.

6. June Diane Raphael (40)

June Diane Raphael vart arrestert 15. november 2019. Foto: Fire Drill Fridays

June D. Raphael speler også i Grace and Frankie. Også ho har vore med på fleire av demonstrasjonane, og blitt arrestert ein gong.

– Det var så vanskeleg å forlata barna mine i går, men endå vanskelegare å bli heime. Å bli heime og ignorera konsekvensane klimaendringane vil få for mine barn, sa ho mellom anna frå talarstolen.

Ho har spelt i seriar som New Girl og American Dad! i tillegg til filmane Long Shot og Unfinished Business.

7. Robert F. Kennedy Jr. (65)

Robert F. Kennedy Jr, arrestert 15. november. Foto: Fire Drill Fridays

Også advokat Robert F. Kennedy jr. har vore med og blitt arrestert. Han er son av tidlegare justisminister Robert F. Kennedy og nevø av tidlegare president John F. Kennedy.

Kennedy Jr. har vore miljøvernar i mange år og er mellom anna styreleiar i Waterkeeper Alliance. Ein ideell grasrotorganisasjon som kjempar for å verna om og betra vasstilgang over heile verda.

I tretti år har han undervist i miljølov som professor på Pace University i New York, og skrive boka Horsemen of the Apocalypse: The Men Who Are Destroying Life on Earth and What it Means For Our Children, som handlar om klimakrisa.

8. Marg Helgenberger (61)

Marg Helgenberger arrestert 15. november. Foto: Fire Drill Fridays

Også skodespelar Marg Helgenberger vart arrestert etter å ha delteke i ein av demonstrasjonane.

Temaet var miljørettferd og korleis klimaendringane påverkar disproporsjonalt, og går mest utover låginntektssamfunn og minoritetar.

Ho er mellom anna kjend frå serien Akutten, filmen Erin Brockovich og ikkje minst rolla som etterforskar i CSI: Crime Scene Investigation.

 9. Amber Valletta (45)

Amber Valletta arrestert 22.november 2019. Foto: Fire Drill Fridays

Modell og skodespelar Amber Valletta har også blitt arrestert for å vera med i demonstrasjonane.

Ho er kjend frå mellom anna filmane Hitch og Gamer i tillegg til mange framsider på Vogue.

– Me er har ikkje klimaendringar, me har ei klimakrise. Me har høvet til å endra vegen til klimakrisa. Det er opp til oss, seier ho i eit intervju med the Sunday Times Style.

10. Diane Lane (54)

– Show up for climate!, ropte Diane Lane medan ho vart arrestert 22. november 2019. Foto: Fire Drill Fridays.

Skodespelar Diane Lane  vart også arrestert i haust. Ho ropte: Dukk opp for klimaet! medan ho vart teken inn i politibilen.

Bodskapen denne dagen var vatn og «Water can’t wait».

– Eg vil møte grensa av kva det betyr å vera ein innbyggar og bruka min rett til å protestera og seie at me treng meir klimahandling. Me gjer dette online, signerer underskriftskampanjar og skriv til politikarane, sa ho til the Washington Post før demonstrasjonen.

Lane er mellom anna kjend frå serien House of Cards og filmen Unfaithful. 

11. Paul Scheer (43)

Paul Scheer arrestert 15. november. Foto: Fire Drill Fridays.

Komikar og skodespelar Paul Scheer vart med 29. november og vart arrestert.

Han er gift med Jane D. Raphael som vart arrestert 15. november.

Han speler mellom anna i seriane Black Monday og The Good Place.

 

12. Kyra Sedgwick (54)

Kyra Sedgwick var med på demonstrasjon i desember.

Kyra Sedgwick haldt tale under demonstrasjonane 6. desember. Foto: Fire Drill Fridays

Temaet var menneskerettar for innvandrarar og klimaflyktningar, og protest mot bankar og andre som dei meiner profitterer på klimakrisa og interneringsleirar for flyktningar.

Politiet melde at ingen vart arresterte denne dagen, heller ikkje Sedgwick.

Skodespelaren er mest kjend for rolla som «Brenda Leigh Johnson» på krimdramaet The Closer. Ho vann ein Golden Globe Award i 2007 og ein Emmy Award i 2010, for denne rolla.

Ho har også spelt i Brooklyn Nine-NineTen Days in the Valley og The Edge of Seventeen mellom anna.

6. desember 2019. Foto: Fire Drill Fridays

13. Taylor Schilling

Taylor Schilling saman med Jane Fonda 6. desember 2019. Foto: Fire Drill Fridays

Same dag var også skodespelar Taylor Schilling med på demonstrasjonane. Ho vart heller ikkje arrestert.

– Eg er så glad for å vera her med dykk i dag. Som denne rørsla ropar så vakkert: Huset vårt står i brann, og me blir alle påverka av det. Dette er ei menneskerettskrise, og me må jobba saman for å støtta dei som først og hardast blir trefte av denne krisa, sa ho mellom anna. 

Etter demonstrasjonane besøkte dei ein av dei kontroversielle interneringsleirane for innvandrarar frå Sør-Amerika.

Schilling er mest kjend for hovudrolla som «Piper» i Netflix-serien Orange is the new black.

14. Sally Field (73)

13. desember var skodespelar Sally Field med på demonstrasjonane og vart arrestert.

Før demonstrasjonen sa ho at dette er tida for å gå ut og skrika høgt.

– For viss ikkje du gjer det, vil ingen andre gjera det heller.

I talen sin gav ho håp og sa at det er mogleg å gjera noko, og viste til andre land, mellom anna Noreg.

– Det som må skje er at alle må ut av komfortsona si og rope. No. Om dei, sa Fields og peika på Kongress-bygget, ikkje høyrer og vil gjera noko, så gjer noko sjølv. Så mykje du kan. Historia blir skriven no. Lær kva du kan gjera, og gjer det.

Field har vunne to Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, som Norma Rae (1979) og som Edna Spalding i Places in the Heart (1984). Ho har mellom anna også spelt i serien Brothers & Sisters og filmane Forrest Gump og Mrs. Doubtfire.

15. Casey Wilson (39)

Casey Wilson var med 20. desember og vart også arrestert. Før arrestasjonen tala ho og sa mellom anna:

– Å vera her i dag er den viktigaste måten eg kan vera mor på i dag.

På Instagram skreiv ho mellom anna:

– Huset vårt brenn. Me må handla no for å redda planeten frå irreversibel katastrofe og kreve at våre politiske leiarar handlar no, og møter klimakrisa. (…) Stem, snakk og handl som om framtida vår avhenger av det – fordi ho gjer det.

Ho er mellom anna kjend frå Gone Girl, og seriane Happy Endings, Mrs. Fletcher og Gods of Medicine.

16. Matt McGorry (33)

Matt McGorry arrestert 20. desember 2019. Foto: Fire Drill Fridays

Også skodespelar Matt McGorry var med og vart arrestert i slutten av desember.

– Eg er her i dag fordi me treng ein ny Green Deal, og me treng den no. Som antirasist og feminist er dette eit viktig kjønns-, økonomisk og rase-rettferd. Me treng det og det samanfallar med miljørettferd, sa han under demonstrasjonen.

I april 2018 vart han også arrestert under ein ikkje-valdeleg protest i samband med Black lives matter.

Skodespelaren er mellom anna kjend frå Orange is the new black og How to get away with murder. 

17. Gloria Steinem (85)

Gloria Steinem arrestert 20. desember 2019. Foto: Fire Drill Fridays

Same dag var også Gloria Steinem på plass og vart arrestert.

Steinem er blitt sjølve ikonet på feministbølgja på 70-talet, og medan ho var i handjern spurte ein av politibetentane om ho kunne få autografen til Steinem, fortalde Fonda seinare.

I 2005 gjekk Steinem saman med Jane Fonda og Robin Morgan og starta Women’s Media Center, for å jobba for å gjera kvinner meir synlege og mektige i media.

18. Lily Tomlin (80)

Heilt på tampen av 2019 vart Lily Tomlin arrestert etter å ha delteke på Fire Drill Fridays. Skodespelaren, speler mellom anna med Jane Fonda i Grace and Frankie.

Tomlin heldt også ein tale på demonstrasjonen:

– Å klemme tre er ikkje nok i dag. Trea som har vore ein grunnbjelke i økosystemet og bokstaveleg talt livet på kloden. Me byrja å verna om trea. Tre brenn i California, Amazonas, Indonesia. Mange av dei er tente på av bedrifter som vil dyrke palmeolje, soya og gjera rom for storfeproduksjon.

19. Joaquin Phoenix (45)

Etter å ha vunne Golden globe for «Beste mannlege skodespelar» for rolla som Joker, hadde Phoenix ein av dei mest minneverdige talane frå årets prisutdeling. Han snakka om klimakrisa og oppmoda sine kollegaar om å ta meir ansvar personleg og til dømes ikkje fly så mykje privatfly.

Under demonstrasjonen 10. januar snakka han om korleis kjøt- og meieri-industrien påverkar klimaendringane, og at ein personleg kan gjera noko med ein gong ved å bli meir medviten på kva ein et.

– Eg strevar mykje med kva eg kan gjera. Det er ting eg ikkje kan unngå, eg kom med fly her i dag. Men ein ting eg kan gjera er å endra etevanane mine. Eg vil oppmoda alle til å bli med på det, sa Phoenix som sjølv har vore veganer i førti år.

Joaquin Phoenix under demonstrasjonane 10. januar. Han vart arrestert. Foto: Fire Drill Fridays

20. Martin Sheen (79)

Same dag var også skodespelar Martin Sheen på plass. Temaet denne dagen var å ansvarleggjera bankar og andre økonomiske intitusjonar for rolla dei speler i å finansiere fossile industriar og bedrifter som er øydeleggande for klimaet.

Sheen heldt ein tordentale av dei sjeldne, og avslutta slik:

– Kjære Gud, la landet vårt vakna!

Aksjon av Extinction Rebellion i og utanfor Miljødirektoratet 11.12.19. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Åtte personar vart arrestert då Extinction Rebelliong aksjonerte i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall