Vekas viktigaste: Svensk val, Utøyahets og rikingflukt

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sverigedemokraterna er nest største parti i det svenske valet

Frå venstre: Vänsterpartiet, Socialdemokraterna, Miljöpartiet De Gröna, Centerpartiet, Moderaterna, KristdemokraternaLiberalisterna og Sverigedemokraterna er dei svenske partia som no sit i Riksdagen. Foto: Sjå bileta i saka.

Sundag 11. september hadde svenskane nasjonalt val. Der røysta dei fram dei nye representantane til riksdagen, Sveriges svar på Stortinget. Det vart eit veldig jamt val mellom høgre- og venstresida i politikken, og difor tok det tid før det vart klart kven som kom til å danne ei regjering.

Statsminister Magdalena Andersson frå partiet Socialdemokraterna, tilsvarande Arbeidarpartiet, vedkjente nederlag på onsdag.

Då var det klart at venstresida ikkje fekk fleirtal. Dei fekk berre 173 mandat, medan høgresida fekk 176.

Dei borgarlege partia har starta regjeringsforhandlingane, og dersom dei blir einige er det truleg Ulf Kristersson frå Moderaterna, tilsvarande Høgre, som blir ny statsminister.

Sverigedemokraterna var det partiet som vann mest i dette valet, samanlikna med andre år. Dei er no det nest største partiet i Sverige.

På grunn av den ytterleggåande politikken deira, kvir spesielt Liberalisterna seg for å samarbeide med dei.


Røkke flyttar til Sveits

Det sveitsiske flagget

Det sveitsiske flagget.

Den norske milliardæren Kjell Inge Røkke meldte denne veka at han kjem til å flytte til Sveits. I eit brev til aksjonærane sine understrekar han at valet ikkje er økonomisk motivert. Han vil framleis vere hovudeigar i selskapet Aker, som framleis vil skape verdiar i Noreg.

Sidan 2008 har Røkke betalt 1,5 milliardar kroner i skatt til Noreg, ifølgje Dagens Næringsliv.

Skatteprofessor Guttorm Schjelderup ved NHH seier til NRK at det er nærliggande å tru at Røkke flyttar no fordi skattereglane i Noreg blir endra om ikkje så lenge.

– Dersom han bur ute i fem år, blir han i praksis skattefri. Så veit nok Røkke at det blir jobba med å tette dette skatteholet, slik at ein må vere utflytta i langt meir enn fem år, påpeiker Schjelderup.


Nestleiar for Høgre får skattesmell

Tina Bru

Skatteetaten meiner Tina Bru ikkje hadde rett på pendlarbustad frå 2018. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høgre

Tina Bru, nestleiar i Høgre, har fått varsel frå Skatteetaten om at ho kjem til å få skattesmell.

Det tyder at ho må betale inn meir skatt no, fordi ho har betalt for lite over ei tidlegare periode.

Bru fekk ein pendlarbustad i Oslo då ho vart valt inn på Stortinget i 2013. Dette er ein bustad som politikarar kan ha skattefritt, dersom heimbustaden deira er for langt unna til å arbeide på Stortinget.

Mellom 2018 og 2021 var Bru si bustadadresse registrert på ein leilegheit i Stavanger som foreldra hennar eigde. Ifølgje Skatteetaten har ikkje Bru betalt inn nok i leige til å ha rett på ein pendlarbustad.

Dette er Bru ueinig i.

Skatteetaten har sjekka fleire politikarar som har pendlarbustad, fordi fleire politikarar har juksa med kvar dei bur.


Fylkesordførar gir seg på grunn av Utøya-hets

Tarjei Jensen Bech stiller ikkje til val igjen som fylkesordførar i Troms og Finnmark. Foto: Sunniva Tønsberg Gaski/Troms og Finnmark fylkeskommune

Tarjei Jensen Bech (30) frå Arbeidarpartiet stiller ikkje til attval som fylkesordførar i Troms og Finnmark.

Grunnen er at han har fått mykje hets.

Facebook-profilen sin skriv han at debattklimaet i kommentarfelt og på sosiale medium har blitt for tøft, og at han på grunn av dette har slite med angst.

Bech var på AUF sin sommarleir i 2011, og overlevde terroråtaket 22. juli. Han vart fylkesordførar i Troms og Finnmark 14. desember 2021.

– Det følest som eit nederlag. At eg skal la trolla vinne. At eg skal la kommentarfeltet gå inn på meg. Eg har alltid sagt det motsette. At hatarane ikkje skal vinne, skriv han på profilen sin.

Bech vil framleis vere på lista til val for Arbeidarpartiet i Finnmark, men stiller ikkje som toppkandidat.


Historisk prisdryss på Emmy

Zendaya Coleman i rolla som Rue Bennett i HBO-serien Euphoria. Foto: Eddy Chen/HBO

Zendaya skreiv seg igjen inn i Emmy-historia då ho denne veka vart kåra til beste kvinnelege skodespelar i ein dramaserie for andre gong.

Som 26-åring er ho den yngste som har fått denne prisen to gonger.

Ho vann for serien Euphoria, som ho sjølv er med å produserer.

Også Quinta Brunson, som står bak komiserien Abbott elementary, vart historisk. Ho er den første svarte kvinna som innan same år har blitt nominert til tre Emmyar i kategorien komedie. Ho fekk pris for skrivinga i første episode i den nye komiserien.

Serien Succession vann også stort, og neste år skal dei spele inn ei episode i Noreg. Det største prisdrysset vart likevel på den koreanske serien Squid Game.