Frå Zendaya til Squid Game: historiske Emmy-prisar i 2022

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seriane som har limt oss til skjermen det siste året, vart lønna i natt.

Ein av dei store vinnarane vart Zendaya. For andre gong fekk ho ein Emmy for beste kvinnelege hovudrolle i serien Euphoria.

Som 26-åring er ho den yngste som nokon gong har fått denne prisen to gongar.

Serien følgjer det dramatiske livet til ei gruppe tenåringar som strever med rus, kjærleik og sorg gjennom skulekvardagen.

Zendaya er også produsent av det populære dramaet som ho sjølv har hovudrolla i. Sidan 2020 har serien hatt 25 Emmy-nominasjonar.

Fleire nybrytarar

Zendaya var ikkje den einaste skodespelaren som vart lønna for å ha fleire talent.

Quinta Brunson sin nye situasjonskomedie, Abbott Elementary, var nominert innan sju forskjellige kategoriar. Tre av desse var spesifikt til Brunson.

I komiserien «Abbott Elementary speler Quinta Brunson den unge og naive læraren Janine som gjer sitt beste for elevane ved skulen ho arbeider på. Foto: ABC/Matt Sayles

Ho blir difor den første svarte kvinna nokosinne i Emmy-historia som er nominert så mange gonger innan komedie.

På slutten av kvelden kunne ho blant anna smykke seg med prisen for best skrive komiserie.

Det største prisdrysset vart derimot til den koreanske Netflix-suksessen Squid Game, som var nominer til 14 prisar, og fekk heile fem. Sjølv om dei ikkje vann prisen for beste dramaserie, er det historisk at eit ikkje-engelskspråkleg program blir nominert innan denne kategorien.

Dette er nokre av vinnarane av Emmy-prisar i natt:

  • Beste dramaserie: Succession (HBO)
  • Beste komiserie: Ted Lasso (Apple TV)
  • Beste mannlege hovudrolle i ein dramaserie: Lee Jung-jae i Squid Game (Netflix)
  • Beste kvinnelege hovudrolle i ein dramaserie: Zendaya i Euphoria (HBO)
  • Beste mannlege hovudrolle i ein komiserie: Jason Sudeikis, Ted Lasso (Apple TV)
  • Beste kvinnelege hovudrolle i ein komiserie: Jean Smart, Hacks (HBO)
  • Best skrive dramaserie: Succession (HBO)
  • Best skrive komiserie: Abbott Elementary (ABC)

  • Det er fleire historiske TV-seriar i år: No er Marvel sin første muslimske superhelt her

    I TV-serien «Ms. Marvel» følgjer vi 16-årige Kamala Khan, ein amerikanar med pakistanske røter, som oppdagar at ho har superkrefter. Rolla blir spelt av Iman Vellani. Foto: Disney+ via AP