Éin av fire unge har opplevd hatprat på nett

Over seks gonger så mange i aldersgruppa 16–20 år som i befolkninga generelt har fått hatefulle kommentarar på nett, ifølgje ei undersøking frå Medietilsynet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

25 prosent av deltakarane i undersøkinga i alderen 16–20 år svarer at dei har opplevd ei eller anna form for hatefull kommentar på internett retta mot seg dei siste tolv månadene. Fire prosent av befolkninga generelt svarer det same, ifølgje Medietilsynet.

I aldersgruppa 16–20 år er det mest vanleg å få hatefulle kommentarar på Snapchat og TikTok.

– 38 prosent av dei som har fått hatefulle kommentarar, har fått dette på Snapchat, medan 26 prosent har fått det på TikTok. Over 60 prosent av den delen av befolkninga som har fått hatkommentarar, har fått dette via Facebook, skriv Medietilsynet i rapporten.

Undersøkinga er utført av Kantar på oppdrag for Medietilsynet. Totalt er 506 personar i alderen 16–20 år spurt, og i tillegg 534 i alderen 16+.

Kjønnsforskjellar

12 prosent av dei unge oppgir å ha vore utsette for hatprat retta mot hudfarge, etnisitet, religion, seksuell legning og nedsett funksjonsevne. Dette er ytringar som er forbodne ifølgje straffelova.

Det viser seg òg at det er kjønnsforskjellar. Over dobbelt så mange jenter som gutar i alderen 16–20 år seier at det å bli utsett for hatprat har påverka dei negativt. Flest nemner konsekvensar som dårlegare sjølvtillit eller sjølvbilete.

Medietilsynet har òg intervjua 16 ungdommar nærare for å få meir kunnskap om kva som ligg bak svara. Også her kjem det fram kjønnsforskjellar.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

– Mange av gutane vi intervjua, seier det må vere lov å tulle med kvarandre i til dømes spel, samtidig som fleire òg seier det kan bli for mykje. Jentene gir kvarandre støtte, medan det ser ut til å vere forventa at gutane skal tole litt meir, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Kropp og utsjånad

Ungdommane trekte fram kommentarar om kropp og utsjånad som særleg vanskeleg å gløyme.

– Ungdom opplever mykje hat på TikTok, særleg om kropp, kjønn og seksualitet. Trykket av hetsande kommentarar blir opplevd som massivt. Ungdommane meinte at det verkar som om folk leitar etter noko å kritisere. Både jentene og gutane meinte at jenter er mest utsette for kroppsrelatert sjikane, skriv tilsynet i gjennomgangen sin av undersøkinga.

Det blir understreka at også gutar kan oppleve hets dersom dei ikkje passar inn i eit idealisert maskulint kroppsbilete der ein skal vere høg, sterk og muskuløs.

Gutane fortalde at mange ytringar som objektivt kan definerast som hatefulle, blir formidla under dekke av humor.

– At ting blir sagt på tull eller «på kødd», kan senke terskelen for å seie ting som i andre kontekstar ville vorte definert som rasisme eller homofobi. Gutane meinte at denne omgangsforma kan bidra til å gire kvarandre opp for å yte betre, både i sport og dataspel. Samtidig kom det fram historier om gutar som har teke seg så nær av den aggressive tonen, at dei har slutta å spele, skriv tilsynet.


21 år gamle Oda Sofie Pettersen er førstekandidat i MDG Agder, som stiller felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan