Kva er propaganda?

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvit, grå og svart propaganda – du blir utsett for propaganda i det daglege

Denne saka stod først publisert i NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?» og er gjengjeven med løyve. Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no.

Det er stort sannsyn for at du blir utsett for propaganda i det daglege, men at du ikkje heilt merkar det sjølv. Men, om du har nokre hugsereglar, og er bevisst nok, kan du oppdage det. Det finst nokre tydelege forskjellar mellom propaganda og «vanlege» nyheiter. Men først, skal du få to definisjonar:

Den første seier at propaganda er eit «bevisst og systematisk forsøk på å forme oppfatninga av røynda, manipulere erkjenninga og styre åtferd for å fremje ein respons i tråd med propagandisten sitt mål» (Jowett og O’Donnel).

I boka Informasjon og samfunnskontakt kan vi lese at «Propaganda kjennetegnes gjerne ved at en styrer informasjonsflommen og presenterer vridd informasjon. Avsender skjuler sin hensikt og identitet og søker ikke gjensidig forståelse eller gjensidig utbytte» (Ihlen og Robstad).

Felles for desse to definisjonane er at propaganda inneber at informasjonen blir vinkla i tråd med avsendaren sitt eige ønske og formål.

Propaganda under andre verdskrig

Propaganda er blitt brukt som ein reiskap for å påverke folk i lang tid. Her kjem vi med nokre døme frå ulike verdshjørne.

Under andre verdskrig blei propaganda brukt av alle partar til å styrkje krigsmoralen i eiga befolkning og forsøke å undergrave han blant fienden si befolkning.

I Nazi-Tyskland blei befolkninga førebudd til krig ved å identifisere folket med staten og staten med Hitler.

Her brukar nazistane sine propagandistar ørna frå nasjonalvåpenet og framstiller ho som ein varm beskyttar for ein tysk familie. Foto: Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

Amerikansk propaganda var på si side mindre bunden til ein leiarskikkelse og tok meir bruk av idear og stereotypiar. Denne plakaten fortel befolkninga at dei kan redde ytringsfridomen ved å kjøpe krigsobligasjonar slik at staten kunne finansiere krigen. Av Norman Rockwell – U.S. National Archives and Records Administration, Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

I propagandaen mot Japan tok dei også i bruk rasisme for å måle fienden som grufull og dyrisk. Av United States War Department – United States National Archives, Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

Mot nazistane brukte dei hakekorset og nazistane sin brutalitet som eit skrekkmiddel. Av National Archives at College Park, Offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

Sovjetunionen brukte propaganda under andre verdskrig for å få sovjetiske soldatar til å framstå som heltemodige, barske og edle. «Ære til soldat-frigjeraren!», står det her.

Nazistane blei hovudsakleg framstilt som latterlege karikaturar som aldri ville kunne vinne mot Sovjetunionen. «Framover mot vest! Død over dei tyske okkupantane!»

Desse plakatane, som det meste av propagandaen under andre verdskrig, er meir eigna til å mobilisere enn å overtyde. Dei føreset at mottakaren allereie er samd i hovudbodskapen og speler på ærefrykt, indignasjon, sinne og latterleggjering for å forsterke haldningar og forme åtferd.

Propagandaen si historie

Propagandistane, altså dei som lagde propagandaen, frå andre verdskrig tok verkemidla sine frå sosialpsykologien, der Walter Lippmann og Edward Bernays var pionerar.

Lippmann var ein amerikansk forfattar og journalist som i 1922 skreiv at massemedia sitt inntog hadde gjort ekte demokrati umogleg og at ei befolkning lett kan bli påverka til å akseptere nesten kva som helst med relativt enkle og billege verkemiddel. Stereotypi og symbol var triks som kunne leie dei elles «forvirra massane».

Bernays, som ofte blir kalla den moderne propagandaen og PR-byråa sin far, tok påstanden til Lippmann på alvor og gjorde det til sitt levebrød å vere kommunikasjonsrådgjevar eller propagandist for selskap, regjeringar og lobbygrupper. Han skreiv i 1928 at «den bevisste og intelligente manipulasjon av dei organiserte vanane og meiningane til massane er eit viktig element i det demokratiske samfunn».

Bernays meinte at symbol og stereotypar gir propagandistar dei grunnleggjande verktøya dei treng for å forme offentleg opinion etter sitt eige eller kundane sine ønske. Det er fordi, som han hevdar, «symbol verkar gjennom refleksar i staden for gjennom lange og kompliserte prosessar med logikk og vurdering».

Propaganda blei framstilt som ein «snarveg» ein kunne bruke til å manipulere massane, i staden for å overtyde med dei beste argumenta. For at dette skulle lukkast måtte bodskapen vere direkte, eintydig og lettfatteleg med konsekvent bruk av stereotypar og symbol for å forsterke bodskapen.

Kvit, grå og svart propaganda

Det finst ulike gradar av propaganda. Ein kan dele opp i tre nivå: frå kvit, som er faktabasert, til grå og så til svart, som er direkte løgn.

Propaganda blir delt inn i desse gruppene alt etter kor sann informasjonen er, og kor sannferdig ein er om kvar informasjonen kjem frå.

I denne artikkelen skil vi mellom kvit, grå og svart propaganda. Illustrasjon: Canva

Kvit propaganda

Kvit propaganda har korrekt informasjon og er sannferdig om opphav, men er likevel vinkla i val av fakta og kjelder. Det er framleis eit «bevisst og systematisk forsøk på å forme oppfatninga av røynda» til publikum, men ein brukar ekte kjelder og steller seg til fakta.

Det er mykje i media som kan definerast som kvit propaganda. Dette omfattar einskildsaker i dei fleste medium, blant anna ansvarlege statskanalar som bryr seg om kjelder og fakta, alt frå CNN, ABC og Aftenposten til Voice of America.

Her er ei sak som CNN fremja i nettavisa si ein månad før republikanarane sitt nominasjonsmøte i 2012: «Prostituerte gler seg til å få republikanske kundar». Informasjonen og alle sitata i saka er riktige. CNN brukar fakta og kjelder, men likevel er dette ei veldig vinkla nyheitssak.

Her fremjar CNN ei sak utan tydeleg nyheitsverdi på veldig tynt grunnlag, med bilete og skildringar som teiknar eit veldig negativt bilete av republikanarar. Og dette midt i eit val. Det er heller ingen balanse å snakke om; ingen tilsvarande saker om demokratane sitt nominasjonsmøte.

Ikkje er det eit eingongstilfelle heller. Det var ein nesten heilt lik artikkel i The New York Times med den same tynne saka. Utan at strippeklubbane hadde hatt ein einaste republikansk politikar som kunde, blei heile partiet farga som sex-kundar.

Skjermdump CNN

Dersom vi allereie er samde med synspunktet som blir fremja i kvit propaganda kan det vere vanskeleg å kjenne det att som propaganda. «Ja, det var det eg visste» seier vi, «akkurat sånn er dei.»

Ideologisk vinkling er til ei viss grad uunngåeleg. Redaktørar må ta avgjerder om relevansen til ei sak, men relevans må ofte vurderast basert på lesarane eller redaksjonen sine preferansar og ideologi.

Denne ideologiske vinklinga blir ofte tydeleg i val og design av bilete og ramme. Time Magazine sitt bilete av president Obama i 2009 passar rett inn i ein sovjetisk plakatkampanje frå andre verdskrig.

Framside: Time

I motsetnad så blir president Trump framstilt sjølv i sitt beste bilete som ein mørk og skummel skikkelse. Kvit propaganda tøyer ofte på krava til «saklegheit» og «omtanke», men held seg elles ofte innanfor god presseskikk.

Grå propaganda

Grå propaganda har derimot eit lausare forhold til kjelder og fakta og passar ikkje lenger innanfor det dei fleste ville kalle god presseskikk eller seriøse nyheitskanalar. Men det er ikkje fri fantasi heller.

Det finst to hovudformer for grå propaganda: (1) feilaktig informasjon med oppgitt kjelde og (2) korrekt informasjon som har blitt planta av ei ikkje-namngjeven kjelde.

Kanalar som nyttar grå propaganda, bryr seg ofte meir om verknad enn fakta og kjelder, men dei prøver å navigere i eit mellomsjikte der dei kan behalde eit visst truverd samstundes som dei spyttar ut halvsanningar eller hoppar til ønska konklusjonar utan noko godt faktagrunnlag. Denne historia er ein god illustrasjon: «Muslimsk bøneteppe funne på grensa mellom Arizona og Mexico!»

Foto: Faksimile

Kva er bevisgrunnlaget? Dette biletet. Ei militsgruppe som «inspiserte» grensa fann dette tøystykket og meinte det måtte vere eit muslimsk bøneteppe. Breitbart hausar dette opp og seier at dette skjer «heile tida» og hevdar at terroristar strøymer over grensa.

Religionsforskarar som blei vist biletet, såg «eit gamalt utslite tøystykke som ikkje liknar eit teppe» midt i masse skrot. Tøystykket har ingen religiøse kjennemerke og eit ganske anna mønster enn det bøneteppe skal ha.

Seinare har dette blitt identifisert som ei fotballtrøye frå Adidas, sidan ho har deira kjennemerke med tre strekar. Men går du til Breitbart.com i dag så er saka framleis oppe på sida, utan nokre korreksjonar eller endringar.

Det er no blitt ei anerkjent sanning i konservative medium og sosiale medium at ein stadig finn muslimske bøneteppe på grensa, i tillegg til Koranen og andre «muslimske ting». Trump viste til same vandrehistoria som eit bevis på at grensa måtte sikrast betre.

Det var lemfeldig og dårleg journalistikk då Breitbart først køyrde ut denne historia, men no er det direkte uærleg å framleis kome med den same historia etter alle bevisa. Kvifor har dei ikkje tatt ned saka? Truleg er svaret at dette er ei veldig «nyttig løgn» fordi ho bind flyktningar og (i deira auge) terroristar saman, ei perfekt framandfiendtleg blanding for å skremme republikanske veljarar. Breitbart gjer dette gong på gong, og dei er kjende for å vere ein ganske reindyrka propaganda-kanal som ikkje høyrer heime blant ansvarlege mediekanalar.

Svart propaganda

Til slutt har vi svart propaganda. Her snakkar vi om «den store løgna».

Adolf Hitler meinte det var lettare å få folk til å tru på store utbroderte løgner enn små kvite løgner eller halvsanningar, for publikum tenkjer at «så frekke kan dei vel ikkje vere, at alt dei kjem med er oppspinn?» Det er det svart propaganda er: all slags kreativt bedrageri.

Falske nyheitssaker utan noko faktagrunnlag, manipulering av bilete, konspirasjonsteoriar, fiktive eller gale kjelder.

Dei som lagar svart propaganda let seg ikkje lesse ned av nokon slags standardar for journalistikk, sanning eller kjelder, sjølv om dei nokre gonger har med eit par av dei for å lure folk. Her er eit døme på biletmanipulasjon. Reuters tok eit bilete av ein afghansk familie på flukt:

RT syntest dei kunne pynte litt på biletet og utstyre foreldra med rakettkastarar og maskingevær. Etter sterke reaksjonar, valde dei å trekkje biletet.

Svart propaganda er veldig avhengig av at mottakaren er villig til å akseptere truverdet til kjelda og innhaldet i bodskapen utan vidare. Difor må propagandisten passe på at kjeldene og bodskapane blir plasserte trygt innanfor dei sosiale, kulturelle og politiske rammene til målgruppa. Elles står svart propaganda fram som mistenkeleg og lukkast ikkje.

Svart propaganda verkar difor ofte komisk for dei som ikkje deler desse rammene. Absurde påstandar blir framstilte som etablerte sanningar.

Sosiale medium som propagandakanal

Med sosiale medium så har nokre nye strategiar for svart propaganda blitt meir framståande, blant anna (unnskyld uttrykket) «flood the zone with shit» og konspirasjonsteoriar.

«Flood the zone with shit» vil seie at ein spreier så mykje desinformasjon og så mange løgner at før media har oppklart ei, så har det kome ti nye.

Der målet med propaganda ofte før var å byggje opp om eitt enkelt narrativ, så er målet her heller å forvirre og skape uvisse, og det eignar seg godt i sosiale medium der ein stadig blir bombardert med historier og inntrykk frå mange ulike kjelder utan betydeleg redaksjonelle hindringar.

Konspirasjonsteoriar har alltid eksistert, men på nettet og i sosiale medium har dei fått ei spreiing som tidlegare ikkje ville vore mogleg. Desse kanalane har få portvaktarar eller redaktørar og materialet som blir spreidd blir vurdert basert på underhaldningsverdi heller enn nyheitsverdi.

Her oppstår det grupper som gjentar, spreier og sjølv produserer materiale om dei villaste teoriane om korleis verda fungerer, og dei kan tiltrekke seg eit publikum som kan konkurrere med meir ansvarlege nyheitskanalar.

Konspirasjonsteoriar har ofte til felles ein påstand om at verda er styrt av ein mektig elite som kontrollerer nyheitskanalar, regjeringar og internasjonale organisasjonar, og at sanninga difor som regel er det motsette av det ein ser på nyheitene eller får presentert av ekspertar og nasjonale styresmakter.

Kva kan vi gjere?

Så kva kan vi gjere? Vi kan sjølv velje å ikkje spreie svart og grå propaganda. Uansett kor godt nyheitshistoria passar til våre preferansar og fordommar, så bør vi forkaste ho om kjeldene eller informasjonen er feil og ikkje dele ho vidare.

Det første vi må gjere, er altså å vere kritisk til kjeldene.

Dette må kombinerast med ein viss dose audmjukskap om kva vi kan seie noko sikkert om når supermakter går inn for å forme nyheitsbiletet. Mykje av britane sin propaganda under første verdskrig blei ikkje avslørt før i 1935, og nokre initiativ under andre verdskrig og den kalde krigen er framleis hemmelegstempla.

Vi bør vere kritiske til ideologiske vinklingar av nyheitssaker og prøve å avdekkje den kvite propagandaen vi slukar kvar dag. Viss nyheitssaka stiller ei gruppe i eit dårleg lys, prøv å førestille deg at du tilhøyrer den gruppa. Ville du følt at de var blitt representert riktig?

Vi må ikkje gje opp argumentasjon, drøfting og saklegheit. I eit demokrati så må vi finne måtar å leve med kvarandre og overtyde kvarandre, og det er ikkje berekraftig å prøve å gjere dette gjennom snarvegar og manipulasjonsmetodar, for dei sluttar å verke så snart publikumet ditt forstår kva du prøver å gjere.

Gode argument basert på fakta og delte verdiar er framleis det beste grunnlaget for å byggje og endre eit samfunn.

Alternativet er ulike former for manipulasjon og vald. Gjennom sosiale medium kan vi sjølv bli propagandistar eller informasjonskanalar. Tenk litt på kva du vil vere med på å spreie, dele og byggje.


Det russiske og Ukrainske flagget med bokstaven ""Z over seg.

PROPAGANDA: Russland og Ukraina kjempar ein kamp om å fortelje sin versjon av krigen. Bokstaven Z har blitt eit symbol for Russarane i krigen. Foto: Kolasj Framtida/Cosmin Stefano Amzoc, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons