Ville bevisa kor lett det er å bli lurt – laga falske nyheiter og profilar

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Framtida junior. Der kan du også lese om gaming mot angst,at TikTok har mest falske nyhende om krigen i Ukraina, eller stille spørsmål til statsministeren om det som skjer i Ukraina.

Maria Tenstad Damm, Jonatan Ekeberg, Christian Alsaker og Kamilla Bakstad har hjelpt Forsvarets forskningsinstitutt med ei heilt spesiell oppgåve.

Dei har laga nyheiter og profilar med eitt enkelt mål – å lura mottakaren.

Dette er ein del av serien Digitalt liv, hos Framtida junior. Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Å laga falske nyheiter er veldig kult. Me har jo i utgangspunktet lært at det ikkje er noko me skal driva med. Her fekk me gjera akkurat det motsette, seier Maria Tenstad Damm på video til Framtida Junior.

Saman med Kamilla Bakstad, Jonatan Ekeberg, Christian Alsaker har ho i det siste jobba med eit spennande prosjekt i samarbeid med Forsvarets forskningsinstitutt (FFI).

Prosjektet gjekk ut på å overbevise representantar frå Youth Atlantic Treaty Association Norway (YATA), om at noko som ikkje var sant, faktisk var sant.

Dette gjorde elevane ved å laga ei rekkje tweets, som skulle vera mest mogleg truverdig.

VG omtala denne saka først.

Pass på det du deler: Viss du deler videoar du fann i sosiale medium med vener eller bekjente, bør du vera nøye med å fortelja om kvar du fann informasjonen. – Det kan faktisk berre vera ein morosam eller sterk video utan rot i verkelegheita. Ikkje tru blindt på alt det du ser, seier Kamilla.

Vanskeleg å skilja ekte og juks

– Forsvaret har ein eigen klone av Twitter, som er veldig lik det originale mediet. Inne i klonen produserte me forskjellige brukarar og sende ut meldingar, seier Christian.

Elevane forklarer at dei mest overbevisande nyheitene dei produserte, var dei som gjorde sterkast inntrykk.

– Eg fann eit bilde av ei jente med teatersminke på ryggen, der det såg ut som nokon hadde slått ho. Når eg la på ein tekst som passa bildet, vart det veldig truverdig, seier Kamilla.

Viss du deler videoar du fann i sosiale medium med vener eller bekjente, bør du vera nøye med å fortelja om kvar du fann informasjonen.

– Det kan faktisk berre vera ein morosam eller sterk video utan rot i verkelegheita. Ikkje tru blindt på alt det du ser, seier Kamilla.

Det er få som tenkjer over kva som er falskt og ikkje i sosiale medium. At det er fort å bli lurt, kan raskt bli eit problem.

– Det å skilja mellom ekte og juks, er heilt ekstremt vanskeleg. Derfor er det beste tipset å ikkje dela vidare noko du ikkje er sikker på er sant, seier Maria.

– Ta det heile med ei klype salt

Elevane forklarar at falske nyheiter er blitt veldig aktuelt no, på grunn av krigen mellom Russland og Ukraina. Sosiale medium flyt over med falsk informasjon.

– Spesielt på TikTok er det få som legger inn kjelder. Derfor er det viktig å vera kritisk til det du ser, og ta det heile med ei klype salt, seier Christian.

Dei andre nikkar einig, før Jonatan legg til:

– Ta deg den tida det tek for å skaffa eit heilskapleg bilde. Sjølv om me er unge, er det mange på vår alder som blir lurt også.

Elevane er glad for at greidde å oppnå målet sitt.

– Me skulle læra og hjelpa FFI med å finna ut kor lett det er å bli lurt av falske nyheiter i sosiale medium. Det greidde me, seier Maria.

Carina Edine ville invitert skodespelarlegende Meryl Streep på middag! Foto: Privat, Dick Thomas Johnson/Flickr/CC BY 2.0,