Satirekonto med falsk valdato går viralt
Satirekontoen Lilletinget utgjer seg for å støtte Frp og oppmodar til å stemme på feil dato. – Ikkje forbode, seier Valdirektoratet.

Satirekontoen Lilletinget har den siste veka gått viralt på Instagram og ifølgje si eiga historie nådd ut til over 570 000 kontoar. Videoar av Frp-leiar Sylvi Listhaug som pratar om Israel og motstand mot ekteskapslova har begge over 6000 delingar på Instagram.
Dagen før valdagen la dei ut eit innlegg som ser ut som å gje seg ut for å støtte Frp, med oppmoding til å stemme 9. september – altså dagen etter den ekte valdagen 8. september.
I skrivande stund er innlegget delt 229 gonger på Instagram og 12 gonger på Facebook, der det har fått over 90 kommentarar.
I kommentarfeltet er responsen delt mellom dei som forstod at dette var falsk informasjon, og dei som trur avsendaren er Frp. Berre éin kommentar kjem med kritikk mot å spreie falsk valinformasjon.
Framtida.no har forsøkt å kome i kontakt med dei som står bak satirekontoen, men har ikkje lukkast med det.
Kontoen skal ha starta som ein kampanje for å få Bjørnar Moxnes, som den gong var partileiar i Raudt, inn på Stortinget i 2017. Det er uvisst kven som står bak kontoen.
– Ikkje eit problem i årets valkamp
Ifølgje ei undersøking frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er 9 av 10 nordmenn uroa for spreiing av falsk informasjon grunna språkmodellar som ChatGPT og Copilot, og 2 av 3 er uroa for at teknologigigantar som Facebook, Google eller YouTube skal påverke årets stortingsval.
Maia Søe Paulsen, generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom (FpU), skriv til Framtida.no:
– Alle tilfelle av feilinformasjon rundt valet bør takast på alvor, men me opplever ikkje at dette har vore eit problem gjennom årets valkamp. Eg trur befolkinga er godt opplyste om at det er måndag 8. september som gjeld.

Maia Søe Paulsen er generalsekretær i FpU. Foto: FpU
Valdirektoratet: Ikkje forbode
Kjetil Johansen i Valdirektoratet skriv på e-post til Framtida.no at det ikkje er noko i vallova som forbyr dette.
– Det ser ut som dømet du viser til kjem frå ei satireside, men det kan bli attbrukt i andre kontekstar og føre til av velgarar får feil informasjon om når valdagen er, noko om naturlegvis er uheldig.
Han understrekar at dømet viser kor viktig det er å vere kritisk til informasjon ein blir servert i sosiale medium og andre stader, og viser til valg.no og Valdirektoratet som trygge kjelder.
– Og for ordens skuld: Valdagen er i dag, måndag 8. september, avsluttar han.