Kampen om vatnet
Når elvar kryssar landegrenser, oppstår det ofte usemje om korleis vassressursane skal fordelast, særleg i tørre regionar. Korleis kan ein hindre at vatn blir ei kjelde til krig?

Saka er ein del av NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?» og er gitt att med løyve.
- Er fordelinga av vatn i verda rettferdig?
- På kva måtar forverrar klimaendringar vassmangel?
- Korleis leiar vassmangel til konflikt?
- Kan samarbeid motverke vassrelaterte konfliktar?
Introduksjon
Jordkloden er dekt av hav på alle kantar, men så lite som 2,5 prosent av jordas vatn er ferskvatn. Menneske er avhengige av ferskvatn fordi saltvatn ikkje kan drikkast eller brukast til jordbruk utan kostbar avsalting, og fordi elvar er viktige for mange lands kraftproduksjon.
Men vatn kjenner ingen grenser. Mange elvar og innsjøar kryssar landegrenser og blir delte av fleire statar, noko som ofte fører til politiske spenningar. Konfliktar oppstår når land er usamde om fordelinga av vassressursane. Dette ser vi mest av i tørre område i Asia og Afrika sør for Sahara. Klimaendringane forverrar situasjonen, og i område med rask befolkningsvekst og dårleg vassforvaltning kan dette føre til alvorlege konfliktar, nokre gonger med vald som følgje.
I Sentral-Asia har slike konfliktar ført til minst 400 dødsfall sidan 1990. Sjølv om samarbeid om forvaltninga av felles vassressursar er avgjerande for å unngå slike konfliktar, finst det inga global avtale som regulerer korleis land skal dele vassressursar på tvers av grenser. For å hindre at vassmangel fører til internasjonale konfliktar, er det derfor viktig med tidleg samarbeid og tiltak for berekraftig vassforvaltning.
Ferskvatn er ein avgrensa ressurs
Fordelinga av jordas vesle ferskvassreserve er geografisk ujamn. Det meste – heile 69 prosent – er bunde i is og snø, medan 30 prosent er grunnvatn som finst under bakken. Berre ein liten del, 0,26 prosent, er tilgjengeleg i innsjøar og elvar, som utgjer dei viktigaste vasskjeldene for menneske.
Mange av dei største elvane i verda kryssar nasjonale grenser og dannar meir enn 250 nedbørsfelt. Eit nedbørsfelt er området rundt ei elv og sideelvar, der alt vatn frå regn, snø og smeltevatn frå isbrear samlast og renn ut i elva. I desse områda må oppstraumslanda – dei som ligg høgare opp langs elveløpet, der vatnet strøymer frå – dele vatn med nedstraumslanda, som ligg lenger nede og får vatnet. Dersom oppstraumslanda avleier for mykje vatn til jordbruk eller byggjer demningar for kraftproduksjon, kan det redusere vassmengda som når nedstraumslanda. Slike situasjonar skaper ofte politiske spenningar om fordelinga av vatn, særleg i takt med aukande etterspurnad.
Korleis vassressursane blir forvalta har derfor stor betydning. Vassforvaltning omfattar regulering og bruk av vassressursar gjennom dammar, vatning, vassreinsing og fordeling mellom sektorar og befolkningsgrupper. Dårleg forvaltning, kombinert med rask befolkningsvekst og eit høgt vassforbruk i jordbruket, forverrar problemet og fører til såkalla vasstress – ein situasjon der konkurransen om vatn aukar risikoen for konfliktar. Per 2023 er det dokumentert 1920 tilfelle der vatn har vore årsak til eller utløysande faktor for konfliktar, eller der vatn har vorte brukt som pressmiddel. I 1979 sa den tidlegare presidenten i Egypt, Anwar Sadat, at «den einaste saka som kan føre til krig i Egypt igjen, er vatn».
Når vassforsyninga ikkje dekkjer etterspurnaden, oppstår vassmangel. Å ha nok vatn er avgjerande for alle land, men vassmangel er spesielt ei tryggingsutfordring i land med tørt klima, som Egypt, der det i 2021 var berre 9000 liter ferskvatn per person. Til samanlikning har vi i Noreg 70,6 millionar liter ferskvatn per person, og på Island har dei heile 456 millionar liter per person.
Klimaendringane forverrar vassmangel
Klimaendringane forverrar vassmangelen på fleire måtar. Endringar i nedbørsmønster og sesongvariasjonar for elvevatn gjer vassforsyninga meir usikker og uføreseieleg. Alvorleg tørke og flaum skjer oftare, medan auka fordamping reduserer jordfukta, noko som igjen aukar behovet for vatning i jordbruket.
Dei fleste vassrelaterte konfliktane har oppstått i tørre område i Asia og Afrika sør for Sahara, der utviklingsland er mest sårbare for dei negative konsekvensane av klimaendringane. Heile 80 prosent av verdas fattigaste bur i område som slit med kronisk vassmangel. Sidan 2012 har talet slike konfliktar auka kraftig, og auka vasstress vil truleg føre til fleire internasjonale spenningar, særleg mellom land som deler grensekryssande elvar.
Regulering av grensekryssande elvar under internasjonal lov
FNs konvensjon om bruk av internasjonale vassdrag frå 1997 har fem viktige prinsipp som styrer forvaltninga av grensekryssande elvar: avgrensa territorial suverenitet, førebygging av skade, fredeleg tvisteløysing, rettferdig fordeling og historiske rettar. Konvensjonen tredde i kraft i 2014, men har hatt avgrensa effekt fordi berre 39 statar – hovudsakleg nedstraumsland – har ratifisert han, det vil seie forplikta seg til å etterleve avtalen. Ingen store oppstraumsland i tørre område, som Tyrkia, har slutta seg til avtalen. Dermed finst det ikkje ein internasjonal avtale med global tilslutning som regulerer korleis land skal dele vassressursar. I staden dominerer bilaterale og multilaterale avtalar – det vil seie avtaler inngått mellom to eller fleire statar – som ofte favoriserer dei sterkaste statane.
Vatn og konflikt i Sentral-Asia
Sentral-Asia er eit døme på ein region der vassmangel skaper politiske spenningar. Dei fem sentralasiatiske landa Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan har til saman ei befolkning på over 82 millionar menneske. Sjølv om regionen har tilstrekkelege vassressursar – med årlege fornybare vassressursar på over 3 millionar liter per innbyggjar – fører grensekryssande elvar, dårleg vassforvaltning og svakt samarbeid til vassmangel og politiske spenningar.
I eit forsøk på å unngå konfliktar har landa inngått 65 multilaterale og bilaterale avtalar om vassfordeling mellom 1991 og 2022, men med blanda hell. Regionen har unngått storskala militære samanstøytar om vassressursar, men har opplevd fleire mindre væpna konfliktar der vatn har vore ein viktig faktor. Sidan 1990 har det vore minst 27 vassrelaterte internasjonale tvistar i Sentral-Asia, der fjorten av desse har vore valdelege og resultert i minst 400 dødsfall totalt.
I tillegg til mangelfull vassforvaltning har regionen også låge nedbørsmengder og ei veksande befolkning. Samtidig førar klimaendringane til hyppigare ekstremvêr som flaum og tørke. Talet på miljøkatastrofar i Sentral-Asia har auka mykje dei siste åra (sjå Figur 1). Auka snøsmelting tidleg på våren og kraftige regnbyer i fjellområda om sommaren fører til at fløymer og jordskred rammar oftare ein før. Mellom 1992 og 2024 forårsaka vêrrelaterte katastrofar 2046 dødsfall i Tadsjikistan, 329 i Kirgisistan, 243 i Kasakhstan og 41 i Usbekistan.
Som om ikkje dette var nok, er også jordbruket i regionen avhengig av vatnet frå dei to grensekryssande elvane Amu Darya og Syr Darya. Desse har utspringet sitt i fjella i Kirgisistan og Tadsjikistan, og saman dannar dei nedbørsfeltet til Aralsjøen, som er ei viktig vasskjelde for heile regionen. Sårbarheita i slike situasjonar kjem tydeleg frami bygginga av Qosh Tepa-kanalen i Afghanistan. Når kanalen står ferdig, kan han potensielt leie bort opptil 60 prosent av vatnet frå Amu Darya. Dette kan få katastrofale konsekvensar for Usbekistan og Turkmenistan, som er spesielt avhengige av vatnet frå elva, men det vil også kunne true stabiliteten i heile regionen.
Samla teiknar dette eit bilete av ein region der vassbehovet vil halde fram med å auke, medan vasstilgangen er ustabil og manglande, noko som skaper bekymring for framtidas vassforsyning.
Konklusjon
Vi har sett på korleis klimaendringar, rask befolkningsvekst og aukande behov for mat og energi fører til vassmangel og konflikt, særleg i tørre delar av verda. Utan effektivt samarbeid kan vassmangelen blir verre, og konkurransen om vatn kan vekse og forverre eksisterande spenningar og dermed tru både regional og global stabilitet.
Med målretta tiltak som investering i vassparande teknologi og berekraftig jordbruk er det mogleg å sikre ei meir stabil og rettferdig fordeling av vassressursar. I ein situasjon som denne, der landa deler på vassressursane, er det nødvendig å samarbeide om å setje i verk dei nødvendige tiltaka – fordi utan effektivt samarbeid vil tiltaka ha avgrensa effekt. Internasjonalt samarbeid er derfor avgjerande for å avgrense vassmangel, hindre konfliktar, og for oppnå ei stabil og rettferdig fordeling av vassressursar.
Arbeidsoppgåver
Spørsmål til artikkelen:
- Kva er eit nedbørsfelt?
- Kva er vassforvaltning? Kan du finne nokon døme?
- Kva er forskjellen på eit oppstraumsland og eit nedstraumsland?
- Kven har mest makt i ein vasskonflikt – dei som ligg oppstraums eller nedstraums?
- Vurder denne påstanden: «Vatn bør behandlast som ein menneskerett – ikkje som ei vare.» Er du samd eller usamd? Grunngi svaret ditt.
- Undersøk det norske lovverket på lovdata.no – har Noreg slutta seg til FNs konvensjon om bruk av internasjonale vassdrag? Kvifor har ikkje alle land skrive under på FN-avtalen? Diskuter.
- Lag ein infografikk eller plakat som forklarer kva «vasstress» betyr og kvifor det er ei utfordring. Bruk døme. Skriv ein kort nyheitsartikkel frå år 2040: Kva skjer viss Qosh Tepa-kanalen blir ferdigstilt utan noka samarbeidsavtale med dei andre landa i regionen?