Fleire elevar melder inn mobbesaker – svært mange vinn fram

I første halvår av 2022 vart det meldt inn 886 mobbesaker til statsforvaltarane, ein auke på 16 prosent frå same periode i fjor, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av sakene som vart behandla våren 2022, fekk 93 prosent av elevane medhald i at aktivitetsplikta var broten, og at skulen ikkje hadde gjort nok for å førebyggje.

– Det bekymrar meg at fleire elevar opplever at skulen ikkje gjer nok for dei, men samtidig er eg glad for at fleire veit om meldeordninga og kontaktar statsforvaltaren. Ordninga er eit viktig sikringsnett når skulen ikkje gjer nok for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø.

Det seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Foto: Foto: Ilja C. Hendel/Regjeringa

– Må styrkje arbeidet og skulane

Av dei 886 sakene som vart melde inn til statsadvokatane, vart 321 av sakene avviste, viser ei oversikt frå Kunnskapsdepartementet. Det svarer til over 36 prosent.

Årsaka kan vere at eleven og foreldra enno ikkje hadde teke opp saka med rektor, eller at eleven hadde slutta på skulen det gjaldt.

519 saker vart behandla, og berre i 37 saker vart det fastslått at aktivitetsplikta vart oppfylt hos skulane. Det var også store forskjellar mellom fylka.

– Elevar som opplever mobbing, skal merke at skulen tek dette på alvor. Desse tala viser at vi må styrkje arbeidet mot mobbing, og sørgje for at skulane blir betre i stand til å førebyggje før sakene blir store og vanskelege, seier kunnskapsministeren.

Varslar fleire grep

Sidan 2017 har elevar i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule kunna meldt inn saker om mobbing og andre krenkingar til statsforvaltaren når dei opplever at skulen ikkje gjer nok for at dei skal ha det trygt og godt.

Regjeringa har varsla fleire grep for å førebyggje mobbing, blant dei forslag til ny opplæringslov med justeringar i regelverket mot mobbing neste vår. I tillegg er regjeringa i gang med ei stortingsmelding for 5.–10. trinn for å undersøkje og forbetre skulemiljøet til elevane.

– Vi gir no Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vurdere kva slags kompetanse skulane, men også barnehagane, treng for å bli betre til å førebyggje og stoppe mobbing. Då ønskjer vi også å sjå nærare på dei sakene der eleven har fått medhald av statsforvaltaren, for å sjå kva vi kan bli betre på, seier Brenna.


Jane-Victorius G. Bonsaksen er leiar i Skeiv Ungdom. Foto: Skeiv Ungdom v/ Martine Haugland