Flest elevar blir mobba på 5. til 7. trinn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I alt 6 prosent av elevane i landet seier at dei har vorte mobba på skulen to til tre gonger i månaden eller oftare. Det er på same nivå som i 2020 og 2019.

– Sjølv om utviklinga er stabil, er det heilt uakseptabelt at mobbinga er så utbreidd, særleg på 5. til 7. trinn. For desse årstrinna er tala aukande og altfor høge, og det bekymrar meg. Dette må vi ta tak i, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Brenna seier ho har bede Utdanningsdirektoratet om meir kunnskap om tala, korleis skulane jobbar konkret med mobbing, og om skulane har dei verktøya dei treng.

Talet på elevar som melder om mobbing frå ein medelev, er høgast på 5. trinn med 10,5 prosent og går ned til 2,4 prosent på VG3.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Pandemi tema i undersøkinga

Den årlege undersøkinga frå Utdanningsdirektoratet er gjennomført blant 442.500 elevar frå 5. trinn til siste år på vidaregåande skule. Det er det lågaste talet på svar sidan 2017. Årsaka er truleg fråvær i samband med covid-19.

Nettopp innverknaden koronapandemien har på skulekvardagen er eit av spørsmåla som blir målte i undersøkinga.

Flest elevar i Oslo (68 prosent) seier seg ramma av pandemien, medan færrast vart ramma i Rogaland (57 prosent). Det er elevane på vidaregåande skule som svarer at dei er mest påverka av restriksjonane pandemien førte med seg.

– Vi veit at det har vore store forskjellar mellom ulike stader i landet når det gjeld smitte og tiltaksbyrde, seier Brenna.

Motivasjonen går ned

Sidan 2016 har Elevundersøkinga vist ein nedgang i trivsel og motivasjon på 7. trinn, og denne nedgangen held fram.

– Eg er bekymra for at motivasjon og trivsel går ned. Desse problema må vi ta tak i før dei blir til større utfordringar seinare i utdanningsløpet, seier Brenna.

Ho viser til at regjeringa tidlegare har varsla ei ungdomsskulesatsing og at ein innsats retta mot ungdom bør inkludere både mellomtrinn, ungdomstrinn og overgangane i skuleløpet.

– Dette er noko av det viktigaste eg skal ta fatt på framover, lovar kunnskapsministeren.

Organisasjonar krev auka førebyggingsarbeid

Resultata frå årets elevundersøking viser at barn og unge si psykiske helse må prioriterast endå meir, meiner UngSOS og Mental Helse Ungdom.

Organisasjonane peikar på lange køar for å få psykisk helsehjelp, og at 1 av 5 unge som blir viste til psykisk helsevern, får avslag.

Mental Helse Ungdom meiner alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule skal ha minst éin konsultasjon kvart år med skulehelsetenesta.

– Med ein obligatorisk samtale vil det i større grad vere mogleg å avdekkje problem hos kvar enkelt elev, seier assisterande generalsekretær Aida Tesfai i Mental Helse Ungdom.

Redd Barna meiner Elevundersøkinga avdekkjer at skulane ikkje i tilstrekkeleg grad følgjer opp plikta dei har til å handle raskt og rett når ein elev ikkje kjenner seg trygg, og etterlyser barnevennlege klageordningar.


Henrik E. Hatlevik er 18. Stortingskandidat for Høgre i Hordaland valkrins. Foto: Privat

Fakta om elevundersøkinga

  • Årleg spørjeundersøking der elevar frå 5. trinn til siste år på vidaregåande skule seier si meining om forhold som er viktige for læring og trivsel i skulen.
  • Gir lærarar og skuleeigarar informasjon om korleis elevane opplever skulekvardagen.
  • Obligatorisk for 7. trinn, 10. trinn og vg1. Frivillig for andre trinn frå og med 5. trinn.
  • Om lag 442.500 elevar svarte på undersøkinga hausten 2021.
  • Dei fleste elevane melder om gode læringsmiljø med støtte frå lærarar, og at dei opplever faglege utfordringar og meistring.
  • Undersøkinga viser òg at 5,9 prosent av elevane rapporterer om at dei har vorte mobba på skulen 2–3 gonger i månaden eller oftare. Det er omtrent det same som i 2020 (5,8 prosent) og 2019 (6,0 prosent).
  • Elevane i 5. til 7. trinn opplever mest mobbing. Andelen fordeler seg slik (prosent i parentes): 5. trinn (10,5 prosent), 6. trinn (9,1), 7. trinn (7,8), 8. trinn (6,0), 9. trinn (6,1), 10. trinn (5,3), VG1 (3,0), VG2 (3,0), VG3 (2,4).