«Tenk på dette, neste gong du høyrer homo bli brukt som skjellsord»

Jane-Victorius G. Bonsaksen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg ønskjer meg meir forsking på levekåra til unge skeive. SSB sleppte ein levekårsrapport 18. februar. Han tek for seg tal kring arbeid, helse og økonomi – som alle heng tett saman. I rapporten kjem det fram at skeive slit, og særleg bifile og andre skeive som ikkje er lesbiske eller homofile.

Det er eit faktum, som me ser gjentekne gonger i undersøkingar, at skeive har det dårlegare enn heterofile. Det er fleire grunnar til at det kan vere slik, noko SSB tek opp.

Minoritetsstress er ein faktor – det er ei reell påkjenning å bryte med normer rundt seksualitet. Små kommentarar påverkar ein annleis når dei kjem frå alle kantar.

Frå rapporten Skeiv på bygda ser me at skeive ofte kjenner på utanforskap når dei lever i små miljø. Mange skeive flyttar til byane for å finne tilhøyrsle til eit miljø, meg sjølv inkludert.

Mobbing

Knytt tett opp mot minoritetsstress finn me òg mobbing. The Trevor Project sleppte ein rapport om skeive elevar i oktober 2021. Han seier blant anna at kring ein av to skeive elevarmiddle school (11 – 14 år) og high school (14-18 år) har vore utsette for mobbing.

Transpersonar er meir utsette for mobbing enn ciskjønna, skeive elevar, då nesten to av tre transpersonar har vore utsette for mobbing, medan rett under ein av to ciskjønna, skeive elevar har vore utsette for mobbing.

Dette er ekstremt høge tal, og noko me må vite meir om.

Diskriminering på studiestaden

Eg leita, og fann ut at me ikkje har norsk forsking om mobbing av skeive i skulen. Me manglar detaljerte rapportar på grunnlag for mobbing i norske skular, så me kan berre spekulere i om det er likt her i Noreg.

Det næraste me kjem tal på dette er frå levekårsundersøkinga frå 2021, som seier at ein av tre bifile menn, og kring ein av to transpersonar, har møtt diskriminering frå lærar eller medstudent på studiestaden sin.

Undersøkinga stadfestar og at om lag ein av to transpersonar og om lag ein av tre skeive cispersonar har opplevd negative kommentarar, oppførsel eller haldningar til LHBT-personar.

Tenk på det, neste gong du høyrer homo bli brukt som skjellsord.

Me treng meir forsking på levekåra til unge skeive

Me i Skeiv Ungdom ønskjer oss meir forsking på unge, skeive sine levekår.

Me treng konkret forsking på grunnlaget for mobbing, så me kan utarbeide regelverk som er betre tilpassa interseksjonelle problemstillingar.

Me må vite meir om korleis unge skeive personar har det, for det me veit er at yngre skeive slit meir, både med helse, arbeid og økonomi.

Me må ha meir kunnskap, så me målretta kan jobbe for eit samfunn som tek betre vare på dei av oss som er skeive.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg eller ta kontakt på tips(a)framtida.no! 


Emilie Nancy Eiken. Foto: Birgitte Vågnes Bakken