Rapport: 2025 var eit godt år for førstegongskjøparar
2025 ser ut til å bli det sterkaste året nokosinne for førstegongskjøparar i bustadmarknaden, men framover ser det mørkare ut.
Totalt 13.522 nordmenn kjøpte sin første bustad i tredje kvartal i år, ifølgje ein rapport frå Norges Eiendomsmeglerforbund, Ambita og Samfunnsøkonomisk Analyse, skriv Dagens Næringsliv.
Dei er ein liten nedgang på landsbasis samanlikna med same periode i fjor. Allereie før tala for fjerde kvartal er klare, er 2025 på god veg til å bli det sterkaste året målt for førstegongskjøparar nokosinne. Dette kjem av reallønnsvekst, forventningar om lågare renter og lette i eigenkapitalkrava, ifølgje Samfunnsøkonomisk analyse.
– Ser me i bakspegelen, har det vore eit godt år for førstegongskjøparar, spesielt om dei har foreldrehjelp. Men framover ser det mykje mørkare ut, seier Carl O. Geving, administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund.
Samfunnsøkonomisk analyse anslår ein samla bustadprisvekst på rundt 20 prosent nasjonalt og 25 prosent i hovudstaden dei neste tre åra. Geving peikar på kollapsen i bustadbygginga som årsak til den venta prisstigninga.
– Det er ei legitim forventning om at prisane vil stiga mykje og det spring ut av byggjekrisa me har sett over lang tid, seier han.






