Japan vil at unge skal drikke meir alkohol

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den japanske regjeringa lanserer konkurransen Sake Viva!, driven av den nasjonale Skatteetaten.

Målet er å oppmuntre til meir alkoholforbruk blant unge mellom 20 og 39 år, for å auke skatteinntektene.

Nedgang etter covid

Alkohol er ein historisk og lang tradisjon i arbeidslivet i Japan, men dei siste åra har alkoholbruken stupt.

Færre blir fødd, folk blir eldre og yngre drikk mindre. I tillegg har koronapandemien påverka tala:

Ifølgje Japan Times utgjorde brennevinsskattar om lag 2 prosent av landets totale skatteinntekter i 2020. Dette er allereie ein nedgang på 13 prosent frå 2016.

– Å jobbe heimanfrå vart meir vanleg under covid-19 og mange spør seg om dei må halde fram med tradisjonen med å drikke med kollegaar for å betre kommunikasjonen, sa ein tilsett i Skatteetaten til Japan Times.

Dei fryktar konsekvensane for skatteinntektene dersom denne haldninga blir verande.

Skjermdump frå konkurransenettsida.

Sal gjennom kunstig intelligens?

For å delta i konkurransen må ein sende inn idéar til korleis ein kan auke alkoholsalet av japanske drikkevarer. Nye tenester, promoteringsmetodar for å auke etterspurnaden blant unge, forslag til produkt og design basert på nye livsstilar og endringar i smak etter koronapandemien, og korleis ein kan selje ved bruk av kunstig intelligens eller Metaverse.

Fristen for å delta i konkurransen er 9. september og finalistane blir invitert til å bli med på ein seremoni i Tokyo 10. november. Skatteetaten har sagt dei vil hjelpe med å kommersialisere planane til vinnaren.

Ifølgje nettsida er det ingen restriksjonar på kva land deltakaren bur i, så om du har ein strålande forretningsplan er det berre å slenge seg med! Du må vel å merke sende inn alt på japansk og halde ein presentasjon på japansk dersom du kjem til siste runde.

Obs: I Noreg er alkoholreklame ulovleg, og styresmaktene her jobbar heller for at unge skal drikke mindre


Alexander Harald Sandtorv. Foto: Bente Kjøllesdal