Helene (17): – Eg føler meg ikkje ferdig med seterlivet!

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I snart 30 år har Grønt Spatak sendt ungdommar kringom heile landet for å jobbe frivillig på gard. Formålet er å skape møteplassar for miljørørsla og landbruket. Prosjektet Grønt Spatak inviterer nemleg dei mellom 16 og 30 år til å ta del i det norske landbruket og jobbe frivillig på ein gard, seter eller beitetilsyn i ti dagar.

– Vise verdien av norsk jordbruk til unge

Magnus Flåten Nickelsen trur moglegheiter som Grønt Spatak er viktige for å få fleire til å vurdere primærnæringane. Foto Frida Myklebust Amdahl

Sidan 1993 har Natur og Ungdom og Norsk Bonde- og Småbrukarlag samarbeidd om å sende fleire titals ungdommar ut for å prøve seg på alt det ein kvardag som bonde kan innebere.

Magnus Flåten Nickelsen er koordinator for Grønt Spatak, og fortel at prosjektet tok til som ein reaksjon på EU-debatten i Noreg på 1990-talet.

– Det var eit behov for å vise verdien av norsk jordbruk til unge, og har etter kvart blitt ein god måte å skape møteplassar mellom miljørørsla og landbruk, fortel han.

Han fortel at dei ikkje ønskjer å sende den mest hardbarka veganaren til ein kjøttgard, men at det er viktig å syne samanhengen mellom miljøvern og naturbruk. Det er også ei fin moglegheit for bonden å møte reflekterte folk som kan ta ein diskusjon.

– Natur og Ungdom jobbar med fleire saker som støttar det norske landbruket, som sjølvforsyning, auka kornprisar og å stimulere til bruk av gras. Dette er tema som ikkje er intuitivt for byfolk at kan ha samanheng med klimaet, seier Nickelsen.

Ein må ut å oppleve for å lære

Helene Sofie Smit. Foto: Paula Jee Ullaland / NPK

Helene Sofie Smit har vore med på Grønt Spatak to gonger. I fjor jobba Smit på ei seter i Rauland, medan i år var ho på ein gard utanfor Molde. Ho hadde ikkje noko særleg erfaring med gardsarbeid frå før.

– Det var to ganske ulike opplevingar. Arbeidet på garden var litt mindre rutineprega enn på setra. I sommar har eg vore med på alt frå bygging av hønsehus til å delta i slåtten.

Seterlivet gav meirsmak for Smit, som òg har jobba som avløysar på setra i Rauland.

– Gjennom arbeidet som avløysar og i fjor på Grønt Spatak har eg lært handverk eg ikkje ville lært i byen, som å separere mjølk og lage tradisjonsost. Nokre ting kan ein ikkje lese seg opp på, men ein må ut og oppleve det for å lære.

Smit skulle ønskjer at det var eit liknande opplegg på skulane. Ho synest opphaldet på garden og setra har gjort ho meir medviten om kor maten kjem frå.

Weronika Margol seier det var ein bratt læringskurve å delta i Grønt Spatak. Foto: Privat

Weronika Margol hadde heller ikkje erfaring med gardsarbeid frå tidlegare, og fortel at Grønt Spatak vart ei bratt læringskurve for ho. I fjorten dagar jobba Margol på ei seter eit lite stykke nord for Røros.

– Men eg lærer fort, så det gjekk fint. Det var veldig forfriskande å vere på ei seter langt til fjells og møte ein litt anna kultur enn det ein ser til vanleg, fortel ho.

Det er fin kunnskap å ta med seg vidare i livet, meiner Margol.

– Eg vil absolutt anbefale Grønt Spatak til andre som vurderer det, seier ho.

– Det er kanskje litt idealistisk

Henrik Madsen har delteke på Grønt Spatak fleire gonger. Han synest det er eit fint avbrekk frå studiar og jobb. Foto: Henrik Madsen

Henrik Madsen er ein erfaren Spatak-deltakar, og har vore med av og på i ti år. I år brukar han ein del av sommaren sin på garden til bonde Sondre Andre Hansen i Leirfjord i Nordland.

For Madsen er opphaldet eit fint avbrekk frå kvardagar og byferie.

– Til vanleg studerer eg og jobbar som BPA, medan i Grønt Spatak får eg gjere noko som korkje er jobb eller studiar, ser nye delar av landet og brukar hendene ute i naturen, seier han.

Sjølv om han har vore med fleire gonger, trur ikkje Madsen at han vil satse fullt på landbruk.

– Det er kanskje litt idealistisk. Om eg skulle ha vore bonde på heiltid trur eg at eg ville møtt realiteten raskt. I 2020 var eg med på ein kalvefødsel som ikkje gjekk som han skulle. Dagen vart mykje lengre og tyngre enn planlagt, men det var ikkje akkurat mogleg å ta fri dagen etter, seier Madsen.

Sondre Andre Hansen er ein av bøndene som er med på Grønt Spatak. Her på garden i Leirfjord i Nordland. Foto: Henrik Madsen

– Dæven du veit mykje

Bonde Sondre Andre Hansen kan fortelje at dette er tredje gongen han er med på Grønt Spatak, og seier at motivasjonen for å delta er å kunne møte andre folk og gi eit reelt bilete av landbruket. I dei åra han har delteke så har det vore veldig varierte opplevingar, men mange får ofte noko nytt å tenkje på etter å ha vore med.

– Eg har fått høyre at «dæven du veit mykje». Dei var overraska over kor mykje ein faktisk må kunne for å drive som bonde. Landbruk krev mykje og variert kunnskap, seier bonden.

Han meiner opphaldet på Grønt Spatak blir det du gjer det til.

– Har du lyst til å lære, så kan du lære det meste, men det er opp til kvar enkelt. Ein gong hadde eg ei gruppe som tok fjøsen heilt aleine sjølv om dei ikkje var spesielt erfarne før dei kom hit.

Lågterskeltilbod for unge

Bonden seier han har hatt ungdommar med svært ulike bakgrunnar og erfaringsgrunnlag, men at dei aller fleste har funne noko dei likar. Om ein er interessert i ny teknologi er det mykje av dette i landbruket. Om ein trivst med å lage mat så har ein moglegheit til å lære om produksjonen bak.

Grønt Spatak skal vere ei gjensidig moglegheit så både bonden og ungdommane får utbytte.

– Det er eit lågterskeltilbod for unge som vil lære meir om landbruk, seier Nickelsen.

Han trur slike tilbod er viktige for å få fleire til å vurdere primærnæringane, og at initiativet kan nå ut til ei anna gruppe enn dei som vanlegvis er interesserte. Slik som Smit, har fleire deltakarar i Grønt Spatak enda opp som avløysarar i åra etterpå.

– Eg føler meg ikkje ferdig med seterlivet! Ein av dei viktigaste innsiktene eg fekk under opphaldet var perspektivet på kva som er berekraftig mat. Og korleis mange bønder glir inn i eit økosystem og samhandlar med resten av kjeda. Det er veldig fint og noko å hegne om, seier Smit.

Eirik Nå Aga er siderbonde i Hardanger. Foto: Øystein Grutle Haara