Adine (16) har odel på familiegarden: – Om eg skal bli bonde i framtida, må regjeringa ta tak

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fleste unge tenkjer nok at landbruket må endra seg dersom det skal bli aktuelt. Det gjer eg også, seier Adine Neslund Øverland (16).

Saman med foreldra sine og søskena Anna (9) og Ola (12), bur ho på ein gard i Alvdal. Familen har sauer, kyr, poteter og driv også med vedproduksjon – og snart får dei sin tredje hund.

Akkurat no er det spesielt travelt på garden, då dei er midt i prosessen med å ønska alle dei nye lamma velkommen til verda.

Adine bur på garden saman med foreldra, søskena Anna og Ola, tre hundar, kyr og sauer. Foto: Privat

– Me har 140 sauer og så langt har me fått 250 lam. Normalt sett pleier det å ligga på totalt 300 stykk når lamminga er ferdig.

Adine fortel at ho ofte får spørsmål om ho ser for seg å ta over garden i framtida.

– Eg har jo odel, så eg kan ta over garden. Det kan vera at eg vil det, men eg veit ikkje heilt enno. Det avhenger av fleire faktorar, og den største faktoren er korleis bonden blir behandla i samfunnet.

– Er blitt eit skjellsord

Ola synest at noko av det beste med bu på gard, er å kunna køyra traktor. I motsetnad til støresøster, er han klar på at han ein dag vil jobba som bonde.

Men bonde-tittelen er det ikkje alle som er like begeistra over. Adine fortel at det er mange som blir dømt for å ha det som yrke.

– Å vera bonde er jo faktisk blitt eit skjellsord i fleire samanhengar. Dei som for eksempel kjem frå byen, ser på bøndene som mindreverdige. Eg seier ikkje at alle gjer det, men mange gjer faktisk det. Eg trur mange ville snudd den negative tankegangen om bonde-yrket, og heller sett på det som om at me er heldige, om dei hadde fått oppleva å bu på ein gard, seier ho og legg til:

– Me har jo vakse opp på ein stor leikeplass.

Der er veslesøster Anna enig.

– Me er mykje heldigare enn dei som bur i blokk.

Her er nokre av dei nye innbyggjarane på garden i år. Foto: Privat

Regjeringa må ta tak

Adine reagerer også på korleis den norske bonden blir behandla av staten. Den siste tida har det vore mykje snakk om det såkalla «bondeopprøret». Adine fortel at i hovedsak går ut på at bonden ikkje føler seg sett, etter at tilbodet frå staten i jordbruksoppgjeret var langt mindre enn dei hadde forventa.

– Bonden i dag blir behandla respektlaust, dette pregar også mitt syn på det å vera bonde. Om eg skal bli bonde i framtida, må regjeringa ta tak. Dei må starta med å løfta den norske bonden opp i lyset, seier ho og legg til:

– Eg trur nok ikkje at dette blir den siste gongen staten skuffar den norske bonden. Dette pregar også mi framtid som ein eventuell bonde.

Adine fortel at ho synest det er synd at mange har fordommar mot det å vera bonde, og at det blir brukt som skjellsord i fleire samanhengar. – «Jævla bonde» og «kjem du frå bygda så er du ein bonde-knøl«», er nok eit syn som me aldri får endra på.

Lærar eller bonde?

Sidan Adine er usikker på om bondelivet er det rette for ho i framtida, har ho tatt eit trygt val når det gjeld utdanning. No går ho på Storsteigen vidaregåande skule, som er ein landbruksskule. Valet fall på nettopp denne skulen, då ho etter tre eller fire år har alle vegar og moglegheiter opne.

– Eg kan bli både bonde og lærar. Det er godt å vita at eg har fleire valmoglegheiter. Viss eg skal ta over odelen, er det uansett ikkje før om sikkert 20 år.

– Ho har jo så unge foreldre, skundar mora seg med å skyta inn saman med eit stort smil.

Adine er glad for at dette ikkje er eit val ho treng å ta no og at det ikkje er noko press om å bestemma seg for kva ho vil.

– Valet er 100 prosent frivillig, og det er lenge til valet skal takast. Hadde eg blitt pressa til å ta over garden, hadde eg i alle fall ikkje gjort det. Men tida vil vise, seier ho.

Dei tre søskena fortel at det er mykje bra med å bu på ein gard, som kanskje ikkje alle tenkjer over.

Har lært mykje om seg sjølv

– Me har stor plass å boltra oss på, og det er alltid mykje å gjera, seier Adine.

Adine, Anna og Ola hjelper til med å få sauene til fjells, henta dei når dei skal heim att, gi mjølk til kopplamma og andre kvardagslege gjeremål på garden.

Dei får god hjelp frå dei to border colliane på garden.

– Dei hjelper oss å sanka inn sauene. Til og med han som er yngst, byrjar å bli skikkelig god. Det er kult, seier Ola.

Sauesank: Når sauene har vore på fjellet om sommaren, må heile familien stilla opp for å henta dei heim. Her er Ola på sauesank.

Evige utfordringar og ingen dagar som er like, har gjort at Adine og resten av familien har lært mykje om seg sjølv opp gjennom åra.

– Me prøver og feilar – og slik lærer me. Tøylene på ein gard er mykje friare enn om me hadde budd ein anna plass, seier ho.

Adine fortel at ho mest truleg tek turen ut av bygda ei stund, før ho returnerer når ho føler for det. For akkurat det er sikkert – det er i Alvdal ho skal enda opp.

– Kanskje eg finner meg ein kjærast som vil ta over garden med meg, eller så byggjer eg meg hus i Alvdal. Ungane mine skal få den same trygge, fine oppveksten som eg har hatt i denne flotte bygda.


Helene Ouff fyller drivstoff på russebilen. Frå venstre: Helene Ouff kjem frå ammekugard på Hurum), Kristin Nordbø Engvik kjem frå mjølkebruk på Averøya, Helene Bossum kjem frå Onsøy/Fredrikstad og er , avløysar i grisefjøs og Susanne Røed Gromstad frå Nykirke/Vestfold er avløysar i grisefjøs. Solveig Therese Stenseth frå Moss var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Privat