Yrket mitt: Eirik (32) er siderbonde – ønsker å føre tradisjonen vidare

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sidermiljøet i Hardanger er eit veldig godt miljø som hjelper «konkurrentane» sine. Alle tener på at naboen gjer det bra, skriv Eirik Nå Aga (32) til Framtida.no på e-post.

Han er siderbonde i Store Naa Siderkompani AS, som held til på garden Store Nå i Hardanger.

– Det beste med jobben er fridomen til å skape den framtida eg sjølv ønsker, og ha ein arbeidsplass som det er 100 prosent opp til meg å lukkast med eller ikkje, skriv Aga.

60.000 liter

Aga er odelsgut til garden, og det har alltid lege i korta at han skulle ta over drifta. Men det var likevel ikkje nokon sjølvfølge. Og Aga hadde eitt spesielt ønske for at han skulle ta over.

– Eg sa til foreldra mine at om eg skulle drive garden i framtida, ønskte eg at vi skulle byrje med siderproduksjon.

Då byrja dei å teste ut ulike blandingar, gjærkulturar og smakar, og enda opp med sideren «57/2», som er det gamle gards- og bruksnummeret til garden. I 2018 vart Store Naa Siderkompani lansert, og no produserer garden 60.000 liter sider i året.

– Det er ganske utruleg at vi har komme opp i ein så stor produksjon på fire år! skriv han.

Steller med hagen

Arbeidsdagen varierer frå årstid til årstid. Dagen går med til det som må ordnast på garden, anten det er i frukthagen eller i sideriet, skriv Aga, som både må ha fruktdyrking og siderbrygging i tankane.

Fruktbonden må skjere til epletrea om vinteren, sjå til bier og epleblomar om våren, tynne trea og stelle med hagen om sommaren.

Så kjem eplehausten. Då skal ein hauste alle epla som ein har passa på gjennom året.

– Slik går tida, år etter år, skriv Aga.

Uføreseieleg

Som siderbonde er jobben å presse epla, få eplemosten på tank og passe på at sideren smakar godt. Deretter skal sideren filtrerast og lagrast, før han vert tappa på flaske.

Om sommaren vert garden opna for publikum, ein deltek på festivalar og har møte med Vinmonopolet og andre kundar.

– Som siderbonde vert dagen aldri slik du har planlagt, skriv Aga.

– Frukt i verdsklasse

Det var viktig for Aga å kunne sikre drifta på garden, og livnære seg på noko som gav gode resultat.

– I bratte bråt i Hardanger må innovasjon og nytenking til for å nytte dei få areala vi har tilgjengeleg. Og så produserer vi frukt i verdsklasse. Det er ein tradisjon som eg ønsker å vidareføre! skriv han.

Han kallar siderproduksjonen den dyraste hobbyen han nokon gong har hatt. Det har gått mykje personleg økonomi inn i firmaet.

– Men det er også den kjekkaste «hobbyen» eg har hatt. Det er veldig givande å kunne produsere noko som eg elskar, og som folk ønsker og set pris på, skriv han.

Resultatet har gått over forventingane, og etterspurnaden etter sider frå Store Naa, er no vorten større enn produksjonen.

– Det er veldig hyggeleg, skriv han.

Deler erfaringar

Aga studerte kjemi og prosessteknologi i Bergen. Der lærte han om kjemien som skjer under fermenteringa, og erfaringane frå studiet har komme godt med.

Elles har han lært mykje frå faren sin, onklar og andre siderprodusentar som gladleg har delt erfaringane sine. Han legg vekt på at samarbeidet mellom produsentane i Hardanger kring metodar, utstyr og prosessar, hjelper alle med å verte betre.

– Men sjølvsagt er det også yrkeshemmelegheiter som ikkje vert avslørte, skriv han.

Det som har vore mest utfordrande, er å handtere business-aspektet. Aga fortel at det er mange fallgruver å må navigere rundt, som ein gjerne ikkje har tenkt på tidlegare.

– Siderproduksjon krev ein stor gründertankegang for å lukkast. Ein må satse og ha tru på produktet ein lanserer, skriv han.

Eirik Nå Aga har bruk for kunnskap frå både universitetet og røynde bønder i siderproduksjonen. Foto: Øystein Grutle Haara

Høg arbeidsmengd

Aga meiner at yrket passar for gründerspirer, men ein kan også få jobb som sidermakar i eit eksisterande firma, på lik line med ølbryggarar i eit ølfirma. Då må ein ha god kunnskap om fermenteringsprosessane.

Elles kan ein utdanne seg til pommelier, som er ein sommelier (vinkelner), som er ekspert på smakar og karakterar i sider.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ein siderprodusent har ein hektisk kvardag og mykje arbeid. Så du må tole høg arbeidsmengd. Men gleda i å skape noko folk ønsker, gjer arbeidsmengda verd strevet. Ta til deg erfaringar frå andre, søk etter kunnskap i miljøet, men også andre område. Les, studer, ta kurs. Men ingenting slår praktisk arbeid. Start i det små, prøv deg fram og sett ditt stempel på sideren du vil lage.

Tømte lageret

Koronatida vart spesiell for Store Naa Siderkompani.

– Året går, om det er korona eller ikkje. Frukttrea ventar ikkje på vaksinen. Vi vart meir isolerte, men kompaniet har vore samla og hatt det bra i lag, fortel Aga.

Siderkompaniet lanserte også sideren på Vinmonopolet under pandemien. Avtalen vart signert i februar 2020, men i mars sa importøren at planen måtte skrotast. Kompaniet stod imot.

– Vi pusha på for å få det gjennom, og sideren vart lansert på Vinmonopolet i mai 2020. 8 dagar seinare ringde importøren for å bestille meir. Då var alt tomt på lageret, fortel Aga.

No er to av produkta til Store Naa inne på topp 20-lista over dei mest selde sidrane på Vinmonopolet.

Draumen til Aga er at siderproduksjonen er ein sikker leveveg, slik at drifta på garden vert vidareført til neste generasjon.


Mina Farmen Bertheussen/@damaikrana. Foto: Privat